NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    NF-ILI

Saksmappe:          07/00455-2

Sakshandsamar:   Toralv Klokkehaug

Dato:                      06.09.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

Søknad frå Seniorklær Møre om midlar til oppstart av eige firma  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

104/07

Formannskapet

17.09.07

 

Utsendte saksdokument:

Søknad med vedlegg

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

Næringsfondstyret vedtek eit tilskot på kr 75.000,- til Seniorklær Møre frå det kommunale næringsfondet

 

 

 


Handsaming i Formannskapet  17.09.2007:

Merete Løvoll Rønneberg kom med forslag om å løyve kr. 90.000,-.

 

Røysting:

7 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag

0 røysta for innstillinga

 

 

 


Vedtak i  Formannskapet - 17.09.2007:

Næringsfondstyret vedtek eit tilskot på kr 90.000,- til Seniorklær Møre frå det kommunale næringsfondet.

 

 

Saksgrunnlag:

Næringsfondet vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som gir oversikt over innkomne søknader og letter prioriteringa.

 

Saksopplysningar:

Ingunn Lianes er i ferd med å starte si eiga bedrift ”Seniorklær Møre” med kontor og lager i Tafjord.

Ho vil gjennom denne arbeidsplassen skape ein ny kvinnearbeidsplass i Norddal kommune.

Firmaet skal drive med sal av klede til godt vaksne personar gjennom besøk på alders- og pleieheimar i Møre og Romsdal og delar av Nordfjord. Butikken har eksistert i ca 7 år med kontor i Ørskog og flytter no til Tafjord.

 

Kostnadene med oppstarting er relativt høge. For det første er det overtaking av kundeportefølge, bestilling av klede og varelager og andre investeringar i kontorutstyr. Samla oppstartingskostnader er på kr 868.000,- der det vert søkt om kr 100.000,- frå næringsfondet i tillegg til lån, eigenkapital og andre tilskot. Det er utarbeidd eit eige driftsbudsjett.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Etablering av ”Seniorklær Møre” i Tafjord er positivt med omsyn til busetnad og arbeidsplasser.

Dette er ei innarbeidd bedrift og marknaden er aukande da det stadig vert fleire eldre.

Søknaden er også godt gjennomtenkt. Tilrår at det vert løyvd tilskot.

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann