|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-NÆR
Saksmappe: 07/00414-2
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 06.09.2007 |
Søknad frå Eidsdal
Næringsutvikling om stønad til turistinformasjon Eidsdal næringsutvikling
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
17.09.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad med vedlegg
Ikkje utsendte
saksdokument:
Næringsfondstyret vedtek eit tilskot på kr 10.000,- til Eidsdal Næringsutvikling frå det kommunale næringsfondet for investeringar i turistinformasjon.
Handsaming i Formannskapet 17.09.2007:
Signe Brenna gjekk frå som ugild – no 6 representantar.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Næringsfondstyret vedtek eit tilskot på kr 10.000,- til Eidsdal Næringsutvikling frå det kommunale næringsfondet for investeringar i turistinformasjon.
Næringsfondet vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som oversikt over innkomne søknader.
Turistinformasjonen i Eidsdal har vore i knytt til Handverkshuset både i 2006 og 2007.
For 2007 har det vore utgifter til lokalleige, materiell som brosjyrer, hyller og stativ, skilt og tavler. Samla utgifter på kr 21.100,-.
Det er viktig at ein har tilgang på turistinformasjon i ei bygd. Dersom slike tilbod manglar, vil dette lett føre til at turistane reiser ut av bygda i staden for å nytte ulike lokale tilbod som overnatting, serveringsstadar og friluftstilbod. Sjølv om dette er ein liten søknad, er tilbodet viktig for bygda.
Søknaden vert tilrådd.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|