|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-HES
Saksmappe: 07/00389-2
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 07.09.2007 |
Søknad frå Hilde og Jan Olav
Hesthaug om midlar frå Næringsfondet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
17.09.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad med vedlegg
Ikkje utsendte
saksdokument:
Næringsfondstyret vedtek eit tilskot frå det kommunale næringsfondet på kr 160.000,- til Hilde og Jan Olav Hesthaug i samband med investeringar i ”Inn på tunet” tilbod.
Handsaming i Formannskapet 17.09.2007:
Merete Løvoll Rønneberg kom med forslag om å løyve kr. 230.000,-.
Røysting:
7 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag
0 røysta for innstillinga.
Næringsfondstyret vedtek eit tilskot frå det kommunale næringsfondet på kr 230.000,- til Hilde og Jan Olav Hesthaug i samband med investeringar i ”Inn på tunet” tilbod.
Næringsfondet vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som oversikt over innkomne søknader.
Hilde og Jan Olav Hesthaug eig og driv bruket Hesthaugen i Eidsdal. Dei hadde mjølkeproduksjon fram til 2003. Dei driv i dag med kjøtproduksjon, og begge arbeider utanfor bruket. I tillegg har bruket 3 hytter som dei leiger ut og har hatt besøk av diverse bussgrupper med enkel servering ute. Dei siste åra har bruket også gitt tilbod til barn og ungdom gjennom eit samarbeid med barnevernet i fleire kommunar.
Vidare planar for bruket er no å vidareutvikle turismen og ”Inn på tunet” tilbodet. Kapasiteten når det gjeld ovenatting og servering er for liten, og søkjarane er no i gang med å bygge eit kombinasjonsbygg i tre etasjer. Underetasjen skal nyttast som aktivitetsrom/verkstad for ”Inn på tunet” og lagerrom. Hovedetasjen vil ha serveringslokale for bussgrupper og andre grupper om sommaren og nyttast av ”Inn på tunet”- gjestar om vinteren. Loftsetasjen vil ha to husvere spesielt med tanke på ”Inn på tunet”- brukarar.
Byggekostnaden for kombinasjonsbygget er kalkulert til kr 2.250.000,- . Det er tenkt finansiert med
kr 550.000,- frå Innovasjon Norge, kr 300.000,- frå næringsfondet, kr 700.000,- i lån og kr 700.000,- i eigenkapital. Det er enno ikkje løyvd tilskot frå Innovasjon Norge da ”kassa er tom”. Søknaden vil bli vurdert i 2008. Søknaden er vedlagt driftsbudsjett, kostnadsoverslag og finansieringsplan
Det er svært lite ”Inn på tunet” aktivitetar i Norddal kommune. Behovet for tilbod både innan barnevernet, psykiatri og andre tilpassa opplegg både for barn og vaksne er aukande. Det viser seg at dei tradisjonelle måtane å løyse diverse utfordringar på ikkje alltid er gode og kanskje meir tilpassa eit offentleg system enn dei menneska ein skal ta vare på.
Når det gjeld turistdelen av prosjektet, er den også framtidsretta og i pakt med dei trendane ein har i dag. Turistane ynskjer å kome ut å oppleve norske heimar og lokalmiljø i større grad enn tidlegare.
Denne delen av turismen vil auke mykje framover.
Dette er eit godt og framtidsretta prosjekt som bør få tilskot frå det kommunale næringsfondet.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|