|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 19/1
Saksmappe: 06/00438-6
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 19.10.2007 |
Søknad om 5 års utsetting
med buplikta på gnr.19 bnr. 1
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
29.10.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad av 18.08.07 frå Tommy Nerhus v/advokat Ole Houlder Rødstøl.
Kart over området
Ikkje utsendte
saksdokument:
Norddal kommune viser til søknad av 18.06.06 om fritak frå buplikta i 5 år. Søknaden vert imøtekomen der Tommy Nerhus får fritak for buplikta fram til 05.05.10 for gnr. 19 bnr.1. Søkjaren kan ikkje rekne med ytterlegare fritak frå buplikta etter dette.
Handsaming i Formannskapet 29.10.2007:
Viktor Valdal, Tl kom med slikt forslag til vedtak:
Norddal kommune vedtek fritak frå buplikta i 4 år fram til 05.05.09.
Linda Gjerde Myren, Nl kom med slikt forslag til vedtak:
Norddal kommune viser til søknad av 18.06.06 om fritak frå buplikta i 5 år. Søknaden vert delvis imøtekomen slik at Tommy Nerhus får fritak frå buplikta fram til 05.05.08 for gnr. 19, bnr. 1. Søkjaren kan ikkje rekne med ytterlegare fritak frå buplikta etter dette.
Det vart først røysta
over innstillinga:
0 røysta for innstillinga.
Det vart røysta over
Viktor Valdal sitt forslag
2 røysta for Viktor Valdal sitt forslag.
Det vart røysta over
Linda Gjerde Myren sitt forslag:
Samrøystes i samsvar med Linda Gjerde Myren sitt forslag.
Norddal kommune viser til søknad av 18.06.06 om fritak frå buplikta i 5 år. Søknaden vert delvis imøtekomen slik at Tommy Nerhus får fritak frå buplikta fram til 05.05.08 for gnr. 19, bnr. 1. Søkjaren kan ikkje rekne med ytterlegare fritak frå buplikta etter dette.
Tommy Nerhus er busett i Brattvåg og overtok gnr. 19 bnr. 1 den 25.05.04. Overdraginga var konsesjonsfri. Etter overtaking av ein landbrukseigedom er det ei omrømingstid på 1 år med omsyn til tilflytting. Tilflytting har enno ikkje skjedd. Det vart den 05.07.06 søkt om 5 års utsetting med omsyn til buplikta etter at næringsavdelinga tok kontakt med Nerhus den 01.06.06.
Eigedomen omfattar eit samla areal på ca 225 daa med slik arealfordeling:
Fulldyrka
mark 19 daa
Innmarksbeite 12,1
daa
Skog 183,0 daa
Bruket ligg sør for Gudbrandsjuvet og omfattar våningshus og driftsbygning. Det er etablert ein campingplass på eigedomen. Når det gjeld jordbruksarealet, vert det hausta.
I søknaden går det fram at familien i fleire år har vurdert ulike driftsalternativ, men på grunn av reguleringsarbeidet i området har det vore vanskeleg for søkjaren å planlegge vidare drift av eigedomen. Dette har gjort tilflytting vanskeleg.
Det går vidare fram av søknaden at Tommy Nerhus har trudd at kommunen automatisk innvilga 5 års utsetting frå buplikta, og beklager at han har oversett at slik utsetting berre kan gis etter søknad. Det vert også opplyst at han aldri har motteke orientering frå kommunen om bu- og driveplikta i samband med tilflyttinga.
Det vert no søkt om utsetting med buplikta i 5 år rekna frå den dagen ein søknad skulle ha vore innlevert til kommunen.
Dette er ein søknad som skulle ha vore innkomen langt tidlegare og handsama mykje raskare.
Her er det mange tilhøve ein kan nemne, og kommunen må ta på seg sin del av ansvaret for at dette har gått så seint.
Gnr. 19 bnr. 1 er av ein slik storleik at det kviler bu- og driveplikt på eigedomen. I denne søknaden skal ein ta stilling til buplikta. Driveplikta er oppfylt anten ved at eigaren haustar innmarksarealet sjølv eller at slåttemarka vert utleigd og hausta av andre gardbrukarar i bygda.
Når det gjeld buplikta på eigedomen, er det slik at ved overtaking har søkjaren ei omrømingstid på 1 år frå overtaking til at eigedomen må tilflyttast. Dette kan skje utan søknad. Dei som ikkje har høve til å tilflytte ein landbrukseigedom etter dette, har høve til å søkje om fritak frå buplikta. Det kan søkjast om varig fritak frå buplikta eller tidsavgrensa fritak.
Varig fritak kan vere aktuelt der eigedomen er svært liten, ligg i eit område med vanskeleg vegtilkomst eller at det vil vere urimeleg å krevje busetting i området. Tidsavgrensa fritak er meir vanleg der bustadhus må oppussast, der tidlegare eigar framleis bur i våningshuset eller at ein må ta omsyn til familien sin situasjon som skulegang, arbeid og helse.
I denne saka blir det søkt om tidsavgrensa fritak i 5 år, og grunngjevinga er behov for avklaring for vidare utnytting av eigedomen. Slik søknaden er utforma er det søkt om 5 år med utsetting med buplikta frå 05.05.05 og fram til 05.05.10. Det er no att ca 2 år og 7 månader av denne perioden.
Det vil vere rimeleg å tru at ein i god tid før dette har avklara det meste med omsyn til reguleringa av området. På den andre sida har kommunen vore sein med å handtere denne søknaden, og dette bør det også takast omsyn til. Kunklusjonen blir at søknaden om 5 års utsetting bør imøtekomast.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|