|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 611
Saksmappe: 03/00627-10
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 06.09.06 |
Tildeling av tomt til Rempro
for midlertidig produksjonslokale
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
11.09.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Kart som syner tomteavgrensing, dagsett 06.09.06 |
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Formannskapet tildeler tomt til Rempro for oppføring av midlertidig produksjonslokale på tomt 3 i Djupøyna med avgrensing slik det går fram av kart dagsett 06.09.06 og storleik 1250 m2.
2. Det skal lagast leigeavtale gjeldande til permament industribygg er ført opp og inntil 5 år.
3. Det skal betalast årleg leige som 5 % av kommunen sine grunnkjøpskostnader for arealet.
Formannskapet handsama tidlegare førespurnad om tomt for midlertidig produksjonlokale for Rempro i Djupøyna og stilte seg positiv til det. Det ligg no føre konkret utforming og tomteplassering.
Det ligg føre grunnriss og fasadar av bygget. Bygget er plassert i nedste hjørne på tomt 3, og til dette trengst ei tomt på om lag 1250 m2.
Ein burde helst hatt ei total tomteinndeling for dei verksemdene det er aktuelt å lokalisere i området. Ein har teke ei grov vurdering og kome til at det neppe er naudsynt å endre tomtedelingsplanen i seg sjølv, men dele innanfor houvdtomtene med mindre areal for andre verksemder. Plasseringa av tomt for Rempro slik den er synt på kartet er vurdert i høve til dette.
Det bør og vere ei leige, og utgangspunktet er kommunen sine grunnutgifter med ei rimeleg forretning. Med 75 kr/m2 og 5 % rente blir det årleg leige på kr 4 600. Leigetid blir til permanent industribygg er ført opp eller inntil 5 år.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|