|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 151
Saksmappe: 07/00341-8
Sakshandsamar: Helge Svensvik Dato: 23.10.2007 |
Drifts og
investeringsbudsjettet 2007 - revisjon ved 3. kvartal.
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
29.10.07 |
|
|
074/07 |
Driftsutvalet |
31.10.07 |
|
074/07 |
Kommunestyret |
08.11.07 |
Utsendte saksdokument:
Framlegg til revisjon av drifts- og investeringsbudsjettet ved 3. kvartal 2007.
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Kommunestyret vedtek endringane i årsbudsjettet slik dei går fram av vedlegget.
2. Kommunestyret løyver 200 000 kr til bygningsmessig standardauke ved tannklinikken i Valldal. Løyvinga blir teke frå ansvar 6114 Industribygg i Djupøyna som blir redusert med tilsvarande beløp.
3. Avsetjinga til kjøp av aksjar i Helsehuset blir auka frå 2,5 mill kr til 5 mill kr.
Handsaming i Kommunestyret 08.11.2007:
Audun Skjervøy, Nl kom med slikt forslag til eit nytt pkt. 4:
Administrasjonen vurderer alternativ til å løyse inn ansvarleg lån i Tafjord Kraft AS for å finansiere tidlegare vedtak knytte til utviklinga på Murigrandane, jf. pkt. 10 i kommunestyrevedtaket 16. februar 2006, og fremjar dette som eiga sak for dei politiske organa.
Arne Sandnes, Sp foreslo at forslaget frå Audun Skjervøy vert gjort om til oversendingforslag til formannskapet.
Audun Skjervøy, Nl trakk sitt tilleggsforslag og slutta seg til Arne Sandnes sitt forslag.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga og med Arne Sandnes sitt forslag.
I samband med kvartalsmelding er det behov for å revidere årsbudsjetta for 2007.
Hovedoversyn:
|
|
Drift, |
Rekneskap |
Buds(end) |
|
|
|
samandrag hovedansvarsområda, netto |
per 30. sept |
2 007 |
Endring |
|
1 |
Sentrale styringsorg,
fellesutg. |
7 898 430 |
9 886 485 |
463 000 |
|
2 |
Skule,barneh.kultur,bibl.,kyrkja |
21 646 046 |
31 885 505 |
488 600 |
|
3 |
Helse, sosial og omsorg |
30 505 925 |
43 467 900 |
983 000 |
|
4 |
Tekniske tenester -FDV |
3 830 845 |
4 490 600 |
-58 000 |
|
5 |
Tekniske tenester
-PBO,Brann |
1 706 866 |
2 865 500 |
37 000 |
|
6 |
Næring,naturforvaltning |
940 197 |
2 504 600 |
35 000 |
|
|
= Sum netto driftsutg.
ex. finans |
66 528 309 |
95 100 590 |
|
|
8 |
- Skattar og
rammetilskot m.m. |
-81 674 200 |
-106 644 000 |
-2 868 000 |
|
|
= Brutto driftsresultat |
-15 145 891 |
-11 543 410 |
|
|
9 |
- Renter, avdrag m m |
1 849 718 |
11 543 410 |
1 548 000 |
Oversynet viser at kommunen sine utgifter aukar med 3,5 mill kr medan auke i inntekter utgjer 2,9 mill. Konsekvensen av denne revisjonen er såleis ei netto auke på 0,6 mill kr.
Frå inntektsauken blir særleg auke i rammetilskotet (1,36 mill) nemnt. Vidare at innbetalt premieavvik i fjor (1,5 mill) blir inntektsført i år. Auken i utgifter er særleg auke i reguleringspremie (1,8 mill kr). Vidare er konsekvensane av lønsoppgjera er fordelt, det er gått gjennom artane og underdekte artar er retta opp. Overføringa frå driftsrekneskapen til investeringar blir auka med 0,83 mill slik at alle vedtak no er dekt inn. Rekna overdekking per 31.12. blir no sett til 5,4 mill kr.
Det blir ikkje gjort framlegg til endringar i investeringsbudsjettet, ut over at det blir innstilt å løyve pengar til nødvendig istandsetjing av tannklinikken i Valldal.
Overståande emne er alle oppfølgingar av tidlegare vedtekne og kjente prinsippsaker i kommunestyret. Eg gir derfor berre denne tilleggsvurderinga:
Kommunestyret har vedteke å finansiere aksjekjøp i Storfjord Helsesenter ved å krevje lån innfridd frå Tafjord Kraft. Imidlertid opnar no både framdrifta av etablering og betring i kommuneøkonomien for anna finansiering som er meir fordelsaktig. Det er velkjent at lånet i Tafjord Kraft gir høge renteinntekter, og at ein derfor bør leite etter annan finansiering først. Det er rom i budsjettet for at inntil 5 mill kan betalast frå driftsinntekter. Det vil oppretthalde nemnte renteinntekt.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|