|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-LLL
Saksmappe: 07/00474-2
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 06.09.2007 |
Søknad frå Handverkshuset i
Eidsdal om stønad frå Næringsfondet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
17.09.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad med vedlegg
Ikkje utsendte
saksdokument:
Næringsfondstyret vedtek eit tilskot på kr 40.000,- til Handverkshuset i Eidsdal frå det kommunale næringsfondet. Midlane skal nyttast i samband med etableringa i Geiranger.
Handsaming i Formannskapet 17.09.2007:
Merete Løvoll Rønneberg kom med forslag om å løyve kr. 30.000,-.
Røysting:
7 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag
0 røysta for innstillinga.
Næringsfondstyret vedtek eit tilskot på kr 30.000,- til Handverkshuset i Eidsdal frå det kommunale næringsfondet. Midlane skal nyttast i samband med etableringa i Geiranger.
Næringsfondet vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som gir oversikt over innkomne søknader.
Handverkshuset i Eidsdal søkjer om tilskot i samband med oppstarting av ny avdeling i Geiranger. Denne avdelinga har vore i drift i sommar. I Eidsdal har det no vore drift i 2 år og etableringa i Geiranger blir gjort for å få større omsetting. Dette er nødvendig for at bedrifta skal gi betre inntening.
Handverkshuset har i dag ein som er tilsett i 80 % stilling og 2 sesongarbeidarar. Det er inngått avtale med Fjord 1 når det gjeld sal på 2 ferger i tillegg til etableringa i eit leigd naust sentralt i Geiranger.
Denne søknaden gjeld etableringa i Geiranger. Det er utarbeidd eit kostnadsoverslag som syner ein utgift på ca 75.000,- ved etablering i det aktuelle naustet i ein periode på 4 månader no i sommar.
Det vert søkt om 75 % ( kr 55.869) finansiering gjennom næringsfondet. Det er lagt ved driftsbudsjett.
Dette er eit svært positivt tiltak og etableringa i Geiranger er ei viktig knoppskyting for ei ny bedrift. Handverkshuset er i dag kjent over store delar av distriktet, men det er tidkrevjande å bygge opp nye marknader. Auka omsetting er ein viktig i ein oppstartingsfase der utgiftene ofte er noko større enn seinare. Handverkshuset er viktig for sysselsetting i bygda, men også det at bedrifta kan vere med på å skape gode nettverk og positiv aktivitet i kommunen.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|