NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    U00

Saksmappe:          07/00264-2

Sakshandsamar:   Toralv Klokkehaug

Dato:                      06.09.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Andre tildeling av næringsfondet 2007  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

097/07

Formannskapet

17.09.07

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Vedtekter og retningsliner for næringsfondet

Saldooversikt

 

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

Næringsfondstyret vedtek at tildeling av næringsfondet ved 2. runde 2007 vert sett til kr 540.000,-.

 

 

 


Handsaming i Formannskapet  17.09.2007:

Magne Almstad kom med slikt forslag:

Næringsfondstyret vedtek at tildeling av næringsfondet ved 2. runde 2007 vert sett til kr 560.000,-.

 

Røysting:

7 røysta for Magne Almstad sitt forslag

0 røysta for innstillinga

 

 

 


Vedtak i  Formannskapet - 17.09.2007:

Næringsfondstyret vedtek at tildeling av næringsfondet ved 2. runde 2007 vert sett til kr 560.000,-.

 

 

Saksgrunnlag:

Kommunestyret har tidlegare vedteke at tilskot frå næringsfondet skal delast ut 4 ganger i året.

I 2006 var det berre 2 utdelingar, og det kan sjå ut til at det berre vert 2 utdelinga no i år.

Det har hittil ikkje vore god nok oversikt over kor mykje av næringsfondet ein har hatt til fordeling.

Etter ein grundig gjennomgang i samarbeid med kommunekassa, har næringsfondet ein rest på kr 541.228,- for disposisjon i 2007. Ved første utdeling vart det løyvd kr 1.585.000,-.

 

I løpet av hausten er det planlagt ein gjennomgang av vedtekter, retningsliner og det vil bli utarbeidd eit søknadsskjema. Sidan ein ikkje har eige søknadsskjema er det vanskeleg å få med alle opplysningar som er ein treng for å handsame søknaden på ein god måte. Fleire søknader har vesentlege manglar. Ved neste søknadsomgang vil alle søknader bli kanalisert til Fjordhagen for kvalitetssikring. Dette er i samsvar med avtaler mellom Norddal kommune og Fjordhagen AS

 

Det er 10 som har søkt om tilskot frå næringsfondet og vert omfatta av både små og store søknader. Søknadsfristen var 06.06.2007, og ein rakk ikkje å handsame søknadene før sommarferien.

 

 

 

                                                           SØKT TILSKOT                  TILRÅDD TILSKOT

The Happy End          

Midtsommarsdagane                                     100.000,-                    40.000,-         

                       

Handverkshuset Eidsdal

Etablering i Geiranger                                              55.869,-                     40.000,-

 

Stiftinga Paktarstova

Forprosjekt vidare drift                                            46.000,-                      40.000,-

 

KIL- prosjekt

Utvikling av rådgjevingspakke                                35.000,-                      25.000,-

 

Fjellro Turisthotell

Hage og fiskerestaurant                                Ikkje opplyst beløp     15.000,- m.unders.

 

Seniorklær Møre

Etablering av verksemd i Tafjord                 100.000,-                    75.000,-

 

Eidsdal Næringsutvikling

Turistinformasjon                                          10.000,-                      10.000,-

 

Hilde og Jan Olav Hesthaug

Inn på tunet                                                   400.000,-                    160.000,-

 

Hallgeir Greger

Limosin                                                          60.000,-                      10.000  m. føring       

 

Kakemonsen Muri

Bakeri                                                            210.000,-                    125.000,-

 

 

SUM                                                              1.016.869,-                   540.000,-                             

 

Saksvurdering og konklusjon:

Ved handsaming av søknadene er det viktig å legge til grunn vedtekter og retningsliner for næringsfondet. Tiltak som er retta mot omstilling, ekspansjon og nyskaping skal prioriterast, og dette gjeld for alle næringar. Da det ikkje er meir fondsmidlar enn kr 540.000,- å tildele dette året, bør denne tildelinga bli den siste for i år.

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann