NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    U01

Saksmappe:          06/00425-1

Sakshandsamar:   Toralv Klokkehaug

Dato:                      07.05.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

 

Ungdomsprosjektet – rapport frå prosjektansvarleg og uttale frå styringsgruppa

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

064/07

Formannskapet

14.05.07

095/07

Formannskapet

17.09.07

 

Utsendte saksdokument:

Rapport av 19.12.2006 frå Fjordhagen AS

Uttale frå styringsgruppa av 20.01.2007

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 


Rådmannen si innstilling:

Norddal kommune avsluttar ungdomsprosjektet i si noverande form og førebur eit prosjekt der kartlegging av ledige hus/gardsbruk og nye byggetomter vert sett i fokus. Når ein har fått oversikt over sluttøkonomien for ungdomsprosjektet, kjem ein tilbake til denne saka.

 

 


Handsaming i Formannskapet  14.05.2007:

Saka vart utsett til administrasjonen har fått klårlagt prosjektøkonomi og grunngjeve utsegn i saksutgreiinga.

 

 

 


Vedtak i  Formannskapet - 14.05.2007:

Saka vart utsett til administrasjonen har fått klårlagt prosjektøkonomi og grunngjeve utsegn i saksutgreiinga.

 

 

 


Handsaming i Formannskapet  17.09.2007:

Rådmannen la fram slik ny innstilling:

  1. Norddal kommune avsluttar ungdomsprosjektet i si noverande form..
  2. Overskot frå prosjektet vert overført til ungdomsfondet.
  3. Revidert prosjektrekneskap skal leggast fram for formannskapet til orientering.

 

 

Merete Løvoll Rønneberg gjekk frå for å få vurdert habilitet – Svein Linge vart vald som setteordførar. Merete Løvoll Rønneberg vart ikkje funne inhabil i saka.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med rådmannen si nye innstilling.

 

 

 


Vedtak i  Formannskapet - 17.09.2007:

  1. Norddal kommune avsluttar ungdomsprosjektet i si noverande form..
  2. Overskot frå prosjektet vert overført til ungdomsfondet.
  3. Revidert prosjektrekneskap skal leggast fram for formannskapet til orientering.

 

 

Saksgrunnlag:

Ungdomsprosjektet har vart i ca 1 år. På grunnlag av rapportar og uttale må ein vurdere om prosjektet skal vidareførast eller ikkje.

 

Saksopplysningar:

Formannskapet vedtok i møte 18.05.04 å gjennomføre tiltaket Forprosjekt Ungdom i perioden 1. juni – 1. oktober 2004. Det vart vidare vedtatt i møte 18.11.04 at prosjektet skulle vidareførast i eit hovudprosjekt på inntil tre år.

 

Prosjektet har gått frå å vere eit prosjekt retta mot ungdom til å vere eit meir generelt mobiliseringsprosjekt retta mot fleire målgrupper.

 

Det vart vedtatt at kostnadane skulle søkjast dekt som eit spleiselag mellom blant anna kommunen, fylket og lokalt næringsliv. Totale kostnader for år 1 vart sett å vere kr 610.000. Dei kommunale kostnadane til det første året vart dekka gjennom næringsfondet 2005 i den første runden av næringsfondsaker 07.02.05, og kom på totalt kr 264.000. Møre og Romsdal fylke si næringsavdeling støtta prosjektet med kr 250.000 frå sitt tiltaksfond ”program for næringsutvikling og busetting”. Næringslivet og kompensasjonsmidlane knytt til differensiert arbeidsgjevaravgift har støtta tiltaket med resterande dvs kr 96.000. For år 2 er kr 35.000 allereie dekka frå næringslivet, og ein reknar òg med at ein kan få støtte hjå kompensasjonsmidlane.

 

Prosjekteigar er Norddal kommune, men prosjektet vart lagt administrativt til Fjordhagen, der prosjektleiar har hatt kontor.

 

Stillinga som prosjektleiar vart lyst ut med søknadsfrist 1. juli 2005, og prosjektleiar var på plass 1. oktober 2005. Årsaka til at det tok så lang tid frå vedtaket vart gjort til stillinga vart lyst ut, var at arbeidet ikkje var godt nok forankra i administrasjonen. Det var òg usikkert kven som skulle gjere arbeidet med å hente inn midlar frå næringslivet.

 

Møre og Romsdal fylke sette vilkår for å få støtte til eit år 2 på at det må verte oppretta samarbeid med nabokommunane Stordal og Stranda på tiltaksnivå, samt opprette koordinering med pilotprosjektet ”Kommunane som førstelinje for småskala næringsutvikling” (Kommuneprosjektet) som Stranda og Norddal kommune er engasjert i. Dette nasjonale pilotprosjektet vert avslutta ved utgongen av 2006. Prosjektleiar har hatt 80 % stilling i ungdomsprosjektet og 20 % stilling i pilotprosjektet. Det vil verte opp til fylket å vurdere om desse kriteria er oppfylde i år 1.

 

I styringsgruppa sit varaordførar Merete Løvoll Rønneberg og næringskonsulent Torill Monstad, som representerar eigaren av prosjektet, samt Gerd Myren Hoel og Nils Jarle Hjelme frå næringslivet.

Næringssjef Toralv Klokkehaug kom med heilt mot slutten.

 

Det er utarbeidd ein rapport på grunnlag av erfaringane det første året. Her kjem det fram at grunnlaget for prosjektet var Forprosjektet Ungdom som hadde 25 forslag til delprosjekt.

 

I styringsgruppemøte februar 2006 vart desse delprosjekta prioriterte:

 

Tiltak forankra i landbruksplanen

Kompetansebank

Velkomstpakke

Entreprenørskap i skulen

 

I rapporten som er framlagt kjem ein inn på ulike problemstillingar og utfordringar, men lite konkret.

 

I uttalen frå styringsgruppa er det ein god del merknader slik som:

 

Vanskeleg å sjå resultat av det arbeidet som er lagt ned.

Arbeidet er for lite målretta og spreier seg over veldig mykje.

Kommunikasjonen mellom prosjektleiar/prosjektansvarleg og styringsgruppa kunne ha vore betre.

 

Dei har fylgjande konklusjon:

 

Styringsgruppa finn ikkje å kunne tilrå at ”ungdomsprosjektet” går inn i eit år to, i alle høve ikkje i den form det har no. Dersom ein ynskjer ei vidareføring, bør dette, etter vårt syn, skje på følgjande vilkår:

 

 

Saksvurdering og konklusjon:

Formålet med prosjektet er å auke trivselen til innbyggjarane, og auke sysselsetting ved oppretting og vidareutvikling av private og offentlege verksemder.

Positive haldningar til verdiskaping og vilje og fokus på næringspolitikk er viktige suksesskriterium for livskraftige lokalsamfunn med bedrifter som veks. Undersøkingar viser at kommunar med mange bedrifter i vekst og entreprenørar er meir målretta og ambisiøse i sin næringspolitikk enn kommunar utan. Ein ynskjer at dette prosjektet skal vere ein del av kommunen si satsing på næringsutvikling.

 

Forprosjektet skisserte totalt 25 tiltak som kunne vere aktuelle i eit hovudprosjekt. Styret har vedtatt ein spissa prosjektplan basert på desse, som det forventas at prosjektleiar arbeidar ut i frå. Til no har prosjektleiar engasjert seg i mange ulike tiltak, som rapporten viser.

 

Skal prosjektet vere vellukka, må det arbeidast meir fokusert på dei strategiane og tiltaka som styret legg opp til. Det må ikkje brukast tid og krefter på delprosjekt som ligg meir til førstelinjetenesta i kommunen eller hjå lag og foreiningar i kommunen.

 

Næringssjefen har vurdert ungdomsprosjektet og vil først gjere merksam på namnet på prosjektet har lite med det innhaldet ein har arbeidet med. Utgangspunktet har vore 25 delprosjekt som ein har forsøkt spissa utan å lukkast noko godt med dette. Ein stor svakheit har vore at verken styringsgruppe,

prosjektansvarleg/prosjekteigar og kommunen har hatt god styring på det som har skjedd. Det har på ein måte blitt ”alt mulig og ingen ting.”

 

Til orientering kan nemnast at næringssjefen har arbeidet ein god del med ungdomsrådet med tanke på oppretting av eit ungdomsfond i kommunen. Her har ein kome langt og saka skal slutthandsamast i ungdomsrådet torsdag 10. mai. Resultatet av dette arbeidet kjem ein attende til.

 

Næringssjefen kan vere med på vidareføring av prosjektet dersom det vert klare politiske signal på kva ein skal arbeide vidare med, og kven som skal sitte i styringsgruppa.

 

Ser for meg at spørsmål vedrørande ledige hus/gardsbruk og tomteareal for utbygging må vere det viktigaste satsingsområdet no framover. Dette har si forankring i både kommuneplanen og landbruksplanen.

 

…………………………………………………………………………………………………………..

Nye opplysningar til formannskapsmøte 17.09.07

 

Prosjektøkonomi

Prosjektrekneskapen er enno ikkje avslutta, men ein har endeleg oversikt over utgiftene som Fjordhagen AS har hatt. Samla lønskostnader er på kr 353.718,03 og driftskostnadene er på

kr 72.279,78. Sum kostnader kr 425.997,81.

 

På inntektssida er det kome inn kr 352.000,-. Her finn ein kommunen sitt bidrag på kr 264.000,- og tilskot frå næringslivet. Møre og Romsdal fylke har løyvd kr 250.000,- der ein enno ikkje har bedt om utbetaling. Oppmoding om utbetaling av 75 % av tilskotet (kr 187.500,-) er sendt 10.09.2007. Rekneskapen må reviderast før siste delen av tilskotet kan utbetalast.

 

 

Inntekter

Kommunalt tilskot                    264.000,-

Næringslivet                                88.000,-                               

Møre og Romsdal fylke                       250.000,- enno ikkje utbetalt

SUM                                      602.000,-

 

Utgifter                                   425.997,81

 

Prosjektet hadde eit utgiftsbudsjett på kr 612.298. Når utgiftene vart mindre, skyldast dette ikkje lønskostnadene, men posten rekvisita, møte, bilgodtgjersle og reklamekostnader og prosjektkostnad/tiltak som vart ca 150.000,- mindre enn budsjettert.

Dersom Møre og Romsdal fylke betaler ut heile tilskotet, vil vi få eit ”overskot” på ca 140.000,-.

 

Dette er midlar som kan nyttast til ungdomsfondet (”Hoppekassa”) Dette er ei nyskaping med fokus på unge etablerarar. Tidlegare forslag om å nytte ”overskotet” til kartlegging av ledige gardsbruk vert trekt.

 

Prosjektet bør avsluttast i si noverande form der ”overskotet” kan gå inn i tiltaksdelen og prosjektet kan kome i balanse og avsluttast.

 

Formannskapet fatta vedtak i møte 14.05.2007 om at administrasjonen skulle grunngi utsegn i saksutgreiinga. Rådmannen er i tvil om kva for utsegn det er tale om og ber om ei avklaring i møtet.

………………………………………………………………………………………………………

Rådmannen legg fram slik ny innstilling til møtet 17.09.2007:

  1. Norddal kommune avsluttar ungdomsprosjektet i si noverande form..
  2. Overskot frå prosjektet vert overført til ungdomsfondet.
  3. Revidert prosjektrekneskap skal leggast fram for formannskapet til orientering.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

Rådmann