|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 65/6
Saksmappe: 05/00896-2
Sakshandsamar: Per Grimstad Dato: 27.01.2006 |
Søknad om utsetjing av frist
for buplikta på Nyhus gnr 65 bnr 6
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
06.02.06 |
Utsendte saksdokument:
Søknad datert 22.11.2005
Kart 1:3000
Ikkje utsendte
saksdokument:
Lov om odelsrett 1974-06-28 nr.58
LMD - Rundskriv nr M-5/2001
Norddal Kommune gjev Hilde Kristin Marås utsett frist for busetjing av Nyhus gnr 65 bnr 6.
Det er eit vilkår at søkjar buset seg på bruket innan 22.11.2008, og bur her i minst fem år.
Heimel for vedtaket er odelslova og delegert fullmakt.
Norddal Kommune gjev Hilde Kristin Marås utsett frist for busetjing av Nyhus gnr 65 bnr 6.
Det er eit vilkår at søkjar buset seg på bruket innan 22.11.2008, og bur her i minst fem år.
Heimel for vedtaket er odelslova og delegert fullmakt.
Søknaden. Delegert fullmakt til kommunen : ”Kommunen ved formannskapet skal avgjere søknaden”
Hilde Kristin Eide Marås har sidan 22.11.2004 eigd gnr 65 bnr 6.
Av søknaden går det fram at Hilde K Marås søkjer utsetjing for buplikta heimla i lov om odelsrett.
Sitat frå lov om odel:
§27a.
”Departementet kan etter søknad gi fritak
frå bu- og driveplikta etter §27 antan heilt eller for ei viss tid. Ved avgjerd
av søknad om fritak frå buplikta skal det leggjast særleg vekt på ønske om å
styrkje eller oppretthalde busetjinga i området der eigedomen ligg, på kor nær
tilknyting søkjaren har til eigedomen og på søkjaren sin livssituasjon. Vidare
skal det mellom anna takast omsyn til bruksstorleik, avkastningsevna og
hustilhøva på garden.”
Sitat frå rundskriv 5/2001
”Søkerens livssituasjon er nå nevnt i loven selv. Det er et moment
som skal tillegges særlig vekt, slik det har vært gjort i praksis fram til nå.
Livssituasjonen skal som tilknytningen veie tungt, enten saken går
etter odelsloven eller konsesjonsloven.
Grunnene kan være knyttet til arbeids- eller utdannelsessituasjonen,
familiære, helsemessige eller andre sosiale forhold. Det kan for eksempel være
en bedrift som må avvikles, en utdannelse som må fullføres eller at barn eller
ektefelle er avhengig av spesiell medisinsk behandling. De fleste sider ved søkers
livssituasjon kan komme i betraktning”.
Generasjonsskifte og flytting er ein prosess. Søkjar ynskjer meir tid for oppgradering av byggningane, og for å avklare situasjonen for overtaking og innflytting.
Ved slik søknad skal ein etter odelslova leggja særleg vekt på å styrkja og oppretthalde busetjinga, vidare tilknytinga til eigedomen, bruksstorleik, avkastningsevna og husforhold.
Rundskrivet M-5/2005 er skrive for å klargjere forhold rundt ”Bu og driveplikt”, her går det også fram at busetjingsmålet er viktig, og at eigars livsituasjon skal takast med i vurderingane.
Sidan søkjar held fram moment som er knytt til eigen livssituasjon og husforhold, er det desse som vil bli vurdert i denne sak.
Målsetjinga for praktiseringa av lover knytt til odel og konsesjon er samansette, men viktigast er busetjing. Dagens regjering har signalisert innstramming i denne samanheng.
Gardane i Norddal og på Eide er relativt små, og lønsam utvikling krev godt samarbeid mellom gardbrukarane og produktutvikling mot nye nisjer.
Søkjar er sterkt knytt til bruket, og ser moglegheit for lønsam forvaltning av garden i framtid.
For å utgreie og planlegge ein framtidig livssituasjon på Eide, treng ein meir tid enn det eine året lova gir. Eit ekstra moment er huset, som treng oppgradering til dagens standard.
Det er tilrådeleg å gi søkjar Hilde Kristin Marås utsetjing for fristen om buplikt, dette for å gje mulegheit for oppgradering av hus, og for at familien kan få ro til avklaring om livssituasjon.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|