|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 614
Saksmappe: 07/00657-4
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 27.09.2007 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
21.11.07 |
Utsendte saksdokument:
Gjeldande driftsavtale
Ikkje utsendte
saksdokument:
DU-sak 87/05
1. Norddal kommune held fram som drivar av Valldal samfunnshus. Huset er eigd av Norddal kommune og andelseigarar.
2. Ny avtale vert gjeldande fram til 2012. Då skal det på nytt evaluerast.
Norddal kommune gjekk i november 2005 inn på ein toårig prøveavtale der kommunen tok over drifta av Valldal samfunnshus.
Bakgrunnen for driftsendringa var at ein hadde problem med å få til ei heilskapleg drift av bygget med to eigarar, og fleire rom som det ikkje er klart eigarforhold på. I tillegg var det vanskeleg å få folk til å stille på i styret. Det er største forsamlingslokalet i kommunen, og bruken er til dels sprengt gjennom veka.
Det har vore fleire møter i styret gjennom året, og ein har fått på plass ein god del rutinar. Ein har også fått gjort mange viktige avklaringar knytt til både bygning og inventer.
Tilbakemeldingane frå styret er eintydige – ein ønskjer at dette skal verte ei permanent ordning. Moment som kom fram på styret møtet var:
· Har dei to siste åra fungert betre enn før ordninga kom i gang.
· Fått plass mange rutinar.
· Skulen synest det er bra å ha nokon fast å forhalde seg til.
· Fungerer bra med utleige via servicetorget.
· Brukarane er jamt over flinke til å følgje reglar. Skal bli endå flinkare til å ha det skofritt etter skuletid.
· Har fått gjort mykje på dugnad. Lettare å få folk til å delta når dei får bidra med konkrete arbeidsoppgåver.
· Årlege brukarmøte med diverse orienteringar.
· Heis og handikaptoalett eit resultat av betre koordinering og felles fokus. Arbeidet er i gang for å kome vidare med ytterlegare rehabilitering av bygget.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|