|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 144
Saksmappe: 07/00807-1
Sakshandsamar: Stig Holmstrøm Dato: 21.10.2007 |
Oppstart arbeid med energi-
og klimaplan
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
29.10.07 |
|
|
076/07 |
Kommunestyret |
08.11.07 |
Utsendte saksdokument:
|
Søknad om støtte til prosjekt |
Ikkje utsendte
saksdokument:
”Alle kommuner bør ha en energi- og klimaplan”, rettleiar frå Enova 2007
I samband med arbeidet med realisering av dei ulike
byggeprosjekta på Murigrandane, har det vore send administrativ søknad gjennom
Enøk-senteret i Ørsta for vurdering av alternativ energiforsyning med
fjernvarme i området. Samla budsjettert utgreiing/forprosjektkostnad er kr.
262.000,-, medan søknadssummen til Enova er kr.100.000,-.
I samfunnsdelen i kommuneplanen er det vedtatt seks
satsingsområde, der ”Miljø og berekraftig utvikling” er eitt av områda. Under
hovudmål 2 ”Ein miljøvenleg kommune”, heiter det i eitt av kulepunkta: ”Kommunen skal så snart som råd utarbeide ein
energi- og klimaplan.”
I samband med budsjetthandsaminga i
kommunestyret 16.12.06 (budsjett 2007), vart det m.a. gjort
følgjande vedtak (pkt. 8): ”Alle nye offentlege bygningar i Norddal
kommune skal planleggast med
tanke på energiøkonomisering og bruk av
alternativ, miljøvenleg energiforsyning.
Administrasjonen skal i samarbeid med det nye kommunale eigedomsselskapet vurdere den kommunale bygningsmassen og gjere framlegg om ENØK-tiltak og eventuell mogleg bruk av alternative, miljøvenlege energikjelder.”
For å vurdere søknaden om prosjektmidlar, stiller Enova krav om at det skal vere gjort politisk vedtak i kommunen om utarbeiding av ein kommunal Energi- og klimaplan. I søknaden til Enova har ein gått ut frå at dei føringane som har vore gjort gjennom samfunnsdelen i kommuneplanen og gjennom budsjettvedtaket i desember 2006, har vore eit godt nok grunnlag for vurdering av søknaden vår. Enova stiller imidlertid krav om at det er gjort eit eige eksplisitt vedtak om dette.
Ein Energi- og klimaplan vil vere ein handlingsplan som viser korleis kommunen skal arbeide med energi- og klimaspørsmål i eit heilskapleg perspektiv. Han skal innehalde konkrete mål, prioriterte tiltak og tidsrammer. Planen omfattar energiproduksjon og energibruk, tilgang på ressursar og utslepp av klimagassar, m.m. Planen skal vere eit grunnlag for alle avgjerder som involverer energibruk og klimaspørsmål.
Ein må rekne med at det i løpet av kort tid vert stilt krav til alle kommunar om å utarbeide ein eigen Energi- og miljøplan, og med dei føringane som ein har gitt politisk gjennom samfunnsdelen i kommuneplanen og i budsjettvedtak, jfr. ovanfor, er det berre naturleg at ein no gjer eit slikt eksplisitt vedtak i kommunestyret. Med dei mulegheitene ein ser i nær framtid for utnytting av spillvarme frå Valldal Grønt sin fryseproduksjon, vil det vere naturleg å utgreie desse som ein oppstart på, og ein del av, arbeidet med ein slik plan.
Rådmannen nemner til slutt at Norddal kommune si deltaking i KS-prosjektet ”Livskraftige kommuner”, der utarbeiding av indikatorar for positiv og berekraftig samfunnsutvikling er ein vesentleg del av arbeidet, fell godt saman med det arbeidet som må gjerast for å lage ein Energi- og klimaplan for kommunen.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|