NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    L82

Saksmappe:          06/00088-43

Sakshandsamar:   Øystein Klempe

Dato:                      06.09.06

 

Møtebok

                                  

 

 

Grunnlag for avtale med Berg-Jacobsen-Gruppen om hotelltomt på Murigrandane.  Søknad  om tomt for anna verksemd.  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

095/06

Formannskapet

11.09.06

 

Utsendte saksdokument:

1

Notat frå Erik Berg, møte 13.07.06

2

-

3

Forespørsel om kjøp av tomt frå Svein M.R.Andersen, Silje K.TAfjord, Stig Johnny Hoel, Ann Kristin Godø, dagsett29.08.06

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Referat frå møte 13.07.06  (ikkje offentleg)

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.      Formannskapet godkjenner dei momenta som er lagt fram i saka som grunnlag for avtale med Berg-Jacobsen-gruppen om tomt for hotell på Murigrandane.

2.      Formannskapet viser til vedtak i kommunestyret for utvikling av området på Murigrandane, og finn ikkje grunn til å kunne overdra arealet til bruk for anna verksemd slik det er søkt om.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  11.09.2006:

Referat frå møte i grunnkjøpsutvalet 13.07.06 vart delt ut. Møtet vart lukka medan referatet vart diskutert.

 

Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til vedtak:

Før Norddal formannskap kan godkjenne momenter som er lagt fram som grunnlag for ein avtale, må saksgangen få ei juridisk kvalitetssikring. Viser til EØS-avtalen §61 og §64c i plan og bygningsloven.

 

Det vart først røysta over Signe Brenna sitt forslag:

1 røysta for forslaget som fall

6 røysta i mot

 

Endeleg avrøysting punktvis:

Pkt. 1:

6 røysta for innstilling

1 røysta i mot

 

Pkt. 2:

6 røysta for innstilling

1 røysta i mot

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Formannskapet - 11.09.2006:

  1. Formannskapet godkjenner dei momenta som er lagt fram i saka som grunnlag for avtale med Berg-Jacobsen-gruppen om tomt for hotell på Murigrandane.
  2. Formannskapet viser til vedtak i kommunestyret for utvikling av området på Murigrandane, og finn ikkje grunn til å kunne overdra arealet til bruk for anna verksemd slik det er søkt om.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

Med bakgrunn i møte 13.07.06 mellom grunnkjøpsutvalet og Berg-Jacobsen-gruppen vil ein oppsummere eit grunnlag for å lage avtale.  Utgangspunktet er notat frå møtet frå Erik Berg som i stor grad oppsummerer dei drøftingane som har vore mellom Berg-Jacobsen-gruppen og grunnkjøpsutvalet.

 

Det ligg og føre førespurnad om kjøp av tomta mellom elva og Norddal elverk/Valldal Grønt frå Svein M.R.Andersen, Silje K.Tafjord, Stig Johnny Hoel og Ann Kristin Godø, dvs Remseth Maskin.  Brevet er vedlegg til saka.

 

Saksopplysningar:

Moment for avtale med Berg-Jacobsen-gruppen

1.      Norddal kommune overfører tomt til Berg-Jacobsen-gruppen for oppføring av hotell på område regulert for føremålet, storleik om lag 8 500 m2, som parsellar av 27/116, 117, 121, 122 og 4/33.

2.      Kjøpesum er kr 1. Kjøpar står for alle kostnader ved overdraginga.

3.      Tomta skal vere byggeklar.  Norddal kommune fører fram stikkleidningar for vatn, avløp og kablar til grunnmur.

4.      Norddal kommune fjerner eksisterande industribygg innan oppstart for nytt bygg.

5.      Norddal kommune opparbeider parkeringsplass på tomta i samsvar med vedtatt reguleringsplan og detaljplan for hotelltomt.  Parkeringsplassen skal ha offentleg funksjon ut over hotellet sitt behov.  Plassen blir opparbeid med fast dekke og beplanting.  Plassen blir eigd og driven av hotellselskapet.

 

I tilleg kjem og det sjølvsagte at vegnettet blir rusta opp og omlagt med køyreveg og gangvegar og at beplantingar blir gjennomført.  Alt dette i samsvar med reguleringsplanen og planteplanen for å få ei gjennomført utvikling og standard av området.  Dette treng ein ikkje take inn i ein avtale, men kanskje noko om at gjennomføring av reguleringsplan og planteplan skjer samstundes med tilrettelegging av hotelltomt.

 

Brev frå Remseth Maskin

Det blir retta førespurnad om å få kjøpe arealet mellom elva og Norddal elverk/Valldal Grønt for 3 mill.kroner, inkl. påståande bygg.  Ynskjemålet er å nytte dette til vidareutvikling av eiga verksemd, men og vere positive til nyetableringar på arealet.  Men arealet må då regulerast for slikt føremål.  Det er vist til at ekstern investor ynskjer å bygge på arealet med sterke føringar for den kommunale økonomien.  Det er så drøfta føremuner med å gjere det på denne måten i høve til kva som no blir lagt fram.  Det blir vist til brevet i sin heilskap.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Moment til avtale

Kommentar til punkta:

1.      Endeleg areal vil ligge føre ved endeleg avgrensa areal og oppmåling.

2.      Verdi kan settast til 1 mill.kr som er 117 kr/m2.  Dette må skrivast på skøytet som grunnlag for dokumentavgifta.

3.      Leidningsnettet ligg alt i området.  Kostnadene med framføring av leidningar vil vere relativt små.

4.      Kostnad med riving av eksisterande industribygg ligg i prosjektet Muriparken.

5.      Opparbeiding av parkeringsplass med beplanting vil ha kostnad på om lag kr 500 000 for 2 daa.

 

Førespurnad frå Remseth Maskin

Ei slik overdraging som det er søkt om krev ei anna regulering enn kva det er til no er lagt opp til.  Det ligg i intensjonen for Muriparkprosjektet og arbeidet med reguleringsplanen at området skal utformast med reiselivsprofil og som grønt-/serviceområde.  Det er og sagt at arbeidet blir gjennomført slik uavhengig kva som måtte skje med einskildprosjekt innanfor dette.  Vi er komen i ein slik fase i arbeidet no at det er ikkje opning for andre innspel og vurderingar lenger.  Innanfor dei rammene som er sette er det ikkje rom for ei avhending og slik arealbruk som det blir retta førespurnad om.

 

Stig Holmstrøm

 

Rådmann