|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 549
Saksmappe: 07/00773-1
Sakshandsamar: Stig Holmstrøm Dato: 07.10.2007 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
15.10.07 |
|
|
075/07 |
Kommunestyret |
08.11.07 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Reglement for godtgjersle til folkevalde i Norddal kommune (vedtatt i k-sak 28/06 11.05.06) |
|
Ikkje utsendte
saksdokument:
Kommunenes Sentralforbund (KS) har ved fleire høve, gjerne knytt til kommunevala, tatt opp spørsmålet om ettergodtgjersle for ordførarar når dei etter val, friviljug eller ufriviljug, må gå av som ordførar. Norddal kommune har i dag inga slik ordning.
Styret i KS gjorde i 1996 vedtak som ga tilrådingar ovafor kommunane i høve godtgjersle og andre økonomiske tryggingstiltak for ordførar (og andre folkevalde). Det vart utarbeidd ei momentliste til bruk for kommunane i utarbeiding av reglement. Kortfatta var det følgjande moment KS fokuserte på:
Rådmannen vil i denne saka ta for seg spørsmålet om ettergodtgjersle og feriepengar. Det andre momenta i opplistinga ovanfor vert å kome attende til i eiga sak. Det er m.a. ikkje urimeleg å sjå på mulegheiter for å gje pensjonsordninga for ordførar tilbakevirkande kraft.
Ei rekkje kommunar har følgd KS’ sine oppmodingar, og innført ordningar som sikrar folkevalde som fungerer på halv tid eller meir ein like trygg arbeidssituasjon som ”vanlege” tilsette i kommunen. Rådmannen meiner det må vere rett at også Norddal kommune tilliks med svært mange andre kommunar innfører ei ordning med ettergodtgjersle og feriepengar for ordførar (året etter han/ho sluttar). Generelt bør ein sjølvsagt vere varsam med å innføre ordningar som vert opplevd som urimelege av folk flest, men samstundes må ein kunne vise ei viss ”rausheit” ovafor folk som har gjort ein stor innsats over mange år. Ein ordførar som har hatt fullt fokus rundt vervet i mange år, vil trenge noko tid på å etablere ei ny plattform. Særleg for ein ordførar som har sete lenge, kan det vere krevjande. Det vil difor vere rimeleg at dei får økonomisk høve til å omstille seg.
Ordførarar vert ikkje omfatta av ferielova, og opparbeider difor ikkje ferieløn på ordinært vis. Godtgjersla vert utbetalt over 12 månader i året. Dette betyr at det ikkje vert utbetalt feriepengar i juni året etter at dei har slutta, slik det vert for ”vanlege” arbeidstakarar. Det synest rimeleg at ein kompenserer for dette ved å utbetale godtgjersle for ein månad i året etter at ordføraren har slutta.
I sak 127/00 i Utval for økonomi, personal og næring vart det i møte 10.07.00 gjort følgjande vedtak:
Rådmannen kan ikkje sjå at punkt 2 i vedtaket er følgd opp, og har i sitt forslag til vedtak gått noko lengre enn det som vart vedtatt i juli 2000. Det vil vere naturleg at det evt. nye vedtaket i kommunestyret vert innarbeidd i reglementet.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|