|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L33
Saksmappe: 07/00240-2
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 19.10.2007 |
Søknad frå Vanja Gjerde om
frådeling av hus nr. 2 på gnr. 8 bnr. 5 - jordlovsak
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
29.10.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad av 01.03.07 med vedlegg
Kart over området
Ikkje utsendte
saksdokument:
Norddal kommune viser til jordlova § 12 og godkjenner frådeling av hus nr. 2 på bruket med eit areal på ca 1,0 daa. Grunngjevinga er at hus nr. 2 ikkje ligg i sjølve gardstunet på bruket, og at ei frådeling vil ha positiv innverknad på busettinga i området.
Handsaming i Formannskapet 29.10.2007:
Audun Skjervøy, Nl gjekk frå som ugild – Jon Kåre Løvoll, Nl møtte i han sin stad.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Norddal kommune viser til jordlova § 12 og godkjenner frådeling av hus nr. 2 på bruket med eit areal på ca 1,0 daa. Grunngjevinga er at hus nr. 2 ikkje ligg i sjølve gardstunet på bruket, og at ei frådeling vil ha positiv innverknad på busettinga i området.
Det vert søkt om frådeling av hus nr. 2 på gnr. 8 bnr. 5. Arealet ein ynskjer å dele frå er på ca 1 daa.
Bruket ligg på Valldal og omfattar ca 127 daa der ca 60 daa er jordbruksareal. Hus nr. 2 er bygd på nedsida av gardstunet, og det ligg sør for gardsvegen på eit lågare plan enn sjølve tunet. Det nye våningshuset grenser ikkje til dyrka mark, og søkjaren opplyser at det er frådelt fleire hustomter i same område. I søknaden går det fram at bruket no står framfor eigarskifte. Den nye kjøparen vil busette seg i gamlehuset på bruket.
Dette er ei sak som reiser mange spørsmål om korleis bygdene skal utvikle seg framover. I denne konkrete saka er det ynskje om å dele frå hus nr. 2 på bruket noko som ikkje er vanleg praksis i landbruket. At bruket ligg i skrånande terreng og at hus nr. 2 ikkje er i god kontakt med resten av tunet er eit viktig moment. Det som også er avgjerande, er at ei frådeling vil fremme busetnaden i området utan at frådelinga vil føre til store ulemper for framtidig drift av bruket. Ei frådeling der bygningane ligg tett inntil kvarandre på flat mark omkransa av større jordvidder, vil ikkje vere ynskjeleg.
På grunnlag av desse opplysningane bør søknaden om frådeling godkjennast.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|