|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 243
Saksmappe: 05/00034-7
Sakshandsamar: Bente
Klakken Osvik Dato: 04.10.2006 |
Tilskot til politiske
parti/grupperingar 2006
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
16.10.06 |
|
|
060/06 |
Kommunestyret |
18.10.06 |
Utsendte saksdokument:
Rundskriv 01/2006 frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Brev frå Moderniseringsdepartementet datert 06.12.05
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Norddal kommune innfører følgjande støtte til politiske parti/grupperingar f.o.m 2006:
· kr. 3.090,- pr. kommunestyregruppe
· kr. 1.110,- pr. kommunestyrerepresentant
2. Midlane vert å ta frå konto 1102.1472.1000.
1. Norddal kommune innfører følgjande støtte til politiske parti/grupperingar f.o.m 2006:
Tidlegare var ordninga med statstilskot til dei politiske partia slik at kommunen berekna og betalte ut og i etterkant fekk refundert beløpet frå fylkesmannen. Tilskotet var berekna på bakgrunn av valresultatet i dei einskilde kommune.
Frå 01.01.06 vart partilova endra, og administreringa av tilskotet til dei politiske partia er no slik:
- statstilskot til partiorganisasjonane skal skje direkte frå fylkesmannen
- event. tilskot til kommunestyregruppene og tilskot til kommunestyrerepresentantane skjer direkte frå kommunane
Som nemnd inneber ikkje statstilskotet lenger gruppestøtte og represenentantstøtte til kommunestyret. Midlane frå desse statstilskota vart f.o.m 2006 lagt inn i rammeoverføringane til kommunane. Der er såleis ikkje gitt eit øyremerka beløp til føremålet. Det vert understreka at det vil vere opp til den einskilde kommune om ein vil vidareføre ei slik støtteordning.
Endringa av partilova vart endeleg vedtatt i desember 2005 og det er sett av kr. 46.000,- i driftsbudsjettet for 2006.
Tilskot i 2005 var slik:
· kr. 3.090,- pr. kommunestyregruppe
· kr. 1.110,- pr. kommunestyrerepresentant
Rådmannen tilrår at ordninga vert vidareført med same beløp som i 2005 for dei tilskot som ikkje vert innbefatta av statstilskotet for 2006.
For Norddal kommune vil det utgjere:
Kr. 3.090 x 7 = kr. 21.630,-
Kr. 1.110 x
21 = kr. 23.310,-
Tilsaman kr. 44.940,-
========
Beløpet vert dekt av konto 1102.1472.1000.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|