|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 223
Saksmappe: 07/00690-1
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 07.09.2007 |
Godkjenning av retningsliner
for hoppekassa i Norddal kommune og løyving av midlar for 2007 og 2008
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
17.09.07 |
Utsendte saksdokument:
Vedtak i Norddal ungdomsråd 10.05.07, sak 18/07
Retningsliner
Søknadsskjema
Ikkje utsendte
saksdokument:
Norddal kommune godkjenner framlagte retningsliner for Hoppekassa .
Norddal kommune overfører kr 50.000,- frå Ungdomsprosjektet til Norddal Ungdomsråd for etablering av hoppekassa i 2007. Resten av overskotet i ungdomsprosjektet blir overført til hoppekassa for 2008. Restfinansieringa blir belasta næringsfondet slik at hoppekassa for 2008 får eit samla tilskot på kr 100.000,-.
Etter ei prøveordning ut 2008, skal ordninga med retningsliner evaluerast og leggast fram for formannskapet.
Norddal kommune godkjenner framlagte retningsliner for Hoppekassa .
Norddal kommune overfører kr 50.000,- frå Ungdomsprosjektet til Norddal Ungdomsråd for etablering av hoppekassa i 2007. Resten av overskotet i ungdomsprosjektet blir overført til hoppekassa for 2008. Restfinansieringa blir belasta næringsfondet slik at hoppekassa for 2008 får eit samla tilskot på kr 100.000,-.
Etter ei prøveordning ut 2008, skal ordninga med retningsliner evaluerast og leggast fram for formannskapet.
I samband med ungdomsprosjektet var det arbeidet ein god del med etablering av ei hurtigkasse for ungdom. På denne måten ville ein legge eit godt grunnlag for unge etablerarar på heimstaden slik at dei kunne skape sine eigne arbeidsplassar i framtida..
I september 2006 sendte prosjektleiar Torill Callsen eit brev til ungdomsrådet i Norddal kommune og orienterte om korleis ho tenkte seg etablering av ei hurtigkasse for ungdom. Ungdomsrådet var positiv til ei slik ordning. Etter at Torill Callsen slutta var det næringssjefen som tok over det vidare arbeidet. Det var mellom anna nedsett ei arbeidsgruppe som skulle arbeide vidare med saka der utarbeiding av retningsliner og søknadsskjema var sentrale oppgåver. På møtet i ungdomsrådet den 15.03.2007 vart det orientert om arbeidet. Ungdomsrådet fatta vedtak i saka i møte den 10.05.2007 der retningsliner, ønske om finansiering og namn vart vedteke.
Hoppekassa er ei nyskaping og næringssjefen kjenner ikkje til andre kommunar i Norge som har ei slik ordning. Innovasjon Norge har vist stor interesse for ideen. Når det gjeld namnet, er det avleda frå Hoppid som er meir retta mot vaksne og større ungdom. Hoppekassa er retta mot unge etablerarar under 19 år, grundercamp og elevbedrifter.
Innovasjon Norge har arbeidet ein del med ei hurtigkasse. Årsaken til dette er at folk i startfasen av ei etablering har behov for deltaking på kurs, konferansar eller dei treng å besøke andre etablerarar i regionen. I slike høve er det viktig med rask handling der mindre tilskot til ulike tiltak kan utbetalast etter ein enkel søknad. For ungdom er ei slik ordning enda viktigare da dei ofte har svak økonomi og gjerne vil ha raske avgjersler. Det er også viktig å handle når iveren og pågangsmotet er til stades.
Når det gjeld retningslinene, er dette gjort så enkelt som mogleg, men dei trengs for å ha god styring av arbeidet. Det vil vere naturleg med ei relativt rask evaluering av retningslinene.
Ungdomsrådet har forslag om at næringsfondet vert nytta til hoppekassa.
Etablering av hoppekassa er eit positivt tiltak slik næringssjefen ser det. På den måten kan ein trekke ungdomen meir aktivt med i nyskaping og næringsliv. Ungdomen er også ein stor ressurs med tanke på framtidig etablering i lokalmiljøet.
Det vil vere naturleg å nytte næringsfondet i samband med ”drifta” av hoppekassa, men først kan ein nytte ledige midlar frå Ungdomsprosjektet.
Når det gjeld retningslinene som er utarbeidd i samarbeid med næringssjefen, er det ingen spesielle merknader til desse.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
Rådmann |
|
|
|
|
|
|
|