NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    L80

Saksmappe:          04/00184-62

Sakshandsamar:   Øystein Klempe

Dato:                      05.09.06

 

Møtebok

                                  

 

 

Grunnavtaler for Åsevegen  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

093/06

Formannskapet

11.09.06

 

Utsendte saksdokument:

1

Grunnnavtale med Jostein Aase

2

Grunnavtale med Hans Muri

3

Grunnavtale med Silje Sandøy Grønning og Steinar Grønningsæter

4

Grunnavtale med Svein Skjong og Svein Linge

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

Formannskapet godkjenner fylgjande avtaler om grunn til Åsevegen slik dei ligg føre underskrivne:

1.      Avtale med Jostein Aase som eigar av gnr 3 bnr 4.

2.      Avtale med Hans Muri som eigar av gnr 4 bnr 1.

3.      Avtale med Silje Sandøy Grønning og Steinar Grønningsæter som eigarar av gnr 4 bnr 31.

4.      Avtale med Svein Skjong som festar av gnr 2 bnr 2 fnr 12 og Svein Linge som eigar av gnr 2 bnr 2.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  11.09.2006:

Svein Linge, Al gjekk frå som ugild – no 6 representantar

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Formannskapet - 11.09.2006:

Formannskapet godkjenner fylgjande avtaler om grunn til Åsevegen slik dei ligg føre underskrivne:

 

  1. Avtale med Jostein Aase som eigar av gnr 3 bnr 4.
  2. Avtale med Hans Muri som eigar av gnr 4 bnr 1.
  3. Avtale med Silje Sandøy Grønning og Steinar Grønningsæter som eigarar av gnr 4 bnr 31.
  4. Avtale med Svein Skjong som festar av gnr 2 bnr 2 fnr 12 og Svein Linge som eigar av gnr 2 bnr 2.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

I samband med prosjektplan og anbodsdokument for Åseveganlegget har det kome til ulike mindre ting som berører andre grunneigarar enn dei ein alt har avtale med.  Desse detaljane er det inngått avtale om, og avtalene ligg vedlagt saka. 

Saksopplysningar:

1.      Avtale med Jostein Aase, eigar av gnr 3 bnr 4

Dette gjeld grunn for snuplass dersom eks. Åseveg blir lagt ned som kommunal veg.  Snuplassen er med i anbodet.  På kartet vedlagt avtalen er denne avmerkt med B.  Avtalen gjeld om lag 150 m2 skogsgrunn med pris 6 kr/m2 og elles vanlege vilkår.

 

2.      Avtale med Hans Muri, eigar av gnr 4 bnr 1

Dette gjeld og grunn for snuplass dersom eks. Åseveg blir lagt ned som kommunal veg.  Snuplassen er med i anbodet.  På kartet vedlagt avtalen er denne avmerkt med A.  Avtalen gjeld om lag 150 m2 skogsgrunn med pris 6 kr/m2 og elles vanlege vilkår.

 

3.      Avtale med Silje Sandøy Grønning og Steinar Grønningsæter, eigarar av gnr 4 bnr 113

Dette er den eigedomen kommunen selte ved sida av Solstad i Pesvingen.  Det går med om lag 35 m2 av ytste og nedste hjørne som er regulert til vegføremål.  For dette er det avtalt 20 kr/m2 som er vanleg pris tun/hage til vegføremål.  Vidare er hjørne på eigedomen teke til anleggsveg, og dette må ryddast opp og stellast til etter at veganlegget er ferdig.  Nivået på vegen er senka med 0,5 meter i høve til tidlegare forslag.

Kommunen selte eigedomen med hefte for skogsveg for gnr 4 bnr 3, og dette må kommunen sørge for blir avløyst når Åsevegen er ferdigstilt.

Elles er det vanlege vilkår.

 

4.      Avtale med Svein Skjong, festar av gnr 2 bnr 2 fnr 11, og Svein Linge, eigar av gnr 2 bnr 2

Dette er den nedste bebygde hyttetomta i hyttegrenda på Lingås.  Vegen skjer seg inn i nedkant av tomta.  Ved å sette opp ein låg mur langs vegen, minimaliserer ein inngrepet og unngår å måtte skyve vegen nedover, noko som eigentleg vanskeleg let seg gjere.  I tidl. Grunnavtale med Svein Linge er det lagt inn opparbeiding av avkøyrsle til tomta.  Denne blir flytta til det ytste hjørnet. 

Erstatning tilfell grunneigar, og i dette høvet vil medgått areal bli kompensert med nytt areal på sørsida.  Difor skriv og grunneigar under på avtalen.

Elles er det vanlege vilkår.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Alle vilkår som er avtalt ligg innanfor rammene av kva som har vore i tidlegare avtaler om grunn på Åsevegen.  Det er tilstrekkeleg at formannskapet kan vedta desse avtalene.

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann