|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 064
Saksmappe: 04/00056-19
Sakshandsamar: Rune Sæther Dato: 31.01.06 |
Breibandutbygging - Norddal
kommune
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
06.02.06 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte saksdokument:
1. Formannskapet tek orienteringa om breibandsutbygginga i Norddal kommune til vitande.
2. Det vert sett i gang prøveprosjekt med finansiering slik det er gjort greie for i saksframlegget.
3. Formannskapet vil kome attende til prioritering av dei andre delprosjekta når ein har avklart finansieringa for full utbygging av breiband i kommunen.
1. Formannskapet tek orienteringa om breibandsutbygginga i Norddal kommune til vitande.
2. Det vert sett i gang prøveprosjekt med finansiering slik det er gjort greie for i saksframlegget.
3. Formannskapet vil kome attende til prioritering av dei andre delprosjekta når ein har avklart finansieringa for full utbygging av breiband i kommunen.
Norddal kommune (NK) har lenge planlagt å bygge ut fiber til alle kommunen sine eksterne lokasjoner og til alle telefonsentralane i kommunen. I første omgang var det NK som skulle stå som byggherre både av fiber og utstyr i sentralane.
Då vi ikkje fekk støtte frå Høykom måtte vi tenke nytt. Den nye planen er at Norddal Elverk (NE) skal stå som byggherre og eigar av fibrane. Dermed kan ein tilby sentrale breibandsaktørar å ta seg av det siste leddet ut mot publikum, dvs. utbygginga av telesentralane.
Breibandsprosjektet er delt inn i 8 delprosjekt.
Delprosjekta er ikkje i prioritert rekkefølgje sidan det vil bli opp til formannskap/kommunestyre å prioritere desse.
Denne prioriteringa blir å kome tilbake til så snart ein har finansieringa klar for heile prosjektet.
Her er ein kort beskriving av desse.
Føringsvei rørgater, 20kv linje samt lavspentlinjer.
Aksess til Valldal telesentral som ligg ved tunnelen inn til Fjørå.
Aksess til Ødegård telesentral.
Aksess til alle kommunale einingar i sylte sentrum.
Pris: 1.500.000
Føringsvei på 20kV linje frem til Omenås.
Pris: 500.000,-
Føringsvei på 20kV linje.
Kveil ved Gudbrandsjuvet.
Pris: 600.000,-
Føringsvei 20kV og lavspent
Sjøkabel frå Linge til Dalsbygda (Kyrkjefjellneset)
Aksess til Dalsbygda telesentral.
Aksess til Dalsbygda skule, bibliotek samt omsorgsbolig.
Mulegheit for framtidig aksess til Paktarstova.
Pris: 1.200.000,-
Føringsvei: Sjøkabel frå Linge, 20kV linjer samt lavspent linjer.
Aksess til Eidsdal telesentral.
Aksess til alle kommunale einingar i Eidsdal.
Pris 1.100.000,-
Føringsvei 20kV linje samt lavspent.
Aksess til Eidsvatn telesentral.
Pris: 600.000,-
Føringsvei 20kV linje
Aksess til Fjørå barnehage
(Del av Delprosjekt 8)
Føringsvei 20kV og rør i tunnel.
Aksess til Tafjord telesentral.
Aksess til Tafjord skule.
Aksess til TKP driftsentral
Pris: 1.400.000,-
NK, NE og Fibra networks kan sette i gang et prøveprosjekt. Dette for at alle partar (Spesielt NE og NK) skal bli litt meir kjent med legging av fiberkablar. NE vil få erfaring med korleis og kor lang tid det at å rulle ut/henge opp fiberkablane. Viss ein også tar med Valldal skule så vil NK også få erfaring med utnytting av eit fiberanlegg.
Det prosjektet som er mest eigna vil vere delprosjekt 2 (Ødegård - Omenås). I tillegg bør ein også få med fiber frå Rådhuset til Valldal skule i dette prøveprosjektet. Grunnen til at dette prosjektet kan brukast som prøveprosjekt, er at dette har ei kostnadsramme som vil kunne dekkast av eksisterande midlar. I tillegg er det gjenomførbart på vinterstid sidan fiberkabelen skal hengast opp på eksisterande linjenett.
Grunnen til å definere det som eit prøve prosjekt vil vere at ein kanskje kan få gunstigare prisar/vilkår frå leverandørane.
Bedrifter og innbyggjarane i Omenås-området har vist stor interesse for å få fram breiband, og vil kanskje vere interessert i ein dugnad for å få hurtigare fram fiber til Omneås-sentralen.
For å få gjennomført dette prøveprosjektet raskt kan midlane som vart satt av til breiband i 2005 kunne finansiere dette.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|