NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    L82

Saksmappe:          06/00088-1

Sakshandsamar:   Stig Holmstrøm

Dato:                      30.01.06

 

Møtebok

                                  

 

 

Muriparken  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

011/06

Formannskapet

06.02.06

005/06

Kommunestyret

16.02.06

 

Utsendte saksdokument:

Sluttrapport ”Storfjord helsesenter” datert 04.05.05

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

  1. Kommunestyret ser ”Muriparken” som ein visjon for utviklinga av området Murigrandane. Norddal kommune vil vere aktivt med i vidareutvikling av området gjennom deltaking i ulike prosjekt/etableringar i området. Området skal vere prega av etableringar knytt til natur, kultur, helse, velvere, reiseliv og oppleving. Som ein konsekvens av dette, vert det faste planutvalet bede om å leggje ned byggje- og deleforbod i området, og straks setje i gang reguleringsplanarbeid som ivaretar visjonen om ”Muriparken.”
  2. Norddal kommune vil delta i etableringa av Storfjord helsesenter med ein aksjekapital på 6,9 mill. kr.
  3. Norddal kommune vil delta i etableringa av HelseCo med ein aksjekapital på 2 mill. kr.
  4. Norddal kommune vil delta i etableringa av Murihagen kurssenter med ein aksjekaptal på kr.150.000,-.
  5. Norddal kommune stiller tomt til disposisjon for aktuell investor for etablering av hotell.
  6. Naudsynte avtalar med dei ulike aktørane/deltakarane i ovannemnde etableringar vert å leggje fram for kommunestyret til endeleg godkjenning.
  7. Kommunestyret vedtar flytting av helseavdelinga frå rådhuset til helsesenteret innanfor ei kostnadsramme på 1 mill. kr.
  8. Kommunestyret vedtar flytting av hovudbiblioteket frå Norddal Elverk sitt bygg til rådhuset innanfor ei kostnadsramme på 1 mill. kr.
  9. FDV si verksemd i Hovebygget og brannstasjonen vert å flytte og reetablere i industriområdet på Djupøyna innanfor ei kostnadsramme på 8 mill. kr. I samband med denne etableringa skal også vurderast bygging av utleigebygg til industriføremål. Opparbeiding av naudsynt manglande infrastruktur i Djupøyna må prioriterast.
  10. Finansiering:

a)      Finansieringa av aksjekapital i Storfjord helsesenter (6,9 mill.), HelseCo (2 mill.) Murihagen kurssenter (0,15 mill.) og flyttinga av helseavdelinga (1 mill.) og bibliotek (1 mill.), til saman 11,05 mill. kr., vert finansiert ved innløysing av ansvarleg lån (14,25 mill. kr.) i Tafjord Kraft AS.

b)      Resterande beløp (kr. 3,2 mill. kr.) skal setjast av på fond bunde til infrastrukturtiltak i kommunen, særleg skal tiltak for styrking av intern kommunikasjon i kommunen prioriterast. Retningsliner for bruk av desse midlane vert å handsame i eiga sak for kommunestyret seinare.

  1.  Finansieringa ved flytting og nytt bygg for verksemda til FDV i Hovebygget og      brannstasjonen vert gjort gjennom  låneopptak.
  2.  Dei økonomiske konsekvensane av ovanståande skal innarbeidast ved rullering av økonomiplan og framlegg av årsbudsjett, og detaljeringa av dei einskilde kostnadsoppsett vert å leggje fram for formannskap/kommunestyre.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  06.02.06:

Innleiing/orientering v/rådmann og Sintef MRB v/Bernt Skjong.

 

Representantar frå Valldal Automaskin og Remseth Maskin var inviterte til møtet og orienterte i saka.

 

Signe Brenna kom med slikt forslag til vedtak:

”Muriparken” kan ikkje behandlast før vi veit kva visjonar ”Muriparken” inneheld. Vi går difor imot bygge- og deleforbod på området. Ei så stor sak som dette må kvalitetssikrast betre før det kan gjerast vedtak.

 

1.         Utbyggings-/utviklingsprosjektet på Murigrandane må gjennomførast som ein open prosess, der politikarar og innbyggarar får nok informasjon til å kunne gje tilbakemeldingar før vedtak vert gjort. Jamfør vedteke reglement/retningsliner for Norddal kommune pkt. 7.

2.         Ved vedtak om store utbyggings-/utviklingsplanar må følgje lovpålagde vurderingar av kapitalkostnader og driftsøkonomiske konsekvensar. Viser også til vedtak i Norddal kommunestyre 08.07.04.

 

3.         For å kome i gang med vidareutvikling av området på Murigrandane må vi realisere vedtak som allereie er gjort med omsyn til nybygg til FDV og miljøstasjon etc. i Djupøyna.

 

Røysting:

3 røysta for Brenna sitt forslag som fall

4 røysta for innstillinga

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Innstilling i  Formannskapet - 06.02.06:

1.   Kommunestyret ser ”Muriparken” som ein visjon for utviklinga av området Murigrandane. Norddal kommune vil vere aktivt med i vidareutvikling av området gjennom deltaking i ulike prosjekt/etableringar i området. Området skal vere prega av etableringar knytt til natur, kultur, helse, velvere, reiseliv og oppleving. Som ein konsekvens av dette, vert det faste planutvalet bede om å leggje ned byggje- og deleforbod i området, og straks setje i gang reguleringsplanarbeid som ivaretar visjonen om ”Muriparken.”

 

2.   Norddal kommune vil delta i etableringa av Storfjord helsesenter med ein aksjekapital på 6,9 mill. kr.

 

  1. Norddal kommune vil delta i etableringa av HelseCo med ein aksjekapital på 2 mill. kr.

 

  1. Norddal kommune vil delta i etableringa av Murihagen kurssenter med ein aksjekaptal på kr.150.000,-.

 

  1. Norddal kommune stiller tomt til disposisjon for aktuell investor for etablering av hotell.

 

  1. Naudsynte avtalar med dei ulike aktørane/deltakarane i ovannemnde etableringar vert å leggje fram for kommunestyret til endeleg godkjenning.

 

  1. Kommunestyret vedtar flytting av helseavdelinga frå rådhuset til helsesenteret innanfor ei kostnadsramme på 1 mill. kr.

 

  1. Kommunestyret vedtar flytting av hovudbiblioteket frå Norddal Elverk sitt bygg til rådhuset innanfor ei kostnadsramme på 1 mill. kr.

 

  1. FDV si verksemd i Hovebygget og brannstasjonen vert å flytte og reetablere i industriområdet på Djupøyna innanfor ei kostnadsramme på 8 mill. kr. I samband med denne etableringa skal også vurderast bygging av utleigebygg til industriføremål. Opparbeiding av naudsynt manglande infrastruktur i Djupøyna må prioriterast.

 

  1. Finansiering:

a)      Finansieringa av aksjekapital i Storfjord helsesenter (6,9 mill.), HelseCo (2 mill.) Murihagen kurssenter (0,15 mill.) og flyttinga av helseavdelinga (1 mill.) og bibliotek (1 mill.), til saman 11,05 mill. kr., vert finansiert ved innløysing av ansvarleg lån (14,25 mill. kr.) i Tafjord Kraft AS.

b)      Resterande beløp (kr. 3,2 mill. kr.) skal setjast av på fond bunde til infrastrukturtiltak i kommunen, særleg skal tiltak for styrking av intern kommunikasjon i kommunen prioriterast. Retningsliner for bruk av desse midlane vert å handsame i eiga sak for kommunestyret seinare.

 

  1.  Finansieringa ved flytting og nytt bygg for verksemda til FDV i Hovebygget og      brannstasjonen vert gjort gjennom  låneopptak.

 

  1.  Dei økonomiske konsekvensane av ovanståande skal innarbeidast ved rullering av økonomiplan og framlegg av årsbudsjett, og detaljeringa av dei einskilde kostnadsoppsett vert å leggje fram for formannskap/kommunestyre.

 

---------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Kommunestyret  16.02.06:

Viktor Valdal, Al gjekk frå som ugild i saka – Nils Jarle Hjelme møtte i han sin stad.

 

Innleiing/orientering v/ordførar, rådmann og Sintef MRB v/Bernt Skjong og Bjørn Gjerde.

 

Solveig Linge Stakkestad, Sp kom slikt forslag om eit nytt pkt. 13:

Beløpa som er nemnde punkta 2, 7, 8 og 9 vert sett på som anslag og vert å kome attende til.

 

Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med slikt forslag til vedtak:

1.         Norddal kommunestyre er positive til mange av dei planane som ligg føre m.o.t næringsutvikling på Murigrandane, og ynskjer å bidra i dette arbeidet innanfor den ramme ein meiner er forsvarleg i høve til kommunen sine primære oppgåver.

 

2.                  Norddal kommune vil tilby tomt på Murigrandane til disposisjon for aktuell investor til vanlege vilkår for etablering av hotell. Norddal kommune kan ikkje ta på seg økonomiske forpliktelsar i tilknyting til etablering og/eller drift av hotell, men vil elles vere med som ein tilretteleggjar for etableringa.

 

3.                  Evt. etablering av ein eigen kulturdel i tilknyting av hotellet, og kommunen si evt. deltaking i dette, vert å kome tilbake til i eiga sak.

 

4.                  Norddal kommune vil delta i etableringa av Murihagen kurssenter med ein aksjekapital på 150.000 kr. Beløpet vert å finansiere frå disposisjonsfond.

 

5.                  Realisering av gjeldande vedtak om flytting av FDV til Djupøyna, vert å iverksetje når avtale med aktuell investor er ferdigforhandla/underskriven.

 

6.                  Før det evt. vert lagt ned byggje- og deleforbod på det aktuelle området på Murigrandane, skal kommunen ta kontakt med alle involverte grunneigarar, og målsetjinga skal vere at ein så langt det er mogleg, går inn for å få til løysingar som ivaretek eksisterande verksemder sine behov og utviklingsplanar.

 

Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til vedtak:

1.         Norddal kommune held fram med arealplanarbeidet som alt er i gong på Murigrandane, kombinert med dialog med grunneigarane. Vi går mot byggje- og deleforbod.

 

2.                  Utbyggings-/utviklingsprosjektet på Murigrandane må gjennomførast som ein open prosess, der politikarar og innbyggjarar får nok informasjon til å kunne gje tilbakemeldingar før vedtak vert gjort. Jamfør vedteke reglement/retningsliner for Norddal kommune pkt. 7.

 

3.                  For å kome i gong med vidareutvikling av området på Murigrandane må vi realisere vedtak som allereie er gjort med omsyn til nybygg til FDV og miljøstasjon etc. i Djupøyna.

 

4.                  Tiltaka som inneber investeringar for kommunen i K.sak 05/06 vert sendt tilbake til rådmannen for betre saksutgreiing. For å få oversikt over investeringsbudsjettet, og sikre at dei driftsøkonomiske konsekvensane vert skikkelig utgreidd, vert vedtak i dei ulike sakene å ta opp i samband med budsjett og økonomiplanarbeidet i mars. Viser til vedtak i kommunestyret 08.07.04, og F.sak 62/05.

 

Brenna ba om prøverøysting.

 

Petter Melchior, Sp ba om at pkt. 3 i innstillinga vart stroke.

 

Prøverøysting:

  3 røysta for Signe Brenna sitt forslag

  2 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag

16 røysta for innstillinga

 

Signe Brenna ba om gruppemøte.

 

Endeleg avrøysting:

  5 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag

  0 røysta for Signe Brenna sitt forslag

16 røysta for innstillinga

 

Deretter vart det røysta over framlagde endringsforslag til innstillinga:

 

Pkt. 3:

14 røysta for innstillinga

  7 røysta for Petter Melchior sitt forslag som fall

 

Nytt pkt. 13:

Samrøystes i samsvar med Solveig Linge Stakkestad sitt forslag.

 

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 16.02.06:

1.   Kommunestyret ser ”Muriparken” som ein visjon for utviklinga av området Murigrandane. Norddal kommune vil vere aktivt med i vidareutvikling av området gjennom deltaking i ulike prosjekt/etableringar i området. Området skal vere prega av etableringar knytt til natur, kultur, helse, velvere, reiseliv og oppleving. Som ein konsekvens av dette, vert det faste planutvalet bede om å leggje ned byggje- og deleforbod i området, og straks setje i gang reguleringsplanarbeid som ivaretar visjonen om ”Muriparken.”

 

2.      Norddal kommune vil delta i etableringa av Storfjord helsesenter med ein aksjekapital på 6,9 mill. kr.

 

3.      Norddal kommune vil delta i etableringa av HelseCo med ein aksjekapital på 2 mill. kr.

 

4.      Norddal kommune vil delta i etableringa av Murihagen kurssenter med ein aksjekaptal på kr.150.000,-.

 

5.      Norddal kommune stiller tomt til disposisjon for aktuell investor for etablering av hotell.

 

6.      Naudsynte avtalar med dei ulike aktørane/deltakarane i ovannemnde etableringar vert å leggje fram for kommunestyret til endeleg godkjenning.

 

7.      Kommunestyret vedtar flytting av helseavdelinga frå rådhuset til helsesenteret innanfor ei kostnadsramme på 1 mill. kr.

 

8.      Kommunestyret vedtar flytting av hovudbiblioteket frå Norddal Elverk sitt bygg til rådhuset innanfor ei kostnadsramme på 1 mill. kr.

 

9.      FDV si verksemd i Hovebygget og brannstasjonen vert å flytte og reetablere i industriområdet på Djupøyna innanfor ei kostnadsramme på 8 mill. kr. I samband med denne etableringa skal også vurderast bygging av utleigebygg til industriføremål. Opparbeiding av naudsynt manglande infrastruktur i Djupøyna må prioriterast.

 

10.  Finansiering:

a)      Finansieringa av aksjekapital i Storfjord helsesenter (6,9 mill.), HelseCo (2 mill.) Murihagen kurssenter (0,15 mill.) og flyttinga av helseavdelinga (1 mill.) og bibliotek (1 mill.), til saman 11,05 mill. kr., vert finansiert ved innløysing av ansvarleg lån (14,25 mill. kr.) i Tafjord Kraft AS.

b)      Resterande beløp (kr. 3,2 mill. kr.) skal setjast av på fond bunde til infrastrukturtiltak i kommunen, særleg skal tiltak for styrking av intern kommunikasjon i kommunen prioriterast. Retningsliner for bruk av desse midlane vert å handsame i eiga sak for kommunestyret seinare.

 

11.  Finansieringa ved flytting og nytt bygg for verksemda til FDV i Hovebygget og      brannstasjonen vert gjort gjennom  låneopptak.

 

12.   Dei økonomiske konsekvensane av ovanståande skal innarbeidast ved rullering av økonomiplan og framlegg av årsbudsjett, og detaljeringa av dei einskilde kostnadsoppsett vert å leggje fram for formannskap/kommunestyre.

 

13.  Beløpa som er nemnde punkta 2, 7, 8 og 9 vert sett på som anslag og vert å kome attende til.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Området Murigrandane framstår på mange måtar som ein perle midt i Valldal sentrum, med stort utviklingspotensiale. Området er i dag prega av ei blanding av industriell verksemd, forretnings-/serviceverksemd og helserelarert tenestetilbod, og ber preg av lite heilskapleg utvikling. Dette har sjølvsagt si historiske forklaring, og dei eksisterande etableringane må sjåast i lys av dette.  Det har frå tid til annan vore diskutert, og gjort vedtak, om omregulering av området, utan at ein har tatt grunnleggjande nye grep for å fremje ei ønska utvikling. Når ein no står framføre mulege nye, større etableringar som meir er i samsvar med ei framtidsretta utvikling av dette sentrumsnære området, må kommunen vere aktivt med som tilretteleggjar og pådrivar.

I det følgjande vil det bli gått gjennom dei einskilde element i dei tenkte etableringane, der kommunen på fleire nivå vil vere medaktør.

Det vert i stor grad lagt opp til intensjonsvedtak, utan at alle detaljar i delprosjekt/tiltak er på plass, men slik at kommunen viser vilje til å delta i utviklingsarbeid for området.

 

Saksopplysningar:

1.  Generelt

Saksframlegget baserer seg hovudsakleg på tidlegare utgreiingar som er gjort, og den informasjon/orienteringar som har kome får ulike hald den seinare tid. Rådmannen søkjer å gje ei kortfatta samanfatning av dei einskilde element og heilskapen i sakskomplekset, utan å leggje fram på nytt tidlegare kjente dokument.

 

2.      Storfjord helsesenter

Fleire saker og rapportar har vore lagt fram omkring samarbeid med Muritunet for etablering av felles helsehus/helsesenter, der også andre, private aktørar er tenkt gitt plass. I denne framstillinga vert det særleg vist til ”Sluttrapport vedr. prosjektvurdering Storfjord Helsesenter” utarbeidd av Sintef MRB as v/Bjørn Gjerde 04.05.05, og forprosjekt ”Indre Storfjord helsesenter” utarbeidd av  AS ARC-ESS 20.06.05. Til utarbeiding av ovannemnde sluttrapport/forprosjekt var det sett ned ei styringsgruppe med Ole Johan Vidhammer som leiar, og med representantar frå Muritunet og politisk og administrativ leiing i Norddal kommune. Mandatet for styringsgruppa var:

Gjennom ei grundig vurdering gi partane eit godt nok beslutningsgrunnlag for eventuell realisering av prosjektet, herunder marknadskartlegging, selskapsform, kapitalbehov og finansiering.

Prosjektutgreiinga omfattar følgjande område:

 

Rådmannen går ikkje inn på detaljane i utgreiinga, men viser til desse rapportane. Konklusjonane kan samanfattast slik:

-          Totalt arealbehov vil vere 2340 kvm, fordelt med 875 kvm på Muritunet, 600 kvm på Norddal kommune og 250 kvm til private tenestetilbod. Resterande areal til personalavdeling (150 kvm) og fellesareal (465 kvm).

-          Totalt investeringsbehov (inkl. mva) er rekna til 40,5 mill. kr.

-          Av ulike alternativ ser ein aksjeselskapsforma som den best eigna.

-          Sintef MRB er eintydig i sine tilrådingar om iverksetting av prosjektet pga. dei ringverknader og synergieffektar dette vil ha.

Styret for Muritunet har gjort prinsippvedtak om deltaking i realiseringa av Storfjord Helsesenter saman med Norddal kommune.

 

3.      AS HelseCo

Knytt til muleg etablering av eit helserelatert hotell i området, vil det vere behov for generering av verksemd og aktivitet som optimaliserer bruk av helsehotellet, med tanke på lønsemd i denne etableringa. Som ein del av dette er tenkt etablering av eit aksjeselskap, AS HelseCo, som vert ståande som garantist for ei minimumsutnytting av romkapasiteten ved hotellet. Det er tenkt innskote ein aksjekapital på 6 mill. kr., fordelt med 2 mill. på kvar av aktørane; kommunen, Muritunet og hotellinvestor. Styret for Muritunet har allereie gjort intensjonsvedtak for innskot av aksjekapital.

 

4.      Murihagen

Norddal kommune har fått invitasjon frå interrimsstyret i Murihagen kurssenter om deltaking med aksjekapital i selskapet som er under etablering, og har mottatt forretningsplan for verksemda. Nasjonalforeningen for folkehelsen har vedtatt å gå inn med kr.100.000,- i aksjekaptal, og Muritunet har gitt positivt tilsagn. (Ønskjer å vere majoritetseigar.) Målsettinga er å oppnå aksjekapital på totalt kr. 300.000 – 500.000.

Det har i eit par år vore arbeidd med etablering av eit kurssenter i tilknytning til Muritunet og etableringa av eit nytt helsesenter og eit helsehotell. Det har vore etablert eit interrimsstyre for kurssenteret der også Norddal kommune har deltatt, og 4 arbeidsgrupper har vore i sving med deltaking frå Pensjonistforbundet, Nasjonalforeningen for folkehelsen, Folkeuniversitetet, Folkeakademiet, Muritunet, Fjordhagen og Norddal kommune.

Intensjonen er at Murihagen kurssenter skal vere eit eige aksjeselskap med generalforsamling, styre og ein dagleg leiar. Kurssenteret skal vere ein non-profit-organisasjon. Det skal gjevast kurs-  og utdanningstilbod innan fleire område der alt er knytt opp til NaKuHel-prinsippa som omfattar kreativitet, meistringsglede, samhandling, fysisk trening, auka motivasjon og sjølvtillit. Kurssenteret vil ha tre avdelingar; ein pensjonistskule, ein helse- og miljøfagskule (Folkeuniversitetet) og ei kurs- og konferanseavdeling knytt til arbeidsretta tiltak og bedriftsinterne kurs.

Eit hotell i Valldal vil vere viktig med tanke på å kunne gi overnattingstilbod til eksterne kursdeltakarar, og kurssenteret vil vere viktig for oppfylling av minstegarantien for utnytting av hotellkapasiteten, jfr. ovanfor.

 

5.      Hotell

Ein aktuell, seriøs hotell-/reiselivsinvestor har i den seinare tida vist interesse for og vurdert mulegheitene for etablering av eit helserelatert hotell i Valldal. Planane for dette er gjort greie for i ulike samanhengar, seinast i orienteringsmøte for kommunestyret 24. januar i år. Ein viktig føresetnad for ei evt. hotelletablering vil vere utnyttinga av Muritunet sin helsekompetanse og merkevare, for etablering av eit differensiert hotelltilbod med helse og velvere som sentralt tenestetilbod. Ein annan føresetnad er at det vert stilt tomt til disposisjon i funksjonell nærleik til Muritunet for enkel tilgjenge mellom hotell og helsesenter og for optimal utnytting av mulege fellestenester. Det er frå investor si side også eit ønske om tilrettelegging/bearbeiding av områda i nærleiken av hotellet slik at dette framstår som ein innbydande heilskap, der estetiske omsyn er lagt til grunn.

Storleiken til hotellet er ikkje endeleg fastsett, men det er tale om ein romkapasitet som kan leggje grunn for 30-40 arbeidsplassar. Hotellinvestor kan også vere interessert i eit samarbeid med kommunen om tilrettelegging av kulturdel i hotellet, t.d. framsyningssal.

Det arealet som til no har peika seg ut som aktuell hotelltomt, er kommunen sin eigedom der Hovebygget med teknisk uteavdeling no er plassert, og dette føresett flytting av verksemda og riving av bygget.

 

6.      Flytting av helseavdelinga

Ein av føresetnadene for etablering av Storfjord helsesenter er flytting av kommunen si helseavdeling frå rådhuset. Dette har vore utgreidd og lagt fram i fleire saksutgreiingar, med tilslutning frå så vel politikarar som fagmiljø. Her vil då bli etablert legekontor, helsestasjon (inkl. jordmor og helsesøster) og tannhelseteneste med tilhøyrande tilleggsareal og fellestenester. I tillegg kan ein tenkje seg etablert den nye NAV-tenesta her, der vårt eige sosialkontor vil gå inn i ei felles eining med trygdeetat og aetat.

 

7.      Flytting av biblioteket

Norddal kommune har ei god bibliotekteneste m.o.t. personell- og medieressurs og med god infrastruktur i høve dei einskilde bygdelag. Utlån av media ligg godt over gjennomsnittet for fylket, og biblioteket er godt besøkt. Hovudbiblioteket, som held til i leigde lokale i Norddal Elverk sitt bygg, har likevel svært små lokale, og det har vore utgreidd mulegheiter for flytting av biblioteket til andre bygg, t.d. Rem-bygget. Viss ein no flyttar kommunen si helseavdeling ut av rådhuset, ligg det godt til rette for tilsvarande flytting av biblioteket inn i rådhuset. Deira arealbehov er vurdert til om lag 250 kvm, og med tilpassingar av det aktuelle arealet i rådhuset, vil vi kunne få eit godt fungerande hovudbibliotek i kommunen. Det er muleg å søkje om tilskott til reetableringa frå kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylke, utan at ein kan seie kor stort dette vil kunne bli. Kostnader til inventar vert frå Biblioteksentralen sett til ei norm på kr.1.800,- pr. kvm.

 

8.      Flytting av FDV/brannstasjon

Det har vore lagt fram fleire saker i 2003 og 2004 for formannskap og kommunestyre m.o.t. flytting av industribygget på Murigrandane der FDV si uteavdeling held til (Hovebygget), til det kommunale industriområdet Djupøyna. Ulike alternativ har vore vurdert, der så vel flytting av brannstasjon som bygging av industriutleigebygg har vore med. Vurderingane har også gått på riving/flytting og leige/eige bygg. Det siste vedtaket som er gjort i kommunestyret 22.04.04, konkluderer med nybygg i Djupøyna til FDV og brannstasjon.

