NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    NF-THE

Saksmappe:          07/00472-2

Sakshandsamar:   Toralv Klokkehaug

Dato:                      06.09.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

Søknad frå The Happy End om tilskot til prosjektet "Midtsommardagar 2007"  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

099/07

Formannskapet

17.09.07

 

Utsendte saksdokument:

Søknad med vedlegg

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

Næringsfondstyret vedtek eit tilskot på kr 40.000,- til The Happy End frå det kommunale næringsfondet som skal nyttast til ”Midtsommardagane”.

 

 

 


Handsaming i Formannskapet  17.09.2007:

Petter Melchior gjekk frå som ugild – no 6 representantar.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Formannskapet - 17.09.2007:

Næringsfondstyret vedtek eit tilskot på kr 40.000,- til The Happy End frå det kommunale næringsfondet som skal nyttast til ”Midtsommardagane”.

 

 

Saksgrunnlag:

Næringsfondet vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som gir oversikt over innkomne søknader og letter prioriteringa.

 

Saksopplysningar:

The Happy End søkjer om kr 100.000,- i tilskot til gjennomføring av ”Midtsommardagar 2007”. Samla kostnad er kr 277.500,-. Dette er eit stort arrangement som er godt kjent også utanom kommunen og er med på å marknadsføre både næring og miljø i bygda Norddal. Ein søknad om tilskot til organisasjonen tidlegare i år fekk avslag. Søknaden var da retta inn på utvikling av sjølve organisasjonen og ikkje eit spesielt arrangement. Dei har også motteke BU- midlar frå Møre og Romsdal fylke. Søknaden som no vert framlagt har eit oversiktleg budsjett.

 

Saksvurdering og konklusjon:

The Happy End har vist stor evne til nyskaping og aktivitet. Dette har vore synleg gjennom fleire arrangement der Midtsommardagane er den største aktiviteten i løpet av året.

Organisasjonen har vist stor kreativitet og var også representert under opning av Reinheimen på Slettvikane. Norddal kommune har kome med innspel til Møre og Romsdal fylke om at The Happy End er ein god kandidat for å få BU- prisen for 2007. På grunnlag av desse opplysningane bør organisasjonen tildelast tilskot i samband med gjennomføring av ”Midtsommardagane 2007”.

Dette arrangementet er med på å styrke næringslivet i bygda på ein god måte.

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

Rådmann