NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    K40

Saksmappe:          05/00424-23

Sakshandsamar:   Inge Lilleås

Dato:                      08.09.06

 

Møtebok

                                  

 

 

Tildeling av fellingsløyve for hjort Muriås/Muri/Sylte  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

028/06

Viltnemnda

15.09.06

 

Utsendte saksdokument:

Brev frå Adv. Johs. A. Aspehaug datert  24.08.06

Brev frå kommunen datert 08.09.06

Brev frå kommunen datert 08.09.06 til grunneigarane i Muriås

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

·        Norddal viltnemnd viser til vedtak i sak 020/06 der vald 27 vart tildelt 5 fellingsløyve for hjort i 2006. Og skriv frå advokat datert 24.08.2006.

 

·        Viltnemnda finn, utifrå slik som saka står i dag, å kunne tildele valdet eit fellingsløyve til for 2006.

 

·        Dette løyve skal vere eit hodyr.

 

·        Den informasjon og plikter som går fram av skriv frå kommunen til valda datert 08.06.06. gjeld og for dette fellingsløyve.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Viltnemnda  15.09.2006:

Det vart sett fram slikt forslag frå Per Arne Løvoll til nytt pkt.:

 

Viltnemnda viser til brev frå Fylkesmannen datert 27.07.06 og skriv frå kommunen datert 03.08.06 og ber om at karta vert levert innan 15.11.06.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med innstillinga og med Løvoll sitt tilleggsforslag.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Viltnemnda - 15.09.2006:

·        Norddal viltnemnd viser til vedtak i sak 020/06 der vald 27 vart tildelt 5 fellingsløyve for hjort i 2006. Og skriv frå advokat datert 24.08.2006.

 

·        Viltnemnda finn, utifrå slik som saka står i dag, å kunne tildele valdet eit fellingsløyve til for 2006.

 

·        Dette løyve skal vere eit hodyr.

 

·        Den informasjon og plikter som går fram av skriv frå kommunen til valda datert 08.06.06. gjeld og for dette fellingsløyve.

 

·        Viltnemnda viser til brev frå Fylkesmannen datert 27.07.06 og skriv frå kommunen datert 03.08.06 og ber om at karta vert levert innan 15.11.06.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

SAKSGRUNNLAG.

Brev frå advokat Johs. A. Aspehaug datert 24.08.2006.

 

SAKSOPPLYSNING.

Viltnemnda gjorde på møte 10.05.2006 i sak 011/06 slikt vedtak:

Norddal viltnemnd gjer med heimel i forskrifta sin §6 utifrå skadepress vedtak om å redusere minstearealet med 25% for valda: 1-3-5-6-7-8-9-10-11-12-22-23-24-25-26-27-29, 64 og 66 slik at desse valda får tildelt etter minsteareal på 750 da./dyr i 2006.

Dei andre valda i kommunen får tildelt etter minsteareal 1000 da./dyr, i 2006.

 

Avskytingsmodell i valda etter forskrifta sin §15

Med slik tilnærma fordeling: Kalv 20%  Vaksne hanndyr (1 ½ år og eldre)  40 %. Og vaksne hodyr (1 ½ år og eldre)  40 %.

 

Sak med tildeling til kvart einskild vald vert å leggje fram seinare.

 

I viltnemndssak 017/06 på møte 01.06.2006 vart det av nemnda gjort slikt vedtak

Viltnemnda viser til forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever og gjer vedtak om samanslåing av Muriås, Muri og Sylte

Muriås sitt areal er 2000 dekar, Muri sitt areal vert sett ned med 150 dekar til 729 dekar og Sylte sitt teljande areal vert sett ned frå 1650 dekar til 1500 dekar.

Det samla  teljande areal vil då verte 4229 dekar.

 

Valdet vil ha nr. 27 i viltnemnda sitt register.

 

Valdansvarleg vert Peter Melchior 6210 Valldal.

 

På sistnemnde møte vart det i sak 020/06 gjort vedtak om tildeling til det no samanslegne vald 27. Valdet fekk 5 fellingsløyve for hjort utifrå teljande areal på 4229 dekar.

Fordeling slik: Hanndyr 2 – Hodyr 1 og kalv 2.

 

I skriv frå kommunen datert 08.06.2006 som vart utsendt saman med fellingsløyva  var mellom anna dette skrive:

 

KLAGERETT.

Vedtak om tildeling, type dyr og minsteareal, er det klagerett på.

Slik klage skal stilast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 Molde.

Klaga skal sendast til Norddal viltnemnd 6210 Valldal.

Frist for innsending av klage er tre veker frå den dag dette skrivet er motteke, klaga må vere grunngjeven.

 

I sitt brev av 24.08.2006.hevdar advokaten at Muriås-Muri-Sylte har rett på eit fellingsløyve til utifrå eit teljande areal på 4529 dekar. Sjølv om dei har klaga nettopp på avgjerda om samanslåing. Om det var 4529 dekar som var utrekningsgrunnlaget så er det rett.

Utrekninga vert slik: 4529 : 750 = 6,03. Avrunda til 6 løyver. 

 

Ein gjer merksam på at når advokaten meiner at hans klientar har krav på tildeling etter 4529 dekar er også Muriås som ikkje er med på klage medtekne, dei er ikkje klientar.

 

SAKSVURDERING.

Viltnemnda er kjent med at saka om samanslåing av vald er under klagehandsaming, klagarane er grunneigarane på Muri og Sylte. Grunneigarane i Muriås er ikkje med på klage. Punkt 1 i påstanden i klage hadde slik ordlyd:

 

  1. Vedtaket fatta av Norddal viltnemnd i sak: ”samanslåing av vald-Sylte/Muriås

vert å oppheve.,

 

Det er ikkje råd å misforstå eller tolke seg vekk frå denne realiteten.

Den klagerett som valdet hadde i høve tildeling, som er referert, vart ikkje nytta. Tal løyver var ikkje eit tema i klageskrivet. Klagefristen for tildeling av fellingsløyve er ute for lenge sidan.

 

Ein tvilar på at ei klage på dette punkt ville nå fram., kommunen har og fult høve til å engasjere advokat og vurdere saka i si fulle breidde.

Offentleg tilsette må i regelen tole mykje ”ris” saksførebuar har fått så det monnar i denne omgang.

Ein vil likevel rå frå at det vert engasjert advokat frå kommunen si side som skal brukast mot nokre av grunneigarane i kommunen.. Saka burde vore løyst på dette tidspunkt,. kan kommunen sitt bidrag med eit ekstra fellingsløyve vere med på ei løysing så gjerne det.

Saksførebuar vil difor  rå til at det vert gjeve løyve til felling av ein hjort i tillegg til tidlegare tildeling.  I den store samanheng har det lita betydning, reint prinsipielt kan det vere meir kontroversielt.

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann