NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    614

Saksmappe:          06/00084-1

Sakshandsamar:   Elisabeth Mansfield

Dato:                      31.01.06

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Leigekontrakt mellom Norddal kommune og Fjordhagen AS  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

014/06

Formannskapet

06.02.06

008/06

Kommunestyret

16.02.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Framlegg til leigekontrakt mellom Norddal kommune og Fjordhagen AS

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.         Formannskapet vedtek framlegg til leigekontrakt mellom Norddal kommune og Fjordhagen AS om leige av kontorlokale og tilhøyrande tomteareal i næringsbygget på Grandane som for tida er under oppføring.

 

2.         Rådmannen får fullmakt til å underteikne avtalen.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  06.02.06:

Signe Brenna kom med slikt forslag til eit nytt pkt. 3:

 

Leigekontrakten gjeld fram til 01.01.07 og ny avtale må vere framforhandla til det.

 

Det vart røysta punktvis:

Pkt. 1:  Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

Pkt. 2: Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

Pkt. 3:

3 røysta for Brenna sitt forslag som fall

4 røysta i mot

 

Det vart fremma mindretalsanke til kommunestyret som fekk 3 røyster.

Saka går til kommunestyret.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Innstilling i  Formannskapet - 06.02.06:

1.         Formannskapet vedtek framlegg til leigekontrakt mellom Norddal kommune og Fjordhagen AS om leige av kontorlokale og tilhøyrande tomteareal i næringsbygget på Grandane som for tida er under oppføring.

 

2.         Rådmannen får fullmakt til å underteikne avtalen.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Kommunestyret  16.02.06:

Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til vedtak:

1.         Norddal kommunestyre vedtek framlegg til leigekontrakt mellom Norddal kommune og Fjordhagen AS om leige av kontorlokale og tilhøyrande tomteareal i næringsbygget på Grandane som for tida er under oppføring.

 

2.                  Rådmann får fullmakt til å underskrive avtalen.

 

3.                  Kontrakten skal gjelde t.o.m 31.12.06, og ny avtale må vere framforhandla før dette.

 

4.                  Ved framforhandling av ny avtale, og fastsetjing av nye leigeprisar, skal det takast utgangspunkt i dei rente- og avdragskostnader kommunen har på bygget. Prisane skal baserast på at næringshagen skal dekkje desse kostnadane gjennom husleiga til Norddal kommune.

 

5.                  Norddal kommune kan etter søknad gå inn og redusere husleigekostnadene til Næringshagen og/eller einskildverksemder som er lokaliserte i næringshagebygget, på lik line med at ein, etter søknad, kan redusere leigekostnadene til andre verksemder som er lokaliserte i kommunale bygg.

 

Røysting:

  8 røysta for Signe Brenna sitt forslag som fall

12 røysta for innstillinga

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 16.02.06:

1.         Formannskapet vedtek framlegg til leigekontrakt mellom Norddal kommune og Fjordhagen AS om leige av kontorlokale og tilhøyrande tomteareal i næringsbygget på Grandane som for tida er under oppføring.

 

2.         Rådmannen får fullmakt til å underteikne avtalen.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

Saksgrunnlag:

Det ligg føre framlegg til leigekontrakt mellom Norddal kommune og Fjordhagen AS om leige av  næringsbygget på Grandane som er under ombygging og utviding.

 

Saksopplysningar:

Leigetilhøvet omfattar eit bruksareal på 672 m2 (NS3940) kontorlokalar og tilhøyrande tomteareal. Eigedomen vert utleigd i sin heilskap til kontorføremål. Føremålet er å framleige lokala til næringsverksemder og verksemder/ personar som direkte eller indirekte arbeider med næringsutvikling og verdiskaping.

 

I kontorbygget er det sett av nødvendig areal til Norddal kommune si næringsavdeling, samt avdelingskontoret til Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen AS som Norddal kommune har gitt tilbod om kontorplass.

Utleigeforholdet elles går fram av leigeavtalen som er vedlagt saka, men ein vil kort nemne at leigetilhøvet i fyrste omgong varer ut 2007 og kan då reforhandlast. Etter dette har leigetakar opsjon på å reforhande kontrakten kvart 5. år.

 

Når det gjeld leigesummen har kommunen v/ordføraren og rådmannen saman med styreleiar og dagleg leiar for Fjordhagen AS saman kome fram til ei leige for 2006 og 2007 på kr. 156 000 per år eller kr. 13 000 pr. md. Ved fastsetting av leigesummen har ein teke omsyn til brukar si leige og at Fjordhagen skal kome ut i pluss. For Fjordhagen AS, som har rett til framleige, har ein teke utgangspunkt i ei maksimal marknadsleige for brukar på kr. 600 per kvm/år. Til samanlikning betaler Destinasjonsselskapet i servicebygget på Sylte hamn kr. 714 og Berits gategrill kr. 1 000. Statlege kontor på rådhuset betaler frå kr. 450 til kr. 580. For Fjordhagen AS vil ei årleg leige på kr. 156 000  utgjere kr. 230 per kvm/år.

For kommunen sin del er det sett som eit minimum at renteutgifter vert dekt gjennom husleiga.

For ein kommune er det berre snakk om serielån, der kommunen får faste årlege avdrag og renteutgifter. Sett vi opp årlege kapitalutgifter der vi har eit låneopptak på 6 mill over 20 år og med ei rente på 2,5% evnt. (3%),  vil vi få faste avdrag på kr. 300 000 og ei renta som startar på kr. 150 000 (180 000) og som går nedover for kvart år.

Renta i kommunalbanken er for tida på 2,42%.

 

I tillegg til rentekostnadar på bygget vil kommunen få utgifter som teknisk drift og forsikringar. Teknisk drift kan ein anslå til kr. 15 000 per år og forsikringane er oppgitt til kr. 13 000  per år.

 

Leigetakaren må sjølv koste straum, kommunale avgifter, reinhald og snøbrøyting.

 

 

Saksvurdering og konklusjon:

Slik vilkåra går fram av avtalen ser ein vedlagt framlegg til leigekontrakt mellom Norddal kommune og Fjordhagen AS for 2006 og 2007 som akseptabel.

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann