|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L82
Saksmappe: 06/00088-55
Sakshandsamar: Stig Holmstrøm Dato: 03.10.2006 |
Krav om lovlegheitskontroll
k-sak 047/06
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Kommunestyret |
18.10.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Krav om lovlegheitskontroll dagsett 24.09.06 |
|
Ikkje utsendte
saksdokument:
K-sak 05/06
K-sak 047/06
Sluttrapport vedr. prosjektvurdering ”Storfjord helsesenter”
”Indre Storfjord helsesenter” – forprosjekt AS Arc-Ess
Kommunestyret avviser innsend krav om lovlegheitskontroll i sak 047/06: Storfjord helsesenter as, godkjenning av skipingsdokument.
Handsaming i Kommunestyret 18.10.2006:
Viktor Valdal, Al gjekk frå som ugild – no 20 representantar.
Røysting:
14 røysta for innstillinga
6 røysta i mot
Kommunestyret avviser innsend krav om lovlegheitskontroll i sak 047/06: Storfjord helsesenter as, godkjenning av skipingsdokument.
Kommunestyret handsama 05.09.06 i k-sak 047/06 godkjenning av skipingsdokument for Storfjord helsesenter as. I samband med handsaminga vart det frå representanten Signe Brenna varsla at det ville bli sett fram krav om lovlegheitskontroll. Slikt krav er no framsett, dagsett 24.09.06, der 5 representantar har skrive under. (Der står påført 6 namn, men ein. har ikkje skrive under.) Kravet skal handsamast av kommunestyret, jfr. Kommuneloven §59, pkt.2, 1. ledd.
Heimel for å fremje krav om lovlegheitskontroll finn ein i Kommuneloven §59, pkt.1, 1. ledd:”Tre eller flere medlemmer av kommunestyret eller fylkestinget kan sammen bringe avgjørelse truffet av folkevalgt organ eller den kommunale eller fylkeskommunale administrasjon inn for departementet til kontroll av avgjørelsens lovlighet.” Frist for framsetting av krav om lovlegheitskontroll er av Kommunaldepartementet sett til 3 veker, og kravet er såleis framsett i rett tid.
I Kommuneloven §59, pkt. 4, heiter det:
”Ved
lovlighetskontroll skal det tas stilling til om avgjørelsen
a) er innholdsmessig lovlig,
b) er truffet av noen som har myndighet til å
treffe slik avgjørelse og
c) er blitt til på lovlig måte.”
I kravet frå dei aktuelle kommunestyrerepresentantene går det ikkje fram kva for ledd i §59, pkt. 4, dei meiner skal nyttast i denne saka, men for rådmannen synest det heilt klart at korkje a) eller b) i pkt. 4 er aktuelle. Innhaldet i vedtaket er ikkje i strid med noko lovverk, og det er gjort av organ som har rett til det, i dette tilfellet kommunen sitt øvste politiske organ, kommunestyret. Det må difor vere spørsmålet om avgjersla ”er blitt til på lovlig måte” (c), som dei ønskjer å få prøvd.
I kravet som er framsett, jfr. vedlegg, er det hevda at det har mangla dokument i saka, at dokumenta ikkje har vore samsvarande, at det har vore manglande drøftingar i politiske fora og at økonomiske konsekvensar ikkje har vore vurdert. Til alt dette er å seie at kommunestyret er suverent til å avgjere om ei sak er tilstrekkeleg utgreidd til at dei kan fatte vedtak. Fleirtalet i kommunestyret må ha meint dette, sidan dei ikkje korkje har utsett saka eller bede om meir opplysningar. På dette grunnlag kunne kravet om lovlegheitskontroll vore avvist, men rådmannen finn grunn til å kommentere dei påstandane som vert sett fram:
Det er rett at rapporten frå forprosjektet frå arkitektfirma AS Arc-Ess ikkje har vore lagt fram, av di dette var ei rein forprosjektering av eit muleg helsesenter. Slik forprosjektering må det vere styret for Storfjord helsesenter som tar stilling til. Dei tal som der var nytta for kostnader, må vere berre å sjå som førebelse, men samsvarar godt med dei tala som var lagt fram i k-sak 05/06 Muriparken. Det høyrer med til historia at så vel politisk som administrativ leiing i kommunen sat i prosjektgruppa som bestilte utgreiinga frå AS Arc-Ess.
Behovsvurdering har vore gjort av Sintef MRB gjennom ei omfattande kartlegging av marknaden for helsetenester i Indre Storfjord i oktober/november –04. Dette er presentert i ”Sluttrapport vedr. prosjektvurdering Storfjord helsesenter,” som var vedlagt k-sak 05/06. Interimsstyret har dessutan halde møte med potensielle interessentar, og dette har vore orientert om frå rådmann og ordførar i formannskapet.
Selskapsform var vurdert i rapporten som følgde k-sak 05/06, og storleik på kommunen sin aksjeandel var presentert i sjølve saka og i den munnlege presentasjonen med lysbildeframvising av Sintef MRB i kommunestyremøtet. Det vart under den politiske handsaminga ikkje fremja forslag om anna selskapsform. Det ville også vore muleg under handsaminga av k-sak 047/06 å ta opp forslag om annan storleik på kommunen sin aksjepost. Dette vart ikkje gjort.
Vurderingar av dei økonomiske konsekvensane var gjort i k-sak 05/05, også i rapporten som var vedlagt saka. I den munnlege presentasjonen frå Sintef MRB vart dette også tatt opp på brei basis.
Rådmannen vurderer Sintef MRB til å vere eit velrennomert rådgivingsfirma med stor integritet i høve oppdragsgivar, og ser ikkje at Muritunet sin bruk av firmaet skulle gjere dei inhabile i høve til Norddal kommune sin bruk av dei i ei sak der vi på mange måtar har samanfallande interesser.
Ut frå ovannemnde meiner rådmannen at kravet om lovlegheitskontroll må avvisast. Viss kommunestyret sluttar seg til innstillinga, vert kravet å sende over til fylkesmannen for vurdering.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|