|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 28/2 V83
Saksmappe: 07/00709-2
Sakshandsamar: Kristian
Bergheim Dato: 17.09.2007 |
Søknad om bygging av
landbruksveg
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
17.09.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad m/vedlegg datert 06.08.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
Grunneigaren på gnr 28 bnr 2 får løyve til å byggje 60 meter traktorveg klasse 8.
Den nye vegen skal leggjast best mogleg i terrenget og ein bør unngå
større skjeringar/fyllingar.
Byggjeløyvet gjeld til og med år 2009.
Heimel for vedtaket er ”Forskrift for planlegging og godkjenning av veger for landbruksformål” av 20.12.96.
Grunneigaren på gnr 28 bnr 2 får løyve til å byggje 60 meter traktorveg klasse 8.
Den nye vegen skal leggjast best mogleg i terrenget og ein bør unngå
større skjeringar/fyllingar.
Byggjeløyvet gjeld til og med år 2009.
Heimel for vedtaket er ”Forskrift for planlegging og godkjenning av veger for landbruksformål” av 20.12.96.
Alle planar for bygging av veger for landbruksformål skal etter ”Forskrift for planlegging og godkjenning av veger for landbruksformål” godkjennast av kommunen.
Norddal kommune har motteke søknad om bygging av landbruksveg frå Jon Ole Viken, grunneigar på gnr 28, bnr 2.
Namn: Grustakvegen Eigedom: gnr 28 bnr 2 Vegformann: Jon Ole Viken Vegtype: Lett traktorveg, vegklasse 8 Lengde: 60 meter
Den planlagde vegen er teikna inn på kart i målestokk 1:5000
I samband med naturskade på den aktuelle teigen, vart tilkomsten til skogen i deler av teigen øydelagt.
Statens naturskadefond har løyvd erstatning til utbetring av skaden på vegen. Styret for Statens naturskadefond finn at erstatninga kan nyttast til å byggje ny tilkomst til området dersom den skadelidne får løyve frå kommunen.
Alternative vegløysingar er:
1. Byggje opp att vegen som forsvann i raset.
2. Byggje ny veg opp i teigen på andre sida av raset slik at ein unngår kryssing av rasområdet.
Skjeringar og fyllingar må jamnast ut og stor stein må leggast inn i fyllingsfoten eller dekkast til. Overskotsmassar og avfallsmassar skal plasserast slik at dei ikkje er skjemmande.
Starten på vegen ligg i 100 meters beltet frå sjøen (ca 85 m frå sjøen). Sakshandsamar har orientert landbruksavdelinga i Møre og Romsdal fylke om dette.
Skogbrukssjefen har vore på synfaring i området og meiner at vegbygging over området der raset gjekk vil verte kostbart og ein vil risikere at ei nytt ras øydelegg vegen. Det synest såleis fornuftig å byggje ny tilkomst til skogressursane i teigen på andre sida av rasområdet.
Den omsøkte vegen er planlagt i eit område som i dag er svært vanskeleg tilgjengeleg for skogbruksdrift på grunn av bratt og ulendt terreng, samt manglande standplass for taubaneutstyr. Skogeigedomen vil få noko auke i avverkingspotensialet ved bygging av vegen. Vegen vil gje tilkomst til areal med hogstmoden lauv- og granskog.
Saka vert ikkje sendt over til fylket på høyring med bakgrunn i at det allereie er så mange tekniske inngrep som ligg nærare sjøen i dette området. Vegen ligg til dømes ovanfor fylkesvegen.
Ut frå ei total vurdering er den planlagde vegen å sjå på som ei god løysning for eigedomen. Sakshandsamar tilrår at det vert gjeve løyve til bygging av vegen.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|