NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    L12

Saksmappe:          06/00750-7

Sakshandsamar:   Toralv Klokkehaug

Dato:                      19.10.2007

 

Møtebok

                                  

 

Frådeling av hyttetomt etter jordlova på gnr. 54 bnr. 1 - Berild Merethe Klauseth  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

125/07

Formannskapet

29.10.07

 

Utsendte saksdokument:

Delingssamtykke etter plan- og bygningslova av 04.10.2007

Vedtak i planutvalet av 15.05.2007

Kart over området

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

Norddal kommune viser til jordlova § 12 og gir samtykke til frådeling av eit areal på ca 1,5 daa frå gnr. 54 bnr. 1. Parsellen skal nyttast til hytteføremål.

 

 

 


Handsaming i Formannskapet  29.10.2007:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Formannskapet - 29.10.2007:

Norddal kommune viser til jordlova § 12 og gir samtykke til frådeling av eit areal på ca 1,5 daa frå gnr. 54 bnr. 1. Parsellen skal nyttast til hytteføremål.

 

 

 

Saksgrunnlag:

Frådelinga gjeld areal som skal nyttast til hytteføremål. Søknaden er godkjent etter plan- og bygningslova og handsama i Det faste utvalet for plansaker der det er gjeve dispensasjon frå plankravet.

 

Saksopplysningar:

Parsellen ligg i eit område som i gjeldande kommuneplan er avsett til fritidshus/hytte. Søknaden no gjeld frådeling av ei hyttetomt innanfor dette området. Sjølve parsellen er på ca 1,5 daa og ligg vest for gardstuna på Hatlestad. Parsellen grenser mot bygdavegen. Sjølve parsellen er tilvakse med skog.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Hytteparsellen ligg i eit område som i kommuneplanen er avsett til hyttebygging. Så lenge det ikkje er utarbeidd reguleringsplan for området gjeld jordlova.

 

Frådeling av omsøkte parsell vil ikkje kome i konflikt med jordbruksinteressene i området.

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann