NORDDAL KOMMUNE

Arkiv:                    J00

Saksmappe:          07/00660-2

Sakshandsamar:   Toralv Klokkehaug

Dato:                      07.09.2007

Møtebok

Forslag om endra kontorstruktur for mattilsynet sine distriktskontor i Trøndelag og Møre og Romsdal  

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

055/07

Kommunestyret

13.09.07

Utsendte saksdokument:

Brev av 17.08.2007 frå Mattilsynet

Ikkje utsendte saksdokument:

Rådmannen si innstilling:

Norddal kommunestyre ser på forslaget om etablering av ein filial for Mattilsynet på Stranda som svært uheldig for vidare vekst, utvikling og optimisme for næringslivet og bygdene i indre fjordstrøk.

Forslaget om å etablere ein filial til Mattilsynet i Stranda må trekkast.

Handsaming i Kommunestyret  13.09.2007:

Ordføraren kom med slikt forslag til vedtak:

Norddal kommunestyre vil på det sterkaste protestere mot nedbygginga av distriktskontoret for mattilsynet i Stranda slik som foreslått. Kommunestyret grunngjev det med følgjande :

  1. Stranda med nærområdet representererer eit tyngdepunkt for matproduksjon og tilverknad i Norge. Råvareproduksjonen er knytt både til sjømat, husdyrhald og grønt sektoren. Mange store foredlingsverksemder bearbeider lokale råvarer i tillegg til å tilverke importert råstoff. I heile produksjonskjeda frå ord til bord er mattilsynet ein viktig medspelar for å sikre kvalitetet i alle ledd. Lokalkjennskap er ein viktig faktor for å byggje tillit mellom produsent og tilsyn.

  1. Stranda og Norddal kommune har status som verdsarv (UNESCO) som ein del av Vestnorske fjordlandskap. Dette er det einaste området i Norge med ein slik status etter naturkriteriet. I global samanheng er det berre omlag 170 andre område i same kategorien. Kriteriet for å bli ein del av verdsarven er at eit område representerer universelle verdiar. Desse heilt spesielle naturverdiane – som i vårt tilfelle er universelle- gjev grunnlag for merkevarebygging i matvarekjeda: ”verdsarvmat ”. Ein føresetnad for å utvikle dette konseptet, er tilstedeværelsen av kompetent  kvalitetorgan som mattilsynet. På det grunnlag meiner Norddal kommunestyre at det er heilt uforsvarleg og i strid god næringspolitikk å svekke kontoret til mattilsynet i Stranda.

Røysting:

Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag.

Vedtak i  Kommunestyret - 13.09.2007:

Saksgrunnlag:

Mattilsynet vart etablert som ein ny organisasjon frå 01.01.2004. Dei har eit omfattande ansvarsområde innan mat, vatn, dyrehelse, dyrevern, fisk og plantehelse. I region Trøndelag/Møre og Romsdal vart det etablert et regionkontor og 14 distriktskontor. Etter vel tre års drift har redusert ramme ført til vurdering av bemanning og organisasjon. Det er framlegg om at distriktskontoret i Stranda vert etablert som ein filial under distriktskontoret i Herøy.

Saksopplysningar:

I samband med eit internt kartleggingsarbeid i Mattilsynet vart talet på distriktskontor vurdert.

Etter gjennomføring av denne kartlegginga er det fastslått at Mattilsynet må redusere talet på tilsette for å kunne oppretthalde sitt arbeid. For region Trøndelag, Møre og Romsdal er det aktuelt med innsparingar på 15 – 20 årsverk og behov for andre kostnadsreduserande tiltak.

Ein nedgang i bemanninga ved alle kontor vil føre til at det blir vanskelegare for kvart kontor å oppretthalde kompetanse for å oppretthalde tilsynsarbeidet.

Regiondirektøren sitt forslag går ut på at distriktskontoret for Søre Sunnmøre og Distriktskontoret for Indre Sunnmøre vert slått saman. Distriktskontoret vert plassert på Dragsund i Herøy. Kontoret på Stranda vert vidareført som filial der leiaren er plassert på Distriktskontoret i Herøy.

Saksvurdering og konklusjon:

Nedlegging av distriktskontoret på Stranda og oppretting av eit filialkontor er ei svært uheldig utvikling for næringslivet i området. Når ein filial blir etablert som ein del av innsparingar, varer det ikkje lenge før også filialen blir lagt ned.

Konsekvensen for etableringa av ein filial på Stranda er stor når ein ser på satsinga i verdsarvområdet og dei ulike aktivitetane ein etter kvart vil få i randsoneområda. Tiltakspakken for verdsarvområdet på 6,5 mill kr vil føre til auka satsing på dyrehald og større tilgang på slakt i området. Kombinasjonen reiseliv og dyrehald blir ein viktig del av inntektskjeldene i området. I  desse områda vil ein etter kvart få ulike nyetableringar som også vil krevje rettleiing frå Mattilsynet. Kravet til god beredskap vil auke.

I Norddal kommune har ein produksjon av frukt og bær. 30 % av industrijordbæra i Norge kjem frå Norddal. Det er difor viktig at ein da har god tilgang på fagpersonell innan plantehelse. Det same gjeld dei som driv med fruktdyrking og andre som er avhengige av Mattilsynet sine tenester.

I framtida blir det viktig å satse på auka næringsutvikling i indre fjordstrøk. Mattilsynet vil vere ein viktig aktør for mange av dei arbeidsplassane som vi har og som blir etablert dei neste åra.

Konklusjonen blir difor at forslaget om å etablere eit filialkontor for Mattilsynet på Stranda vil vere eit negativt tiltak for den som ynskjer vekst og utvikling for bygdene i Norddal kommune.

Stig Holmstrøm

rådmann