NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    C50

Saksmappe:          05/00310-18

Sakshandsamar:   Aud Lindis Ødegaard

Dato:                      02.10.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

Søknad om finansiering til å lage disposisjon forprosjekt - Skredsenter  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

100/06

Formannskapet

25.09.06

 

 

Utsendte saksdokument:

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

F.sak 59/06

 

 

Rådmannen si innstilling:

1.      Norddal kommune yter kr 9.000 av næringsfondet til å arbeide fram kravspesifikasjon for å kunne bestille forprosjekt – Skredsenter.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  25.09.2006:

Ordføraren kom med slikt forslag:

Saka vert utsett, og ein ber om at det vert lagt fram noko meir informasjon om arbeidet som er gjort av interimstyret så langt, og dei rapportar som ligg føre så lagt. Ein ber òg om at det vert klargjort kva myndigheit rådmann og ordførar har ang. å løyve midlar til prosjekt direkte.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Formannskapet - 25.09.2006:

Saka vert utsett, og ein ber om at det vert lagt fram noko meir informasjon om arbeidet som er gjort av interimstyret så langt, og dei rapportar som ligg føre så lagt. Ein ber òg om at det vert klargjort kva myndigheit rådmann og ordførar har ang. å løyve midlar til prosjekt direkte.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

Det er sett ned eit interimstyre som syter for framdrift i prosjektet. I styret set Stig Holmstrøm, Oddbjørn Lianes, Astor Furseth og Oddfrid Tafjord.

 

Saksopplysningar:

Det må lagast eit grundig forprosjekt som skal belyse dei fleste sider kring eit Skredsenter. Det må liggje føre ein kravspesifikasjon i forkant av ei bestilling av forprosjekt. I tillegg må ein detaljert søknad liggje føre for å kunne søkje aktuelle samarbeidspartar om finansiering.

 

I f.sak 59/06 står det at interimstyret si primæroppgåve framover vil vere å finne finansiering av eit forprosjekt som gir grunnlag for avgjerder på vegen vidare.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Interimstyret har behov for å knyte til seg ekstern kompetanse til ei slik kartlegging. Til dette arbeidet vert det sett ei øvre ramme på 18.000 kr + mva. Det vert føresett at Norddal kommune og Tafjord Kraftproduksjon AS deler på denne kostnaden.

 

Interimstyret ber om at Norddal kommune merdverkar i finansieringa av arbeidet med utarbeiding av søknader for finansiering av forprosjekt skredsenter.

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann