NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    K44

Saksmappe:          06/00605-3

Sakshandsamar:   Inge Lilleås

Dato:                      08.09.06

 

Møtebok

                                  

 

Søknad om tilskott - ettersøkshund  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

026/06

Viltnemnda

15.09.06

 

Utsendte saksdokument:

Søknad frå Britt og Peter melchior datert 30.08.06

Brev frå kommunen datert 07.09.06

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.      Norddal viltnemnd yter eit tilskott på kr. 5000,00 til Britt og Peter Melchior til utgifter i samband med kjøp, kurs og forsikring av ettersøkshund.

2.      Eir vilkår for tilskotet er at eigarane av hunden tek på seg oppdrag for andre jegerar og kommunen i ettersøksarbeid.

3.      Desse kr. 5000,00 vert å ta av det kommunale viltfondet.

4.      Tilskotet kan betalast ut straks avtale er underskriven.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Viltnemnda  15.09.2006:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Viltnemnda - 15.09.2006:

  1. Norddal viltnemnd yter eit tilskott på kr. 5000,00 til Britt og Peter Melchior til utgifter i samband med kjøp, kurs og forsikring av ettersøkshund.
  2. Eir vilkår for tilskotet er at eigarane av hunden tek på seg oppdrag for andre jegerar og kommunen i ettersøksarbeid.
  3. Desse kr. 5000,00 vert å ta av det kommunale viltfondet.
  4. Tilskotet kan betalast ut straks avtale er underskriven.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

SAKSGRUNNLAG.

Søknad frå Britt og Peter Melchior motteken 30.08.2006.

 

SAKSOPPLYSNING.

Søknaden gjeld tilskot til kjøp, kurs og forsikring av innkjøpt Labrador Retriever.

Hunden er allereie godkjent.

Kommunen har i viltnemndssak 024/04 og 003/05 gjeve tilsegn om slikt tilskot, i begge høver vart det løyvd kr. 5000,-

Det er det kommunale viltfondet som vert brukt til slike tilskot.

 

SAKSVURDERING.

Tiltaket som søknaden gjeld må ein sjå på som særs positivt.

Det er i kommunen for få  hundar som er godkjende for ettersøk, difor vil denne hunden vere ein kjærkomen tilvekst for bruk i ettersøk

 

Utifrå dei vedtak som er gjort tidlegare i sakene 024/04 og 003/05 var det i desse i vedtaka sitt punkt 2 sett vilkår. Vilkåra må gå fram av ein enkel avtale som må skrivast under av søkjar og kommunen før tilskotet vert utbetalt.

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann