|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-KIL
Saksmappe: 07/00508-4
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 06.09.2007 |
Søknad om stønad frå
næringsfondet - KIL-prosjektet "Frå produsent til vert"
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
17.09.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad med vedlegg
Ikkje utsendte
saksdokument:
Næringsfondstyret vedtek eit tilskot på kr 25.000,- til KIL- prosjektet ”Frå produsent til vert” frå det kommunale næringsfondet
Handsaming i Formannskapet 17.09.2007:
Petter Melchior gjekk frå som ugild – no 6 representantar.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Næringsfondstyret vedtek eit tilskot på kr 25.000,- til KIL- prosjektet ”Frå produsent til vert” frå det kommunale næringsfondet
Næringsfondet vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som gir oversikt over innkomne søknader.
Prosjektet skal gå over 2 år og skal utvikle og prøve ut ein læringspakke for bønder og grunneigarar som vil starte ny næring med utgangspunkt i natur- og kulturbaserte verdiar. Tiltaket tek utgangspunkt i Geoturisme konseptet og skal bidra til større breidde i reiselivssatsinga. Landbruk og bygdenæringar skal synleggjerast som aktørar, og bønder som satsar skal sitte att med ein større del av inntektene frå reiselivsnæringa.
Det er Møre og Romsdal bondelag, Møre og Romsdal fylke, Stranda vgs og Verdsarvprosjektet som samarbeider om prosjektet. Samla kostnader kr 535.000,-. Det vert søkt om kr 35.000,- i tilskot.
Kompetanse er svært viktig for den som skal starte ny næring. Innan store delar av landbruket er det liten tradisjon når det gjeld nytenking og nyutvikling. Årsaken til dette er landbruket har vore ein råvareprodusent, og andre har teke seg av vidareforedlinga. Dette er i ferd med å endre seg, og kompetanse både innan tradisjonelle område og nye område blir svært viktig i framtida.
Det bør løyvast midlar til prosjektet.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|