|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 4/61
Saksmappe: 06/00563-5
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 26.09.2006 |
Klage på vedtak om dispensasjon frå bygge- og deleforbod - Murigrandane
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
16.10.06 |
Utsendte saksdokument:
Klage frå Valldal Auto-Maskin dat. 14.09.06
Ikkje utsendte
saksdokument:
Sak 053/06 i Det faste utvalet for plansaker
Søknad frå Valldal Auto-Maskin dat. 09.08.06
Kart som syner påtenkt plassering av vaskeanlegg
Kvittering for nabovarsel
Teikning av overbygt vaskeanlegg
Det faste utvalet for plansaker har vurdert klaga frå Valldal Auto-Maskin av 14.09.06 på vedtaket i sak 053/06 om dispensasjon frå bygge- og deleforbodet på Murigrandane.
Utvalet vil halde på sitt vedtak i sak 053/06 og finn såleis på noverande tidspunkt ikkje å kunne gje dispensasjon.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 16.10.06:
Forslag frå Merete Løvoll Rønneberg, Sp:
Det faste utvalet for plansaker har vurdert klaga frå Valldal Auto-Maskin av 14.09.06 på vedtak i sak 053/06 om dispensasjon frå byggje- og deleforbod på Murigrandane.
Planutvalet kan ikkje sjå at tiltaket er i konflikt med dei føringar som ligg i påbyrja reguleringsplan for området. Tiltaket vert òg vurdert som eit minimums-risikobygg med tanke på faren for flodbølgje etter fjellskred Heggurdsaksla/Åkneset.
På bakgrunn av dette imøtekjem ein klagar, og det vert gjeve dispensasjon frå byggje- og deleforbodet på Murigrandane for oppføring av utandørs vaskeanlegg for bilar.
Arne Sandnes, Sp, sette fram slikt forslag om tilleggspunkt til forslaget frå Merete Løvoll Rønneberg:
Planutvalet føreset at utforminga av bygget tilfredsstiller estetiske krav som er naturleg å stille for området.
Røysting:
Vedtak samrøystes i samsvar med forslaga frå Merete Løvoll Rønneberg og Arne Sandnes.
1. Det faste utvalet for plansaker har vurdert klaga frå Valldal Auto-Maskin av 14.09.06 på vedtak i sak 053/06 om dispensasjon frå byggje- og deleforbod på Murigrandane.
Planutvalet kan ikkje sjå at tiltaket er i konflikt med dei føringar som ligg i påbyrja reguleringsplan for området. Tiltaket vert òg vurdert som eit minimums-risikobygg med tanke på faren for flodbølgje etter fjellskred Heggurdsaksla/Åkneset.
På bakgrunn av dette imøtekjem ein klagar, og det vert gjeve dispensasjon frå byggje- og deleforbodet på Murigrandane for oppføring av utandørs vaskeanlegg for bilar.
1. Planutvalet føreset at utforminga av bygget tilfredsstiller estetiske krav som er naturleg å stille for området.
I møte den 11.09.06 gjorde Det faste utvalet for plansaker slikt fleirtalsvedtak i sak 053/06:
Det faste utvalet for plansaker har vurdert søknaden frå Valldal Auto-Maskin av 09.08.06 om dispensasjon frå bygge- og deleforbodet på Murigrandane, men finn ikkje på noverande tidspunkt å kunne gje dispensasjon.
Det ligg føre klage frå
Valldal Auto-Maskin v/Jostein og Randi Tafjord på vedtaket i sak 053/06;
klaga er dagsett 14.09.06;
jfr. saksvedlegg.
Klaga frå Valldal Auto-Maskin på vedtaket i Det faste utvalet for plansaker i sak 053/06 er innkomen i rett tid i høve reglane i Forvaltningslova §00.
I klaga vert det vist til § 33 i PBL og klagar kan ikkje sjå at tiltaket med vaskeanlegg (40 m2) kan skape vanskar for den nye reguleringa på Murigrandane.
Vidare vert det i klaga av 14.09.06 vist til § 27-1 i PBL om aktiv medverknad i reguleringsprosessar.
Dessutan vert det vist til PBL sine §§ 33-1 og 33-2 om konsekvensutgreiing i forhold til reguleringsarbeid.
Når det gjeld dei formelle reglar for dispensasjon frå eit vedtak med heimel i § 33 i PBL om bygge- og deleforbod vert ein dispensasjon frå bygge- og deleforbodet eventuelt gjort med heimel i § 7 i PBL.
§ 27 i PBL har klare reglar om utarbeiding av reguleringsplan, dette gjeld kunngjering, aktiv medverknad frå dei som bur og driv næringsverksemd i området reguleringa gjeld osv.
§§ 33-1 og 33-2 i PBL omhandlar formål med konsekvensutgreiing og plikt med slik utgreiing.
Det som klagarane skriv om medverknad i høve arbeid med regulering (§ 27) og konsekvensutgreiing (§§ 33-1 og 33-2) har ikkje noko å gjere i denne saka om klage på vedtaket om ikkje å gje dispensasjon frå bygge- og deleforbodet på Murigrandane.
Ein kan her skyte inn at konsekvensutgreiing etter PBL gjeld tiltak som kan ha vesentleg konsekvens for miljø, naturressursar eller samfunn; ei omregulering av Murigrandane som det er lagt opp til vil neppe vere vesentleg i lova sin forstand. Plikt til å utgreie konsekvens i denne samanhengen ligg på tiltakshavar.
Som handsamar av denne saka, legg ein til grunn at reglane i gjeldande PBL vert følgde i samband med omreguleringsprosessen som er i gang for Murigrandane.
Reguleringsplanarbeidet for Murigrandane kan ein sjå føre seg vil strekke seg ut 2006 og såleis er det ikkje langt fram i tid til forventa vedtak i den nye reguleringsplanen for området.
Utifrå ei samla vurdering på dei moment som ligg føre i saka og klaga av 14.09.06 frå Valldal Auto-Maskin, finn ein å rå Det faste utvalet for plansaker til å halde på sitt vedtak i sak 053/06 og ikkje gje dispensasjon frå vedteke bygge- og deleforbod.
Viser det seg derimot at reguleringsarbeidet for Murigrandane dreg ut vesentleg lengre i tid enn forventa, må det vere naturleg at saka kan takast opp att.
Dersom utvalet vel å halde på sitt vedtak i sak 053/06 vert saka på vanleg måte å oversende Fylkesmannen i Møre og Romsdal for avgjer.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|