|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 611
Saksmappe: 03/00627-17
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 02.10.07 |
Sal av tomt nr 3 i Djupøyna
- Rempro
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
15.10.07 |
Utsendte saksdokument:
Forslag til kjøpekontrakt med Rempro
Kartvedlegg, M=1:1000, dat 04.10.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
Søknad frå REMPRO om kjøp av industritomt
Tomtedelingsplan for Djupøyna industriområde av 06.09.06, rev. 10.09.07
Sak 094/06, møte 11.09.06, formannskapet
Kjøpekontrakt med Remseth Maskin AS av 22.02.07.
Norddal kommune vedtek å selje del av tomt nr. 3 i Djupøyna industriområde til firma
Rempro i samsvar med framlagt forslag til kjøpekontrakt og kartvedlegg dat. 04.10.07.
Norddal kommune vedtek å selje del av tomt nr. 3 i Djupøyna industriområde til firma
Rempro i samsvar med framlagt forslag til kjøpekontrakt og kartvedlegg dat. 04.10.07.
Handsaming i Formannskapet 17.09.2007, sak 094/07:
Svein Linge kom med slikt forslag:
Saka vert utsett til neste møte i formannskapet. Administrasjonen legg fram kjøpsavtale etter same vilkår som nabotomten seld til Remseth Maskin.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med Svein Linge sitt forslag.
Det er no utarbeidd ein kjøpsavtale for del av tomt nr. 3 i Djupøyna i 11 pkt.; jfr. saksvedlegg.
Det er lagt inn i forslaget til kjøpsavtale med Rempro at leigeavtalen for 1250 m2 vart vart vedteken i formannskapssak 094/06 går ut, og ein må vel oppfatte denne til å vere tibakevikande i høve betaling av leige.
Vilkåra i avtalen som er foreslegen er ganske annleis enn for Remseth Maskin AS når det gjeld kommunen si deltaking i opparbeiding av tomta. Rempro har allereie ført opp ein industrihall på den sørlege delen av tomta. Største del av tomt nr. 3 kan ikkje byggast på før høgspentlina er fjerna/omlagt. Dersom det skulle skje at fjerninga av høgspentlina dreg veldig ut i tid/ikkje vert fjerna, synest det noko kunstig å selje heile tomta for kr 1,- no, når ein ser føre seg at kommunen treng m.a. lagerareal knytt opp mot den planlagde driftsstasjonen på tomt nr. 4 og i staden må kjøpe til meir areal til ein høveleg kvadratmeterpris.
Frå administrasjonen si side ser ein det slik at kommunen i denne omgang berre burde selje om lag halve tomt 3 til Rempro, og vente med sal av den andre halvparten som ligg under høgspentlina til høgspentlina er fysisk flytta ut av tomten og den kan nyttast for oppføring av industribygg.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|