|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 223 C
Saksmappe: 07/00792-2
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 16.10.2007 |
Søknad om støtte til
kunstinstallasjon i offentleg uterom ved Zackariasdammen
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
29.10.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad frå Marianne Heske, datert 12.10.07
Retningslinjer for utsmykking av offentlege uterom
Ikkje utsendte
saksdokument:
K.sak 54/06
1. Norddal kommune yter kr 70.000 til Marianne Heske sin kunstinstallasjon ved Zakariasdammen i Tafjord under føresetnad av fullfinansiering.
2. Midlane vert å innarbeide i budsjettet for 2008.
Handsaming i Formannskapet 29.10.2007:
Rådmann kom med forslag om eit tilleggspunkt 3 til innstillinga:
Andre avklaringar blir å kome tilbake til når saka er betre belyst.
Røysting:
5 røysta for innstillinga i 3 punkt
2 røysta i mot
Marianne Heske planlegg å få på plass ein kunstinstallasjon ved Zakariasdammen i Tafjord. Ho søkjer om kommunal støtte til prosjektet då det er ein føresetnad for å kunne søkje om midlar hos KORO. KORO er det som tidlegare var Utsmykkingsfondet, og bokstavane står for ”Kunst i offentlege rom”. Søknadsfristen til KORO er 31. oktober.
Heske vil ”smykke fjellet” der det har oppstått sår frå vassregulering/industri. Det skal bli ei permanent utsmykking som vil spegle sola og lysrefleksar heile året. Ho skriv at det vil bli ein turistattraksjon, og at det blir eit historisk monument som skal tåle tidens tann.
Kunstinstallasjonen vil bestå av 100 speglar som kvar er 1 x 1 meter i ulike fargar. Totallengde vil vere rundt 150 meter. Dei vil bli montert som ei ”perlerad” i framhald av demninga på austsida av vatnet i overkant av vasskanten ved maksimal vasstand. Ho meiner at dette vil forskjønne noko som i utgangspunktet er uestetisk.
Gemax i Sverige skal produsere speglane i laminat, og Ørsta Stål vil konstruere ein sterk konstruksjon som kan bere speglane slik at ein unngår eventuell skade frå steinsprang. Det er planlagt montering i Tafjord våren 2008, og offisiell innviing i løpet av sommaren. Prosjektet har ein totalkostnad på 893.000 kr.
Heske skriv at dette vil bli eit trekkplaster for kommunen, og eit særprega kunstverk i internasjonal samanheng.
Marianne Heske har i lengre tid arbeidd med denne ideen, og alt er no klart til produksjon berre finansieringa kjem på plass. Ordninga med å søkje midlar hos KORO er ny frå i år av, og ein har difor ikkje ei historie å sjå tilbake på når det gjeld storleik på økonomisk medverknad m.v.
Det er eit krav at kommunane som skal ha kunstverket plassert hos seg deltek økonomisk i prosjektet. Ein gir då eit signal på om dette er noko ein ønskjer å få etablert, og det er med og styrkjer seriøsiteten til prosjektet.
Heske er ein anerkjent kunstnar som har sterk tilknyting til Tafjord. Kunstinstallasjonen som no er under planlegging der ho vil ”smykke fjellet” er spennande.
Tafjord Kraft eig grunnen, og kunstnaren har vore i dialog med dei.
Det er andre kommunar i Sogn som er interessert i å få kunstverket om det ikkje blir plassert i Norddal kommune.
KORO har ikkje anbefalingar på kor stor økonomisk deltaking det skal vere frå kommunane. Heske meiner at eit bidrag på 70.000 syner at kommunen ser på dette som eit seriøst prosjekt. Det er sannsynleg at KORO ser på det kommunale engasjementet når dei fordeler midlar, og at summen bør vere av ein viss storleik.
Norddal kommunestyre vedtok i sak 54/06 å etablere utsmykkingsordning for kommunen. Sjølv om saka omhandlar kommunale bygningar og offentlege uterom, så seier ho også noko om at kommunen ønskjer å stimulere til kunstnarisk utsmykking generelt. Ordninga som denne saka gjeld, har kome til i etterkant, og er difor ikkje nemnt i saka som i si tid var laga.
Det er eit spennande prosjekt som kommunen bør vere med å sikre at ein får etablert i Tafjord.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|