NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    L12

Saksmappe:          05/00730-1

Sakshandsamar:  

Dato:                      31.01.06

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Bruk av areal i Tafjord for båthamn/camping  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

068/05

Det faste utvalet for plansaker

17.10.05

003/06

Det faste utvalet for plansaker

06.02.06

 

Det faste utvalet for plansaker

 

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

 

Vedlegg:

1

Framtidige planer for Båthamn Camping Tafjord

2

Gjeldane reguleringsplan Del av Tafjord

3

Kart som syner området

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

Det faste utvalet for plansaker har vurdert bruk av areal og tiltak i høve til utgreiing om Båthamn, camping, Tafjord.  Planutvalet vil avgrense tiltaka til det området som i dag ligg til båthamna/campingplassen etter feste og avtale, og desse tiltaka må vere i samsvar med reguleringsplan eller dispensasjon og vere godkjende i høve til plan- og bygningslova.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  17.10.05:

Saka vart trekt.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 17.10.05:

Saka vart trekt.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  06.02.06:

Saka vart utsett.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 06.02.06:

Saka vart utsett.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Brukarane av Båthamn Camping Tafjord har teke kontakt med kommunen om bruk av areal kring campingplassen og båthamna.  Til dette er det laga ein rapport som oppsummerer den første sesongen som er gått, og som syner planar og behov for dei neste 5 åra.  Ein oppfattar dette som ein førespurnad om tilrettelegging frå kommunen, og førespurnaden vil bli vurdert i høve til eigedomstilhøve, gjeldande planar og bruk av tilgrensande areal.

Saksopplysningar:

1.  Samandrag av Framtidige planer for båthamn camping Tafjord, fra 2006 til 2010

Frå 2005:         totale overnattingar       621

                        Gj.sn.opphald              4,5 netter

                        Nederlandske turister   37 familier

Det blir drive aktiv marknadsføring i Belgia, Tyskland og Nederland

Ein har erfaringar som kan gjere at ting kan bli betre. 

 

Negative ting som var:

-         trafikk og parkerte bilar kring campingplassen hindra turistane i å kome seg opp på campingplassen

-         campingvognene står annleis enn på teikninga fordi det er fylling med stein der vogner ikkje kan stå

 

Positive ting som var:

-         at ein fekk nytte toaletta til bassenget, men det var ikkje praktisk

 

Nye planar:

-         samtalar om trafikkavvikling

-         ønsker grasmarka mot elva ved sida av vegen og vegen i området

-         parkeringsplass på den andre sida av fylkesvegen for gjestane til bassenget, og TK er positive til dette.  Det vil gi betre oversikt på campingområdet, og betre plass for parkering.  Det går ikkje an slik som no.

-         Vil tilby gjestene eigne plassar for bilparkering slik at vogner og telt står for seg.  Bilane tek for mykje plass av campingplassen

-         Vil installere nytt og eige sanitair units

-         Ha plassar for bobil mot elva

-         Tømestasjon for bobilar foran der kiosken er i dag

-         Eco-turisme, plass for små telt ved moloen mot elva

-         Plassering av hytter i vasskanten mot småbåthamna og i nordaustre hjørne med utfylling

-         Ekstra terrasse i hjørne på moloen mot fjorden

 

Avsluttingsvis blir det vist til at det var aldri skikkeleg camping på området.  Norddal kommune ønskte å skape området for turistar, og det er ei oppgåve dei vil ta tak i.

 

Det er laga ein tidsplan for tiltaka slik:

1.  Betre inngang til campingplass         2006

2.  Nye toalett og dusjar                                  2006

3.  Bobil/hytter terrassar                      2006 

4.  Hytter                                            2006 – 2008

5.  Eco-terreng                                    2006

6.  Stasjon for bubilar                          2008 – 2009

7.  Skilting ved kommunen                   2006

 

2.      Planstatus og utbygging

Gjeldande plan for området er reguleringsplan Del av Tafjord, vedtatt av kommunestyret 22.11.84.  Den viser eitt friområde F1 for symjebasseng og eitt friområde F2 innanfor dette.  Vidare er småbåthamn, tilgrensande fylkesveg og veg ned til småbåthamna frå fylkesvegen vist som trafikkområde.  Arealet mellom elva og denne vegen er og sett av som trafikkområde.

Etter reguleringsføresegnene skal det på område F1 oppførast symjebasseng.  Det kan også på F1 oppførast andre bygg og anlegg som kan ha direkte tilknyting til den aktiviteten som er knytt til symjebassenget.  Området skal opparbeidast parkmessig med tilstrekkeleg parkeringsareal.  Det er og vist felles tilkomst for F1 og F2 i søraustre hjørne.

Denne planen er det oreigna grunn etter, og denne er det bygt ut etter.  Friområdet og småbåthamna er fylt ut med masser frå utbygginga av K5.  Symjebassenget ligg på denne steinfyllinga.  På friområde F2 er det ikkje fylt på inste delen.

Symjebassenget er bygt ut etter ein samla plan laga av arkitekten med hovudbasseng, fotbasseng, teknisk rom, kiosk og garderobar.  Seinare kom plaskebasseng til.  Kring bassengområdet går det eit høgt gjerde.  Utom det høge gjerde er det eit grøntområde med eit lågt gjerde i kring.

Småbåthamnelaget søkte kommunen om å få nytte arealet på F2 utanom bassengområdet inntil vidare til kommunen fann bruk av arealet, og å nytte det til oppstilling av campingvogner.  Til dette var det gitt  dispensasjon frå reguleringsplanen.

van der Meule har leigeavtale med kommunen på arealet mellom det høge og det låge gjerdet.  Dette har ikkje vore handsama i høve til reguleringsplanen.

 

3.      Eigedomstilhøve

Tafjord Kraftselskap åtte den ytre del av området frå elva og opp mot fylkesvegen, gnr 37 bnr 12, 83.  Grunneigarane i Tafjord, gnr 37 bnr 1 – 8, åtte frå elveosen og heile strandlinja inn til Fjordlaks sitt anlegg.

Dette var oreigna som gjennomføring av reguleringsplan.  Kommunen eig då gnr 37 bnr 142, 143, 144.  Småbåthamna er festegrunn gnr 37 bnr 143 fnr 1 der van der Meule er festar.

 

 

Saksvurdering og konklusjon:

1.  Vurdering av dei einskilde tiltaka innanfor reguleringsplanen

1.  Betre inngang til campingplass         2006

Dette inneber at parkeringsplassen som er på vestsida av bassengområde blir nytta til campingplassen, og gjestar til bassenget blir vist til ny parkeringsplass på TK sitt område på sørsida av vegen.

Parkeringsplassen ligg i sin heilskap på friområde F1, og etter reguleringsføresegnene er parkeringsplassen knytt til friområdet.

Parkering på TK sitt område skjer også i dag når det er stort besøk på gode dagar.  Det virkar, men å vise all parkering hit vil ikkje vere funksjonelt i høve til friluftsbadet.

 

2.  Nye toalett og dusjar                                  2006

Dette er eit mobilt anlegg og vil bli montert på område F2 på eks.campingplass der det er gitt dispensasjon. 

 

3.  Bobil/hytter, terrassar                     2006 

Dette er på kanten langs elva.  Dette er TK sin eigedom og er regulert til trafikkområde.  I alle reguleringsplanar held ein ope ein korridor langs elva.  Det er neppe aktuelt med bebyggelse her.

Terrasse er på ytste hjørne av moloen.

 

4.  Hytter                                            2006 – 2008

Dette er plassert langs sjøkanten på småbåthamnområdet og i inste hjørne på F2.

 

5.  Eco-terreng                                    2006

Dette er på småbåthamnområdet og kan gå, men må regulerast for føremålet.

 

6.  Stasjon for bubilar                          2008 – 2009

Dette er foran noverande kiosk og kan neppe vere aktuelt utan at kiosken opphøyrar.

 

7.  Skilting ved kommunen                   2006

Offentleg trafikkskilt krev eigne vedtak.

 

2.      Oppsummering

Tiltak 1 (parkering) og tiltak 6 (tømestasjon) inneber ein heilt ny struktur på området for friluftsbadet, og gjer det vanskeleg å drive friluftsbadet som eiga eining.  Skal dette vere varig, krev det ei reguleringsendring.

Tiltak 2 (toalett- og dusjanlegg) vil vere på eks. campingplassområde.  Dette er greitt i høve til plan- og bygningslova.

Tiltak 3 (bubilar på elvekanten) krev ei reguleringsendring, men det haldning og praksis til no har vore at elvekantane skal vere frie.  Terrasse på moloen kan inngå i eks. reguleringsføremål, men det er  dette kan bli fiskeplass, og fisket ligg til grunneigarane (37/1-8).

Tiltak 4 (hytter langs sjøkanten).  Hytter innanfor småbåthamnområdet må regulerast til byggeområde.  Utfylling med hytter på F2 er ikkje aktuelt.

Tiltak 5 (eco-terreng med teltplass på moloen i elveosen).  Dette krev reguleringsendring.  Avgrensing mot elva må vere slik at det ikkje hindrar ferdsle langs elva, min. 5 meter, og då blir det neppe plass.

Tiltak 6 (tømestasjon) inneber ein heilt anna bruk av friluftsbadet, men dette tiltaket ligg noko ut i tid.

 

Spørsmålet er kva kommunen som grunneigar kan vere med på, og så blir eventuelt reguleringsarbeid ein konsekvens for å gjennomføre dette.  Men det må vere realistiske tiltak.  Tiltak bør avgrensast til det området som båthamn/camping har til rådvelde i dag dvs. festeområdet for båthamn og det arealet det er leigeavtale på og å få det til å fungere i høve til omgivnadene.

 

Etter oreigningslova kan oreigna areal i dette høvet nyttast til anna enn kva det er oreigna for.  Ein bør likevel vurdere anna utnytting i høve til føremålet med oreigninga.

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

Rådmann