|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: A27
Saksmappe: 06/00051-9
Sakshandsamar: Kjell Rønning Dato: 25.09.2006 |
Framtidig drift av Ytste
Skotet som formidlingsstad for barn og unge
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
02.10.06 |
Utsendte saksdokument:
Brev frå Stordal kommune om framtidig drift av Ytste Skotet som formidlingsstad for barn og unge.
Ikkje utsendte
saksdokument:
Norddal kommune aukar sitt årlege tilskot til drift av Ytste Skotet frå kr 13 000 til kr 20 000.
Norddal kommune aukar sitt årlege tilskot til drift av Ytste Skotet frå kr 13 000 til kr 20 000.
Sunnmøre Museum og Stordal kommune har utarbeidd eit framlegg til ein revidert driftsavtale for Ytste Skotet. Målet er å kunne halde fram med å tilby opphald og overnatting for elevar slik at dei kan oppleve og lære om korleis det var å leve på ein gard før i tida.
Det er i dag Sunnmøre Museum som har det administrative ansvaret for Ytste Skotet. Drifta er finansiert gjennom denne fordelinga:
Statstilskot: 60 %
Fylkestilskot: 20 %
Kommunetilskot 20 %
Av kommunetilskotet har Stordal kommune dekt 1/3 medan kommunane Sykkylven, Stranda, Skodje, Ørskog og Norddal til saman har dekt 2/3 med likt beløp frå kvar kommune. For Norddal og dei 4 andre kommunane har dette dei siste åra utgjort ei utgift på kr 13 000 på kvar. Dei kommunane som betalar inn tilskot får til gjengjeld opphald for elevar på Ytste Skotet til reduserte satsar.
Dei siste åra har drifta ved Ytste Skotet lide av at dei økonomiske rammene har vore i trongaste laget. Dette har ført til ei vesentleg meirbelastning for dei som har arbeidd der, og det har gjort det vanskelegare å halde på tilsette i lengda.
For å få til ei tilfredstillande drift vil det vere behov for å ha eit årsbudsjett på 750 000 kr. Den kommunale delen av dette tilskotet vil vere 150 000 kr. Etter gjeldande fordeling vil dette føre til at Stordal som vertskommune vil måtte yte eit beløp på 50 000 kr, medan dei 5 andre deltakarkommunane må yte 20 000 kr kvar.
Ytste Skotet har vore eit positivt lærings- og opplevingstilbod som har blitt mykje nytta av skulane i Norddal. Det vil derfor vere viktig også for Norddal at elevane herifrå kan bruke Ytste Skotet på same måte som tidlegare. Når dette kan gjerast ved ein årleg auke i tilskotet på 7 000 kr, er det grunn til gå inn for ein slik revidert økonomisk avtale.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|