|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-pak
Saksmappe: 07/00473-2
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 06.09.2007 |
Søknad frå Stiftinga
Paktarstova om midlar frå næringsfondet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
17.09.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad med vedlegg
Ikkje utsendte
saksdokument:
Næringsfondstyret vedtek eit tilskot på kr 40.000,- til Stiftinga Paktarstova for finansiering av forprosjekt.
Handsaming i Formannskapet 17.09.2007:
Petter Melchior og Signe Brenna gjekk frå som ugilde – no 5 representantar.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Næringsfondstyret vedtek eit tilskot på kr 40.000,- til Stiftinga Paktarstova for finansiering av forprosjekt.
Næringsfondet vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som gir oversikt over innkomne søknader.
Det har dei siste åra vore lagt ned mange dugnadstimar på arbeidet med Paktarstova. For å kome vidare må ein no engasjere ein person som kan bruke både krefter og tid på å vidareføre prosjektet.
Denne personen skal ha som oppgåve å skaffe finansiering til restaurering av bygningar og få på plass eit sanitærbygg. Stiftinga har søkt om BU- midlar frå Møre og Romsdal fylke til dette prosjektet. Det vart søkt om kr 125.000,- i BU- finansiering, men det vart berre tildelt kr 50.000,- av ei kostnadsramme på kr 171.000,-.
I finansieringsplanen hadde ein også ført opp eit tilskot på kt 46.000,- frå det kommunale næringsfondet.
Ein viser til vedlegg i denne saka for meir informasjon når det gjeld innsendt BU- søknad, prosjektomtale, vedtekter og løyving frå Møre og Romsdal fylke
Bakgrunnen for denne søknaden er at arbeidet med tiltak for Paktarstova har blitt svært omfattande.
Det er ikkje nok å satse på ordinært dugnadsarbeid for å få gjort større oppgåver. På ein måte har ein kome til eit vegskilje der ein må velje om ein skal satse eller ikkje.
Dette tiltaket er viktig å få gjennomført i bygda, og det vil ha positiv innverknad på mange ulike område. Sjølve aktiviteten med istandsetting vil skape engasjement og sysselsetting. Når bygninga er ferdigrestaurert og det er bygd nytt sanitæranlegg, vil ein kunne opne bygget for ulike aktivitetar og ein vil få ein god møteplass for kreativitet og nyskaping.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|