Her er også gjort ulike kostnadsvurderingar, der den siste antydar om lag 6 mill. kr., ekskl. mva.

 

9.      Alternativ for finansiering

Det er behov for kommunal medverknad og kapital til helsesenter, HelseCo, kurssenter og flytting og reetablering av eiga verksemd; FDV/brannstasjon, helseavseling og bibliotek. Gjennom notat lagt fram for kommunestyret 14.10.04 (sak 083/04) og i sak til formannskapet 20.06.05 (062/05) er det presentert ulike modellar for innhenting av kapital til utbyggingsprosjekt. Rådmannen viser til notatet og saka, og gjer i det følgjande berre kort greie for alternativa:

 

a)      Låneopptak

Dersom kommunen står som eigar av helsesenteret, er det fullt muleg å låne pengar til heile investeringa, 40,5 mill. kr. til ei gunstigare rente enn eit evt. aksjeselskap vil kunne gjere.  I tillegg vil kome kostnadene ved flytting av fdv og biblioteket. Evt. aksjekapital i HelseCo og Murihagen kurssenter kan kommunen ikkje låne pengar til, så dette må i tilfelle finansierast ved frigjering av annan kommunal kapital.

 

b)      Sal av Norddal Elverk

Vurdering av realisering av verdiar i Norddal Elverk har vore avvist av kommunestyret tidlegare, og haldninga hos fleirtalet har vore at kommunen tvert om skulle gå inn som ein meir aktiv eigar. (Jfr. breibandutbygging.) Grunngjevinga for ikkje å selje Norddal Elverk synest å liggje i tvil om ein vil kunne halde på arbeidsplassane som finst i kommunen knytt til deira verksemd. Ut frå ei vurdering av kva kundane (innbyggjarane) ville vere tent med knytt til nettleiga, synest det å vere liten tvil om at sal til t.d. Tafjord Kraft ville gje lågare prisar. (Utlikning av kostnadene på fleire brukarar.) Estimert frigjort kapital for kommunen vil vere i storleiken 29-30 mill. kr. etter skatt, medan årleg inntektsbortfall er stipulert til maksimalt 0,6 til 1,0 mill. kr. etter skatt.

 

c)      Innfriing av ansvarleg lån i NE

Det har i B-sak 070/02 16.10.02 vore lagt fram sak for kommunestyret om evt. konvertering av ansvarleg lån i Norddal Elverk, der kommunestyret gjorde vedtak i 3 punkt:

1.      Norddal kommune meiner det er viktig å sikre Norddal Elverk eit trygt økonomisk fundament som gjer det til ei konkurransedyktig verksemd innanfor sin bransje. Vidare vil kommunen bidra til at prosjektra Galleri Tafjord og Norddal Næringshage vert realiserte.

2.      For å få realisert intensjonane under pkt. 1 vil kommunen omgjere lånet i Norddal Elverk ved at 7,5 mill. vert konvertert til eigenkapital i elverket og ved at 4 mill. vert utbetalt til kommunen og tiltenkt eigenkapital i Galleri Tafjord, og ved at resterande 3,5 mill. vert ståande som eit rentefritt lån.

3.      Omgjering av lånet skal skje så snart det ligg føre godkjende planar for dei respektive prosjekta som kommunestyret kan gå god for.

Det ansvarlege lånet i Norddal Elverk er såleis bunde opp gjennom tidlegare vedtak.

 

d)      Sal av heile eller delar av aksjeposten i Tafjord Kraft

Dette alternativet er det gjort greie for i notatet til kommunestyret 14.10.04, og det vart her vurdert at ein kunne frigjere 74-78 mill. kr. (etter skatt) ved sal av heile aksjeposten i Tafjord Kraft. Inntektsreduksjonen (utbytte) for kommunen ville då vere 2,5 – 3,5 mill. kr. Rådmannen har ikkje oppfatta at dette politisk er ei aktuell problemstilling i Norddal, sjølv om det er muleg å tenkje seg ein god kombinasjon av alternativ plassering av frigjort kapital, samstundes som frigjorte midlar kunne nyttast i dei prosjekta som er nemnd ovanfor.

 

e)      Innfriing av ansvarleg lån i TK

Dette alternativet vart vurdert for formannskapet i sak 062/05, og formannskapet gjorde slikt vedtak:

1. Formannskapet tek rådmannen si innstilling til orientering.

2. Det vert å kome tilbake til ei realitetshandsaming av spørsmålet om mobilisering av frisk kapital til konkrete investeringsprosjekt i samband med handsaming av økonomiplanen.

Det ansvarlege lånet i TK utgjer kr.14.250.000,- og det gir kommunen ei årleg renteinntekt på om lag 0,8 mill. kr.

 

10.  Bruk av overskytande kapital

Om ein ikkje vel å lånefinansiere både helsesenteret og flyttinga av FDV si verksemd/brannstasjonen, vil ein med dei andre alternativa for realisering av kapital, sitje att med ein ”rest” som kan nyttast på ulike måtar. Ein kan t.d. plassere pengane i kapitalmarknaden for å sikre ny avkasting som kan gå inn i drifta av kommunen for å kompensere for inntektstap, eller ein kan setje midlane inn i ubunde fond, som så kan nyttast etter evt. retningsliner og behov. Eller ein kan velje ein kombinasjon av desse og andre mulegheiter. Målsettinga bør i alle høve vere at bruk av midlane tener folk flest i kommunen.

           

11.  Driftskonsekvensar

Alt etter kva finansieringsform ein vel, vil dette ha konsekvensar for drifta av kommunen, i form av tapte inntekter eller auka driftskostnader. I nokre tilfelle vil begge delar vere sannsynleg, og spørsmålet blir korleis ein kan oppretthalde eit godt og velfungerande tenestetilbod til innbyggjarane i kommunen.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Rådmannen er for sin del ikkje i tvil om at det er rett av Norddal kommune å delta i utviklingsarbeidet for Muriparken som eit framtidsretta arbeid for å sikre arbeidsplassar og folkesetnad. Mykje kunne vore sagt omkring utfordringane ved nedgangen i folketalet dei siste åra, mulegheitene for synergieffektar ved samarbeid mellom ulike aktørar, rekruttering av arbeidskraft gjennom bygging av ulike fagmiljø, verdsarvstatus og utviklingspotensiale innan reiseliv, o.a. Også fleire andre prosjekt/tiltak enn dei som er knytt til Muriparken bør kunne gje optimisme og mulegheit til ny satsing i kommunen vår. Det er også rådmannen si vurdering at kommunen har finansielle ”musklar” til å vere med i ei slik satsing som det her vert lagt opp til. Til forskjell frå dei fleste andre kommunar sit Norddal kommune med realiserbare verdiar som overstig den gjelda kommunen har, utan at vi dermed skal nytte desse verdiane formålslaust og på sviktande grunnlag.

Rådmannen ser det slik at dei ulike prosjekta/tiltaka i Muriparken heng saman og dels er avhengige av kvarandre, og vel difor å handsame desse under eitt.

Av dei ulike alternativa for finansiering som finst, står innfriing av ansvarleg lån i Tafjord Kraft for deltaking i ulike aksjeselskap, og låneopptak for flytting/reetablering av verksemda i Hovebygget og brannstasjonen, som det mest realistiske. Renteavkastninga frå lånet i Tafjord Kraft og auka driftskostnader som følgje av låneopptak, meiner eg er muleg å dekkje inn gjennom ein kombinasjon av auka inntekter og reduserte driftskostnader, på ein måte som gir liten/ingen konsekvens for kvaliteten på tenestetilbodet i kommunen. Dette vert å kome attende til ved framlegg av årsbudsjett og rullering av økonomiplanen.

Restmidlane frå frigjeringa av det ansvarlege lånet i Tafjord Kraft, stipulert til om lag 3,2 mill. kr., vert av rådmannen tilrådd nytta til infrastrukturtiltak i kommunen, særleg med tanke på å betre internkommunikasjonen. (T.d. kollektivtrafikk til lands og til vanns.) På den måten kan ein ytterlegare forsterke grunnlaget for ny etablering og næringsutvikling.

Rådmannen meiner ovanståande og tidlegare saksutgreiingar og informasjon bør vere tilstrekkeleg for at ein politisk kan gjere naudsynte intensjonsvedtak for å få fortgang i prosessane for realisering av dei prosjekta som her er aktuelle, og viser til innstillinga.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann