NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    73/45

Saksmappe:          07/00636-3

Sakshandsamar:   Lars Kjell Smoge

Dato:                      28.09.07

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

"Bakarhuset" - disp. frå reg. plan - Frode Rørhus A/S

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

046/07

Det faste utvalet for plansaker

15.10.07

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Søknad i brev dagsett 08.08.07 frå siv.ark. Drageseth.

Utsnitt av gjeldande reguleringsplan for Ytterdal

Reguleringsføresegner

Situasjonsplan, M=1:500

3-D illustrasjon dagsett 03.08.07

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Gjenpart av nabovarsel av 04.08.07

Søknad om rammeløyve (skjema)

Planteikninga for 1.-4. etasje

 

 


Rådmannen si innstilling:

I medhald av § 7 i Plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon frå reguleringsplanen Ytterdal for innreiing av ”Bakarhuset”, gnr. 73/45, i samsvar med søknad frå  siv.ark. Øyvind Drageseth dagsett 08.08.07 på følgjande vilkår:

 

På eigen grunn skal vere tilgjengeleg eit parkeringsareal som tilsvarar normen i høve antal husvære på eigedomen (10 p-plassar).

 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  15.10.07:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 15.10.07:

I medhald av § 7 i Plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon frå reguleringsplanen Ytterdal for innreiing av ”Bakarhuset”, gnr. 73/45, i samsvar med søknad frå  siv.ark. Øyvind Drageseth dagsett 08.08.07 på følgjande vilkår:

 

På eigen grunn skal vere tilgjengeleg eit parkeringsareal som tilsvarar normen i høve antal husvære på eigedomen (10 p-plassar).

 

 

 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Det ligg føre søknad (rammeløyve) frå den nye eigaren av ”Bakarhuset” gnr. 73/45 i Eidsdal for utbetring av bygninga; jfr. saksvedlegg.

Planlagt ominnreiing av 1. høgda (tidlegare bakeri og telefonstasjon) til to husvære inneber at det må ligge føre dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan; jfr. gjeldande plan m/føresegner.

Planane for utbetinga av bygninga er utarbeidd av sivilarkitekt MNAL Øyvind Drageseth, Ålesund.

Saksopplysningar:

I gjeldande reguleringsplan for Ytterdal vedteken i 1992 ligg ”Bakarhuset” på forretningsområde F2 og reguleringsføresegnene har slik ordlyd i første del av § 4:

 

a. Bygga skal vere i inntil 3 etasjar.

b. I  2. og 3. etasje av bygga kan det innreiast husvære.

 

I søknaden frå eigar Frode Rørhus AS går det fram at det no er planlagt i tillegg til dei to husværa i 1. etasje, to husvære i 2. etasje, to husvære i 3. etasje og to mindre husvære i 4. etasje (loftet).

 

Vidare er det planlagt veranda/balkong for husværa både på syd- og nordveggen og eksisterande ark mot nord vert utvida og nye arker mot syd..

 

På nabovarsel føreligg ikkje merknader.

Saksvurdering og konklusjon:

Ved dispensasjon frå reguleringsplan har ein ikkje endra reguleringsføremål, slik at til dømes dersom aktuell bygning skulle gå tapt, må det eventuelt gjevast ny dispensasjon frå planen dersom ein skal føre opp att bygning til anna enn reguleringsføremålet.

 

På situasjonsplanen er synt 6 parkeringsplassar for bil. Det er ein føresetnad at eigedomen sitt parkeringsbehov vert dekt på eigen grunn etter gjeldande norm. Normalt tal parkeringsplassar vil vere 1 parkeringsplass + 20 % pr. husvære, dvs. 8 x 1,2 = 9,6  dvs. 10 parkeringsplassar for personbil.

 

Utifrå at det mellom anna ikkje har vore aktuelt med forretnings-/næringsdrift i ”Bakarhuset” på mange år, finn ein etter ei samla vurdering i saka at ein kan tilrå dispensasjon frå reguleringsplanen i dette høve.

Loftet får etter ombygging så stort nyttbart bustadareal at det må definerast som eigen etasje, men huset vert ikkje høgare, berre endring på ark mv. og ein kan ikkje sjå at dette skaper vanskar i praksis.

Dei brann- og bygningstekniske tilhøva m.v. i saka vert å handsama på vanleg måte som byggesak etter PBL.

 

Når det gjeld samfunnstryggleiken ligg Eidsdal sentrum lite utsett for flodbølgjer etter moglege fjellskred frå Hegguraksla og Åkneset så langt ein har konkret kunnskap i dag. I følgje Åknes/Tafjord-prosjektet, vil flodbølgjer frå Hegguraksla dimensjonere faresona for flodbølgjer med sannsyn større enn 1/1000 pr. år i Norddalsfjorden. Det er lagt til grunn at skred frå Hegguraksla gir faresone tilsvarande utbreiing av flodbølgjene ved Tafjordulykka i 1934. I Eidsdal gjorde bølgjene i 1934 ingen nemnande skade; den gamle naustrekka vest for fergjekaia må vere eit eksempel her.

 

Dersom Åknes/Tafjord-prosjektet tilfører ny kunnskap (t.d. ved modellforsøk av ras til fjord-systemet), så må det naturleg nok leggast inn i aktuelle byggesaker i kommunen.

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann