|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 31/5
Saksmappe: 05/00880-3
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 31.01.2006 |
Disp. frå krav om
regulering, hytteområde - Ove-Vegard Selboskar
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
06.02.06 |
Utsendte saksdokument:
Søknad i brev dagsett 29.01.06
Kartutsnitt (målestokken større enn 1:1000)
Ikkje utsendte
saksdokument:
Søknad (skjema m/kartvedlegg) dat. 25.11.05
Gjeldande kommuneplan, arealdel, delplan Fjørå
Gjeldande bestemmelsar for arealdelen
I medhald av § 7 i Plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon frå plankravet i gjeldande kommuneplan, arealdelen, for å kunne dele frå ei hyttetomt på om lag 500 m2
frå gnr. 31, bnr. 5 i Fjørå, søknad sist datert 29.01.06 og kartutsnitt datert 26.01.06.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 06.02.06:
Det var synfaring på staden.
Magne Almstad kom med slikt forslag til vedtak:
Det faste utvalet for plansaker finn ikkje grunnlag for dispensasjon frå kravet til reguleringsplan for det omsøkte området. Ein reguleringsplan bør omfatte heile feltet som er avsett i arealdelen i kommuneplanen.
Røysting:
3 røysta for Almstad sitt forslag som fall
4 røysta for innstillinga
I medhald av § 7 i Plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon frå plankravet i gjeldande kommuneplan, arealdelen, for å kunne dele frå ei hyttetomt på om lag 500 m2
frå gnr. 31, bnr. 5 i Fjørå, søknad sist datert 29.01.06 og kartutsnitt datert 26.01.06.
Søknaden gjeld ein hyttetomt som vert søkt delt frå gnr. 31/5 i Fjørå, området vert kalla Høgste-hauane.
På gjeldande kommuneplan, arealdelen,(delplan Fjørå) er det på Høgste-hauane avsett eit samanhengande mindre område for om lag totalt 3 hytter.
Kommuneplanen har krav om det skal ligge føre reguleringsplan for byggeområde før deling kan gjennomførast.
Hyttetomten søknaden gjeld, merka med 1 på kartvedlegget, ligg mot ytterkanten (vest) av hytteområdet i arealplanen.
Det er ikkje oppgjeve eit areal for tomten, men ein antar at om lag 500 m2 er tilstrekkeleg.
Frå hovudregelen om at eit byggeområde skal vere regulert, før deling og bygging, kan det gjerast unntak ved dispensasjon frå kravet om reguleringsplan; dispensasjonen kan gjevast etter § 7 i PBL.
Kravet til å kunne gje dispensasjon er at det føreligg særlege grunnar.
Tidlegare har det vore praksis å kunne gje dispensasjon for ei tomt i eit større område, når tomten ligg i utkanten og slik at den med visse ikkje kan skape vanskar for seinare gjennomføring av reguleringsplan (vegframføring, bygningsplassering, evt. avløp m.v.)
Søknaden som ligg føre for å dele frå ei hyttetomt på om lag 500 m2 frå gnr. 31/5, kan ikkje handsamast som delingssak etter PBL før det ligg føre reguleringsplan eller dispensasjon frå kravet om regulering.
I denne saka gjeld det ein forholdsvis liten tomt og i kanten av det avsette hytteområdet. Denne tomten kan, slik vi ser det, ikkje skape vanskar for seinare utarbeiding av reguleringsplan for området.
Praksis i liknande saker har vore at ein ser på dette som ein særleg grunn, og at forholda for å kunne gje dispensasjon etter § 7 i PBL såleis ligg føre i denne saka.
Når forholda til regulering er avklara kan søknaden handsamast på vanleg måte etter § 93 i PBL.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|