|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 151
Saksmappe: 07/00341-7
Sakshandsamar: Helge Svensvik Dato: 22.10.2007 |
Økonomirapport etter 3.
kvartal 2007
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
29.10.07 |
|
|
073/07 |
Driftsutvalet |
31.10.07 |
|
073/07 |
Kommunestyret |
08.11.07 |
Utsendte saksdokument:
Hovudoversyn budsjett – rekneskap per 30. september
Kvartalsrapportar frå verksemdene
Ikkje utsendte
saksdokument:
Kommunestyret godkjenner rapporten slik han ligg føre.
Kommunestyret skal ha informasjon om kommunen sin økonomiske situasjon kvart kvartal. Kommunestyret skal to gongar i året ha oversyn over framdrifta til vedtak gjort i politiske organ. Frå 2008 vil det vere tertiale rapportar.
Oppstillinga syner at tenestene/tenesteleiarane har god kontroll over dei ulike delbudsjetta. Det er noko etterslep i rekneskapen. Dette gir eit ikkje fullgodt utgangspunkt for framskriving av budsjetta og eit litt redusert heilskapsoversyn. Dei ulike botnlinene bør som hovudregel ikkje ligge over 73%, viss dei er utgifter. Det går fram av oppstillinga at kommunen har hatt god likviditet dette året. Dette har ført til at nye investeringar så langt er sett i verk utan større låneopptak enn 5 mill.
Skatteinngangen per 1. okt ligg som prognostisert, Det ser ut til at utslaga av likning/avrekning for 2006 saman med skattane i september og november blir avgjerande for totalsummen.
Det er grunn til å vere vaktsam i høve investeringsrekneskapen. I inntektsdanninga er det føreutsett at kommunen kan nytte 2,5 mill som momskompensasjon frå investeringar. Per 1. okt viser rekneskapen 1,35 mill. Truleg kjem denne arten til å syne om lag 1 mill kr i underdekking.
Hovedoversyn drift:
|
|
Drift, |
Rekneskap |
Buds(end) |
%- |
|
|
samandrag hovedansvarsområda, netto |
per 30. sept |
2 007 |
forbruk |
|
1 |
Sentrale styringsorg,
fellesutg. |
7 898 430 |
9 423 485 |
83,8 |
|
2 |
Skule,barneh.kultur,bibl.,kyrkja |
21 646 046 |
31 396 905 |
68,9 |
|
3 |
Helse, sosial og omsorg |
30 505 925 |
42 484 900 |
71,8 |
|
4 |
Tekniske tenester -FDV |
3 830 845 |
4 548 600 |
84,2 |
|
5 |
Tekniske tenester
-PBO,Brann |
1 706 866 |
2 828 500 |
60,3 |
|
6 |
Næring,naturforvaltning |
940 197 |
2 469 600 |
38,1 |
|
|
= Sum netto driftsutg.
ex. finans |
66 528 309 |
93 151 990 |
71,4 |
|
8 |
- Skattar og
rammetilskot m.m. |
-81 674 200 |
-103 776 000 |
78,7 |
|
|
= Brutto driftsresultat |
-15 145 891 |
-10 624 010 |
|
|
9 |
- Renter, avdrag m m |
1 849 718 |
10 624 010 |
17,4 |
|
|
= Netto driftsresultat |
-13 296 173 |
|
|
Hovedoversyn investering:
|
|
Investeringar, |
Rekneskap |
Buds(end) |
%- |
|
|
samandrag hovedansvarsområda, netto |
per 30. sept |
2 007 |
forbruk |
|
1 |
Sentrale styringsorg, fellesutg. |
484 698 |
1 601 000 |
30,3 |
|
2 |
Skule,barneh.kultur,bibl.,kyrkja |
2 324 317 |
4 489 000 |
51,8 |
|
3 |
Helse, sosial og omsorg |
107 049 |
406 500 |
26,3 |
|
4 |
Tekniske tenester -FDV |
9 189 432 |
43 743 900 |
21,0 |
|
5 |
Tekniske tenester
-PBO,Brann |
703 420 |
734 000 |
95,8 |
|
6 |
Næring,naturforvaltning |
956 286 |
14 165 000 |
6,8 |
|
|
Sum netto
investeringskostnad |
13 765 202 |
65 139 400 |
|
|
9 |
Sum finansiering netto
investeringskostnad m m |
-10 116 836 |
-65 139 400 |
|
Kommuneøkonomien er framleis solid. Han blir likevel utfordra ved at:
- Alle investeringar blir fullfinansiert ved lån, eigenkapitalen er 0. Kommunen nyttar alle disponible inntekter til drift av tenestene. 2007 synest å bli eit einsleg unnatak frå denne ”regelen,” det ser ut til å ende med ei overdekking omkring 5 mill kr. Denne overdekkinga bør nyttast til investeringsføremål, heilt konkret til betaling av aksjane i Helsehuset.
- Det skjer at driftsutgiftene blir auka i ein situasjon som eigentleg tilseier reduksjonar og etterspurnad etter produktivitet
- Likviditeten i 2007 er uvanleg god, noko som skriv seg frå eit særs heldig sal av kraft hausten 2006. Det er ikkje venta at dette held fram i 2008.
- Behov for budsjettendringar blir lagt fram som eiga sak.
Framdrifta av dei ulike ansvarsområda/-oppgåvene synest å vere tilfredsstillande med unnatak av nokre få investeringsoppgåver. Det er eit etterslep i realiseringa av investeringsoppgåver lagt til dei tekniske tenestene.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|