NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    NF-MUS

Saksmappe:          02/00345-66

Sakshandsamar:   Stig Holmstrøm

Dato:                      07.10.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Dekning av prosjekteringskostnader Galerie Tafjord  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

118/07

Formannskapet

15.10.07

 

 

Utsendte saksdokument:

1

Brev frå styreleiar Galerie Tafjord av 26.09.07

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

  1. Næringsutvalet stiller i utsikt dekning av en tredjedel av prosjekteringskostnader for Galerie Tafjord, som er rekna totalt til om lag kr.800.000,- . Meirverdiavgift kjem i tillegg. Kostnadene vert å dekkje over næringsfondet.
  2. Føresetnaden for kommunal medfinansiering av prosjektkostnadene er at Tafjord Kraft og Møre og Romsdal fylke vil gå inn med tilsvarande beløp.
  3. Kostnadene for Norddal kommune sin del vert å rekne inn som ein del av aksjekapitalen i selskapet.

 

 


Handsaming i Formannskapet  15.10.2007:

Ordføraren og Svein Linge gjekk frå som ugilde – no 5 representantar.

 

Signe Brenna kom med slikt forslag til vedtak:

På grunn av Tafjord Kraft sitt vedtak om Galerie Tafjord, vert saka utsett til Norddal kommunestyre har gitt mandat til sitt styremedlem, før ekstraordinær generalforsamling.

 

Rådmannen endra si innstilling til:

Pkt. 1: ……………… Kostnadene vert å dekkje over driftsbudsjettet.

 

Det vart først røysta over utsetjingsforslaget:

1 røysta for utsetjing

4 røysta i mot

 

Endeleg avrøysting:

4 røysta for rådmannen si endra innstilling

1 røysta i mot

 

 

 


Vedtak i  Formannskapet - 15.10.2007:

  1. Næringsutvalet stiller i utsikt dekning av en tredjedel av prosjekteringskostnader for Galerie Tafjord, som er rekna totalt til om lag kr.800.000,- . Meirverdiavgift kjem i tillegg. Kostnadene vert å dekkje over driftsbudsjettet.
  2. Føresetnaden for kommunal medfinansiering av prosjektkostnadene er at Tafjord Kraft og Møre og Romsdal fylke vil gå inn med tilsvarande beløp.
  3. Kostnadene for Norddal kommune sin del vert å rekne inn som ein del av aksjekapitalen i selskapet.

 

 

Saksgrunnlag:

Kommunestyret gjorde i sak 043/07  følgjande vedtak:

 

  1. Kommunestyret godkjenner auke i aksjekapitalen i Galerie Tafjord AS med kr.50.000 for kommunen sin del. Betaling skjer ved motrekning av fordring som Norddal kommune har på Galerie Tafjord AS.
  2. Kommunestyret stiller i utsikt ein auke i aksjekapitalen med 1 mill. kr., frå 4 mill. til 5 mill. under føresetnad av realisering av prosjektet, og under føresetnad av tilsvarande auke i innbetalinga av aksjekapital frå dei andre deltakarane i prosjektet.
  3. Arbeidet for etablering av eit skredsenter i Tafjord vert å integrere i arbeidet med realiseringa av Galerie Tafjord.
  4. Norddal kommunestyre vil tas endeleg avgjersle på kommunen sin vidare medverknad i prosjektet når ein får fram endeleg prosjektplan der totalkonseptet for sjølve attraksjonen kjem klart fram, og likeeins plan/avtalar om finansiering av investeringar og drift. Norddal kommunestyre vil be om framlagt sak på dette innan utgangen av 2007.
  5. Norddal kommunestyre legg til grunn at ein får driftssida til å gå i balanse, og vil signalisere at ei eventuell driftsstøtte frå kommunen si side vil vere sterkt avgrensa.

 

Saksopplysningar:

Galerie Tafjord AS har forstått pkt. 4 i vedtaket slik at det er naudsynt med framlegg av ein komplett prosjektplan der m.a. alle kostnader er synleggjort, før kommunen vil ta endeleg stilling til sin medverknad. Styret for Galerie Tafjord AS har innhenta eit overslag for kostnadene på slik prosjektering på om lag kr.800.000,- + mva. Galerie Tafjord AS har ikkje eigne frie midlar til dekking av prosjekteringskostnadene, og ber Norddal kommune vere med på ein tredel av kostnadene.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Rådmannen er samd i at det no er naudsynt med prosjektering som får fram det totale kostnadsbildet for prosjektet, slik at ein har eit betre grunnlag for å vurdere kommunen sin medverknad vidare. Føresetnaden for å vere med på finansiering av forprosjektet må likevel vere at dei to andre aksjonærane, Tafjord Kraft og Møre og Romsdal fylke går inn med tilsvarande kostnadsdekking. I dette arbeidet må prosjektering av skredsenter inngå, og rådmannen vil seinare leggje fram sak for korleis dette skal takast i vare, jfr. kommunestyret sitt vedtak pkt. 3 ovanfor.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann