|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 611
Saksmappe: 03/00627-15
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 11.09.2007 |
Djupøyna industriområde -
sal av tomt
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
17.09.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad frå REMPRO om kjøp av industritomt
Tomtedelingsplan for Djupøyna industriområde av 06.09.06, rev. 10.09.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
Sak 094/06, møte 11.09.06, formannskapet
Handsaming i Formannskapet 17.09.2007:
Svein Linge kom med slikt forslag:
Saka vert utsett til neste møte i formannskapet. Administrasjonen legg fram kjøpsavtale etter same vilkår som nabotomten seld til Remseth Maskin.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med Svein Linge sitt forslag.
Saka vert utsett til neste møte i formannskapet. Administrasjonen legg fram kjøpsavtale etter same vilkår som nabotomten seld til Remseth Maskin.
Søknaden dagsett 13.06.07 frå REMPRO om kjøp av tomt i Djupøyna er grunngjeven med at verksemda vil utvide eksisterande produksjonshall med 600 m2; jfr. saksvedlegg.
Det vart gjennomført synfaring den 20.08.07 på industriområde i Djupøyna med Stein Inge Rem frå verksemda og ordførar, rådmann, verksemdsleiar og driftsing. FDV samt sakshandsamar frå kommunen.
Rempro leiger i dag 1250 m2 i samsvar med vedtak i formannskapet 11.09.06 i sak 094/06 der det vart gjort slikt vedtak:
Det store problemet for den aktuelle tomten (tomt nr. 3) er høgspentlina som går på skrå over. Dei i dag delen av tomten som fell utanfor byggelinene er små, og dette var grunn til at det var gjeve løyve til midlertidig plassering av eksisterande produksjonshall.
Reguleringsplanen føreset at permanente bygningar på tomtene skal plasserast inntil byggelina mot riksvegen.
Så vidt ein kjenner til er det enno 3-4 år fram i tid før den aktuelle høgspentlina i område kan vere flytta slik at tomten kan nyttast som reguleringa føreset. Verksemda har behov for å utvida lokala allereie til komande sommar og såleis må ein sjå på andre løysingar.
Under synfaringa den 20.08.07 vart det mellom anna sett på mogelegheitene til å kunne plassere eit tilbygg på 600 m2 mot sydaust i ”trekanten” som ligg utanfor byggelinene.
Dersom ein skal få til dette på ein praktisk måte må ein ha ei kobling (mellombygg) mot vegen (syd) og det planlagte tilbygget.
Dette inneber at det må gjevast dispensasjon frå byggelina/reguleringsendring. Her må innskytast at vegen allereie er bygt noko justert i høve reguleringsplanen av praktiske omsyn og det såleis burde ligge til rette for ei justering av planen som tek opp i seg ei mindre byggeline mot vegen for tomt 3 og kanskje også tomt 4. Vidare har det vore samtalar med grunneigar i høve meir areal til lagerområde med vidare knytt opp til kommunen sin planlagde drifts- og miljøstasjon på tomt nr. 4.
Det kom fram under synfaringa av REMPRO ynskjer å kjøpe heile tomt nr. 3 og då på same vilkår som tomt nr. 2 vert seld for til Remset Maskin.
Så lenge det er knytt uvisse til om høgspentlina vert flytta til fordel for jordkabel i området, finn administrasjonen etter ei samla vurdering det vanskeleg å innstille på at tomt nr. 3 i si heilheit kan seljast no.
Dersom prosessen omkring høgspentlina endar opp i at den ikkje vert flytta, ser ein føre seg at arealet under linja kan nyttast til opplag knytt til kommunal verksemd (til dømes kraftstolpar, kabeltrommlar osv.)
For å legge til rette for at REMPRO kan bygge til 600 m2 til eksisterande produksjonshall, vil administrasjonen innstille på at det leigde arealet vert utvida med om lag 370 m2 mot aust etter dei same vilkår som i formannskapssak 094/06.
Ein har forståing for at firma REMPRO har behov for å sikre seg mogelegheitene for framtidig ekspansjon, men her må ein skyte inn at tomt nr. 3 har per i dag usikkerheit i seg (vedtaket om å nytte eksisterande høgspentline er klage inn for OE departementet og avgjer ligg enno ikkje føre).
Kommunen kan gje REMPRO forkjøpsrett på heile tomt nr. 3 dersom/når den vert fri for hefte i høve straumframføringar.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|