|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12
Saksmappe: 05/00881-2
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 30.01.06 |
Søknad om endring av område
i kommuneplanen for Hauane i Fjørå
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
06.02.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Søknad frå Ove Vegard Selboskar, dagsett 29.11.05 |
|
|
2 |
Kart som syner området |
Ikkje utsendte
saksdokument:
Det faste utvalet for plansaker viser til gjeldande delplan for Fjørå i kommuneplanen og vil vurdere bruk av areal for område B2 Hyseneset ved rullering av arealdelen til kommuneplanen.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 06.02.06:
Det var synfaring på staden, og det vart peika på at området heiter Hyseneset.
Merete Løvoll Rønneberg kom med slikt forslag til vedtak:
Det faste utvalet for plansaker stiller seg positiv til at det vert fremja reguleringsplan for hytteområdet B2 Hyseneset.
Røysting:
1 røysta for Rønneberg sitt forslag som fall
6 røysta for innstillinga.
Det faste utvalet for plansaker viser til gjeldande delplan for Fjørå i kommuneplanen og vil vurdere bruk av areal for område B2 Hyseneset ved rullering av arealdelen til kommuneplanen.
Det ligg føre søknad frå Ove Vegard Selboskar som eigar av gnr 31 bnr 5,9 i Fjørå om omdisponering av areal i kommuneplanen frå bustadområde til hytteområde.
1. Bakgrunn
Området det gjeld er utlagt bustadområde B2 Hyseneset, eller Hauane. Arealet er om lag 18 daa, og er avgrensa av Fv 092 mot sør og vest, av frukthage mot nord og av høgspentlinje mot aust. Denne bandlegg om lag 3 grunn.
I søknaden vert det vist til tidlegare handsaming. Området sto på kommuneplankartet i den første planen i 1996 og er vidareført i noverande plan frå 2002. I 1998 var det lagt fram eit privat forslag til reguleringsplan, men det var ikkje fremma då kommunen ynskte ei samordning med fleire grunneigar og ville kome attende med eit møte. Det var ikkje gjort noko meir, og søkjar viser til at det har ikkje vore etterspurnad etter bustadtomter på desse 10 åra. Derimot er det spørsmål etter hyttetomter i området.
Området består av to hovudparsellar av eigedomane 31/1 og 31/9 med om lag helvta på kvar. Frå 31/5 er det skilt i frå 2 hyttetomter, 31/12 og 31/13, og desse er ubebygde. Det er då att rom for 2-3 hyttetomter på 31/9. Skal området nyttast til bustadområde, måtte alle eigedomsparsellane nyttast til dette under eitt.
Ved handsaming av planen i 1996 var det motsegn frå Statens vegvesen til dette området. Kommunen argumenterte med at ein trong området til bustader, og fekk gjennomslag for det under meklinga. Arealbruken er vidareført i planen av 2002. Føremål hytter har ikkje vore vurdert før. Skal ein endre til føremål hytter, må det gjelde alle fire eigedomsparsellane.
2. Vurdering av eigna areal
Området ligg vendt mot sørvest, er solrikt med utsikt over fjorden.
Terrenget er noko bratt, gjennomgåande 1 : 3 som er maks helling for frittliggande einebustader. Grunnen er berre fjell.
Det er stor høgdeskilnad opp frå fylkesvegen, men det er råd å få til ein veg med helling 1 : 10 og med ein slyng. Ein vil få til maks 8 bustadtomter over vel 300 meter veg.
Området har gode kvalitetar som buplass, men terrenget er tungt for framføring av veg og opparbeiding av tomter. I det heile teke, vel kostbart å få til, og dei fleste tomtene blir litt for bratte for dei fleste.
Det er ikkje krav til framført veg for hytter, men vanleg standard i dag er at dette blir gjort.
Ut i frå kva området er eigna til, bør det takast ut som bustadområde ved neste rullering av kommuneplanen.
I høve til søknaden er det fleire alternativ:
a. Utsette avgjerd til rullering av arealdelen er gjennomført.
b. Tilrå omdisponering til hytteområde som blir fremma som reguleringsplan.
Når rullering er så vidt nær i tid, vil ein tilrå alt.a.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|