|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 142 &18
Saksmappe: 06/00247-7
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 09.10.06 |
Søknad om dispensasjon for
frådeling av tomt for fritidshus på gnr 65 bnr 1, Eide. Handsaming 2.gong
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
16.10.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Merknad frå Statens vegvesen, dagsett 26.05.06 |
|
|
2 |
Merknad frå Møre og Romsdal fylke, dagsett 31.05.06 |
|
3 |
Notat frå Einar Anda, dagsett 09.10.06 |
Ikkje utsendte saksdokument:
Sak 24/06 i Det faste utvalet for plansaker
Med heimel i § 7 i plan- og bygningslova vil Det faste utvalet for plansaker gje dispensasjon frå plankrav for frådeling av 1 tomt for fritidshus på eigedom gnr 65 bnr 1 innanfor område avsett til fritidshus i arealdelen i kommuneplanen. Særleg grunn for dispensasjon er at søknaden gjeld 1 tomt som ligg heilt i ytterkant av planområdet. Vilkår for dispensasjon er at alt regulert avkøyrsle mot riksvegen blir nytta, at tomta blir på maks 1 da og at utforming av tomta ikkje hindrar tilkomst til dei andre hyttene i området eller vegføring vidare oppover.

Planutvalet har tidlegare handsama sak om dispensasjon frå plankrav for frådeling av 1 hyttetomt på gnr 65 bnr 1 i Eidsdal. Tomta vil ligge på område avsett til hyttebebyggelse i arealdelen til kommuneplanen. Saka har vore sendt ut på vanleg måte. Det er kome 2 merknader til saka.
Det er ikkje merknader til dispensasjon, men regulert avkøyrsle mot riksvegen skal nyttast slik som føresetnaden har vore i vedtaket.
Det er vist til brev tidlegare som gjaldt Eidsvatnet hyttegrend og risiko for ras der. Tomta ligg innanfor område for 1000-årsskredet, og tilfredstillar ikkje kravet til tryggleik.
Elles er det ingen merknader til søknaden og dei vurderingane som er gjort.
Ein har kontakta fylkesgeologen som har vore på synfaring og sett på tilhøva. Uttale frå fylkesgeologen ligg føre eige skriv av 09.10.06. Det var då synfaring på to lokalitetar, og dette er lokalitet 1. Vurderinga er at det ligg marginalt utsett for snøskred, men med eit farenivå mindre eller lik grenseverdien 1/1000 pr.år. Dette er grensa for å kunne oppføre hus for å bu i. Om farenivå hadde vore større enn 1/1000, hadde det ikkje gått. Då er dette greitt.
Saka er avklara med offentleg planstyresmakt med omsyn til avkøyrsle, arealbruk og farenivå for skred. For å kunne dele i frå, må grunneigar søke om frådeling som blir neste steget.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|