NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    NF-FJE

Saksmappe:          07/00228-5

Sakshandsamar:   Toralv Klokkehaug

Dato:                      06.09.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

Søknad frå Fjellro Turisthotell om stønad frå næringsfondet  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

103/07

Formannskapet

17.09.07

 

Utsendte saksdokument:

Søknad med vedlegg

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

Næringsfondstyret vedtek å løyve kr 15.000,- til Fjellro Turisthotell for ei marknadsundersøking i samband med etablering av ein fiskerestaurant. Det vert ikkje løyvd midlar til investeringar før ei slik undersøking føreligg.

 

 


Handsaming i Formannskapet  17.09.2007:

Merete Løvoll Rønneberg kom med forslag om ikkje å løyve tilskot.

 

Røysting:

6 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag

1 røysta for innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Formannskapet - 17.09.2007:

Næringsfondsstyret vedtek å ikkje gje tilskot.

 

 

Saksgrunnlag:

Næringsfondet vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som gir oversikt over innkomne søknader og letter prioriteringa.

 

Saksopplysningar:

Det vert søkt om bedriftsutvikling for Fjellro Turisthotell som omfattar etablering av ein fiskerestaurant og ein hage for kulturarrangement. Når det gjeld fiskerestauranten, vert det opplyst at det er få som har slike tilbod, men at turistane etterlyser slike tilbod. Når det gjeld kulturhagen, kan dei tenke seg noko tilsvarande opplegg som i Stordal kommune (Kulturhola)

 

Når det gjeld sjølve søknaden, manglar finansieringsplan, søknadssum og driftsbudsjett som syner lønsemda med tiltaka. Samla kostnad er kr 597.000,- eks mva.

 

 

Saksvurdering og konklusjon:

Planane om ein fiskerestaurant bør det arbeidast vidare med. Dette kan vere eit tiltak som kan tilføre bygda noko nytt. Søkjaren må legge fram finansieringsplan og driftsbudsjett før ein vurderer tilskot til investeringar. Planane om ein fiskerestaurant er framtidsretta og nyskapande, men det bør vere ei marknadsundersøking som grunnlag for vidare arbeid med saka.

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann