NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    U00

Saksmappe:          06/00022-2

Sakshandsamar:   Toril Monstad

Dato:                      31.01.06

 

Møtebok

                                  

 

 

 

Deling av næringsfondet i to delar - strategisk og bedriftsretta  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

008/06

Formannskapet

06.02.06

016/06

Kommunestyret

30.03.06

 

 


Rådmannen si innstilling:

1. Kraftfondet vert delt i to delar, ein strategisk del og ein bedriftsretta del.

2. Kommunestyret avgjer i budsjettsamanheng kor mykje som skal i den enkelte del.

3. Formannskapet forvaltar strategisk del.

4. Det vert oppretta eit styre av fagfolk som skal forvalte næringsfondet – bedriftsretta del.

5. Rådmann får mandat til å velje kven som skal sitje i styret, samt er sakshandsamar for styret. Formannskapet får vedtaka som referatsak.

6. Kommunen sitt planverk samt bedriftsøkonomiske vurderingar ligg i botn ved vurdering og prioritering av søknader.

7. Kommunestyret er klageorgan for næringsfondet – bedriftsretta del.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  06.02.06:

Svein Linge kom med slikt forslag:

Saka vert oversendt Norddal kommunestyre og ber om prinsippdebatt der før endeleg avgjerd.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med Linge sitt forslag.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Innstilling i  Formannskapet - 06.02.06:

Formannskapet sender saka over til Norddal kommunestyre og ber om prinsippdebatt der før endeleg avgjerd.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Kommunestyret  30.03.06:

Signe Brenna, Nl, sette fram slikt forslag til vedtak:

Sak 16/06 om deling av næringsfondet i to delar – strategisk og bedriftsretta – blir utsett og tatt opp i samband med saka om strategisk næringsplan hausten 2006.

 

Forslaget vart trekt.

 

Ordføraren sette fram slikt forslag til vedtak:

Kommunestyret vedtek at gjeldande ordning for forvaltning av næringsfondet held fram som før.

 

Røysting:

Samrøystes  i samsvar med forslaget frå ordføraren.

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 30.03.06:

Kommunestyret vedtek at gjeldande ordning for forvaltning av næringsfondet held fram som før.

 

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

I det arbeidet som til no er gjort med ny kommuneplan 2006 - 2018, har politikarane vorte einige om at deira rolle er å styre sjølve skuta og ikkje så mykje inne i skuta. I administrasjonen sitt arbeid med å planlegge nye retningslinjer for næringsfondet, jamfør sak 90/05 i formannskapet, har ein gjort ei rekkje vurderingar knytt til effekten av næringsfondet slik det vert brukt i dag. På bakgrunn av dette har ein kome fram til at ein ynskjer å sjå nærare på ein meir strategisk bruk av næringsfondet, gjennom å dele det som no er næringsfondet i to delar. Ein har sett til Sirdal kommune for å sjå korleis ei slik todeling fungerar der.

 

 

Saksopplysningar:

Kommunestyret i Sirdal kommune vedtok i februar 2002 ein todelt modell for forvaltninga av kraftfondet sitt; ein strategisk del og ein bedriftsretta del. Kor mykje som skal vere i den strategiske potten og i den bedriftsretta potten vert avgjort av politikarane i budsjettsamanheng kvart år. Sirdal kommune har kraftfondsinntekter på totalt rundt 15 millionar, der det i 2005 vart sett av rundt 3 millionar til den bedriftsretta delen. Bakgrunnen for denne delinga var blant anna å få ein meir effektiv bruk av kraftfondet basert på faglege vurderingar, samt å unngå å behandle økonomiske forhold, som ofte medfører personlege opplysningar, i opne politiske møter.

 

Den strategiske delen vert nytta til langsiktige investeringar og prosjekt som ikkje er knytt opp til den enkelte bedrift, men har større ringverknader for kommunen. Ein har blant anna nytta det til å investere i badeland og tiltak knytt til infrastruktur. Formannskapet er fondsstyre for den strategiske delen, og sakar knytt til strategisk del er framleis gjenstand for politisk behandling.

 

Den bedriftsretta delen forvaltast gjennom Sirdalsvekst KF. Dette er eit kommunalt foretak som vart stifta i 2002. Sirdalsvekst KF driv operativ næringsverksemd gjennom å yte finansiell støtte med det formål å skape varige arbeidsplassar i kommunen. Dei har òg teke over og forvaltar låneportefølja til Sirdal kommune.

 

Dagleg leiar av Sirdalsvekst er økonom av utdanning, og har med seg eit styre når søknadar skal avgjerast. Det vert gitt både tilskot og lån, og Sirdalsvekst støttar tiltak av høgare risiko enn det banken gjer. I styret sit personar med fagkompetanse innan blant anna bedriftsøkonomi og marknadskommunikasjon. Styret møtes rundt seks gongar i året. Det er ingen søknadsfrist eller omgangar med søknader. Sirdalsvekst legg til grunn bedriftsøkonomiske hensyn ved behandlinga av søknadane, og gjer støtte til dei som vert vurdert å ha potensial for å skape varige arbeidsplassar. I tillegg legg ein til grunn dei prioriteringane som finst i kommunen sitt planverk. Ein legg òg til grunn Standardvedtekter for kommunale næringsfond gitt i vannkraftsaker – Rundskriv H-17/98 frå Kommunal og Regionaldepartementet. Ein har ikkje sett det som nødvendig å utarbeide eigne retningslinjer for den bedriftsretta delen, men har naturlegvis rutiner for utbetaling, rapportering osv. Saksbehandlinga er unntatt offentlegheit, men formannskapet får framlagt vedtaka som ei referatsak. Dersom søkjarar skal klage på vedtak, går klagen først til Sirdalsvekst. Dersom Sirdalsvekst opprettheld sitt vedtak, er kommunestyret siste klageinstans. Dagleg leiar kunne opplyse at det til no aldri har kome klager på vedtaka.

 

For å lese meir om dette sjå www.sirdalsvekst.no

 

 

Saksvurdering og konklusjon:

Det er klart at Norddal kommune har eit mykje mindre næringsfond enn det Sirdal kommune har. For 2006 har Norddal kommune totalt kr 2.740.000 i kraftfondet sitt. Av desse er 910.000 fordelt til ulike prosjekt gjennom tidlegare politiske vedtak, medan 1.800.000 ligg til fordeling i næringsfondet.

 

Det er ikkje meininga at Norddal kommune skal kopiere Sirdal kommune si løysing, men kunne sjå på den som eit eksempel på at det er andre måtar å behandle næringsfondsaker på. Administrasjonen ynskjer ikkje ei byråkratisering av næringsfondet, og dette er noko ein må søkje å unngå. Samtidig bør ein bruke næringsfondet på ein måte slik at det er bedriftsøkonomiske hensyn vert lagt til grunn ved eventuell støtte. Dette for at offentlege midlar vert brukt til å støtte levedyktige bedrifter og næringar, der ein ser muligheit for varige arbeidsplassar.

 

Ser ein til dømes til Innovasjon Norge når dei skal behandle søknader, så er dei vurderingane dei gjer i sterk grad knytt til bedriftsøkonomiske hensyn. Innovasjon Norge støttar ikkje tiltak med tilskot dersom andre liknande bedrifter og næringar har dårleg lønnsemd, eller dersom bedrifta vert vurdert å vere ein konkurrent til eksisterande næringsliv.

 

Korleis ein skal behandle den strategiske delen vil vere opp til politikarane. Gjennom året vil det gjerne kome søknader eller ein vil gjere vedtak knytt til større og langsiktige satsingar, som til dømes Destinasjonselskapet og Fjordhagen. Her kan ein gjere vedtak om å binde dei strategiske midlane opp til slike satsingar. Ting som er bra for kommunen skjer vanlegvis ikkje over natta, og ein vil ha tid til å prioritere slike langsiktige satsingar ved budsjettarbeidet.

 

Dersom det nye næringsfondet - bedriftsretta del, mottek søknader av overordna natur, vil ein kunne sende slike søknader vidare til formannskap for ei eventuell vurdering knytt til strategisk del.

 

Konklusjon:

Administrasjonen ser for seg at ein brukar malen til Sirdalsvekst i si behandling av søknader til næringsfondet – bedriftsretta del. Næringsavdelinga vil vere saksforberedar for eit styre samansett av fagfolk, vald av administrasjonen. Styret skal ikkje ha mange medlemmer. Styret vil få fullmakt til å behandle næringsfondsakene, som vert unntatt offentligheit. Kommunen sitt planverk samt bedriftsøkonomiske vurderingar ligg i botn ved vurdering og prioritering av søknader. Styret skal vurdere sjølv om det er behov for retningslinjer for tildeling, utanom rutinar knytt til utbetaling, rapportering osv. Styret skal òg vurdere behovet for faste søknadsrunder, eventuelt kor mange, eller om ein skal følgje Sirdalsvekst sin modell. Vedtak vert lagt fram for formannskapet som ei referatsak. Kommunestyret er klageinstans. Dersom søkjarar skal klage på vedtak, går klagen først til styret. Dersom styret opprettheld sitt vedtak, er kommunestyret siste klageinstans.

 

Administrasjonen presiserer at det ikkje er ynskjeleg å innføre lån igjen, men kun gje støtte i form av tilskot.

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann