NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    NF-emu

Saksmappe:          07/00368-2

Sakshandsamar:   Toralv Klokkehaug

Dato:                      07.09.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

Søknad få Kakemonsen Muri om midlar frå næringsfondet  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

106/07

Formannskapet

17.09.07

 

Utsendte saksdokument:

Søknad med vedlegg

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

Næringsfondstyret vedtek eit tilskot på kr 125.000,- til Kakemonsen Muri frå det kommunale næringsfondet. Tilskotet skal nyttast til investeringar i produksjonslokale.

 

 


Handsaming i Formannskapet  17.09.2007:

Merete Løvoll Rønneberg kom med forslag om å løyve kr. 85.000,-.

 

Røysting:

5 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag

2 røysta for innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Formannskapet - 17.09.2007:

Næringsfondstyret vedtek eit tilskot på kr  85.000,- til Kakemonsen Muri frå det kommunale næringsfondet. Tilskotet skal nyttast til investeringar i produksjonslokale.

 

 

Saksgrunnlag:

Næringsfondet vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som oversikt over innkomne søknader.

 

Saksopplysningar:

Elisabeth Muri har søkt om tilskot frå næringsfondet til oppstart av bakeriutsal. Det skal produserast kake- og brødprodukt der lokal frukt og bær skal nyttast i produksjonen. Utsalet og produksjonen skal skje i det nyoppussa sanitærbygget på campingsplassen på Muri. Etter oppussinga har dette lokalet også fått informasjonslokale og resepsjon. Kjøkkendelen er på 25 m2. I søknaden går det fram at ein tenker seg gjestar på campingplassen, turistar i området, Muritunet og lokalbefolkninga som aktuelle kundar. Det er i dag ikkje bakeriutsal i Valldal. Elisabeth Muri vil med denne satsinga få eit betre inntektsgrunnlag i tillegg til arbeidet på campingsplassen .

 

Innovasjon Norge har støtta prosjektet med kr 134.000,- og dei ser svært positivt på denne satsinga.

Det er utarbeidd oversiktleg kostnadsoverslag, finansieringsplan og driftsbudsjett som ligg ved søknaden. Samla kostnader er på kr 421.750,- og det vert søkt om kr 210.000,- frå det kommunale næringsfondet.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Dette er eit prosjekt som kommunen må vere med på å støtte. Her er det ungdom som vil satse på noko nytt som det er behov for i kommunen. Det er også positivt at søkjaren vil satse på lokale råvarer. Dersom kommunen hadde hatt meir næringsfondmidlar til fordeling, burde ein auke tilskotssatsen for denne søknaden.

 

 

Stig Holmstrøm

 

Rådmann