|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12 &21
Saksmappe: 06/00454-2
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 04.09.06 |
Privat forslag til
reguleringsendring for Eidsvatnet hyttegrend
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
11.09.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Brev frå Eidsvatnet Hyttegrend DA v/Petter Eide, dagsett 04.06.06 |
|
Ikkje utsendte
saksdokument:
Reguleringsplan m.føresegner for Eidsvatnet hyttegrend
Det faste utvalet for plansaker viser til føresegnene for reguleringsplan Eidsvatnet hyttegrend, som er eit mål for planen, og vil ikkje endre krava som er sette til takvinkel.
Det faste utvalet for plansaker viser til føresegnene for reguleringsplan Eidsvatnet hyttegrend, som er eit mål for planen, og vil ikkje endre krava som er sette til takvinkel.
Det ligg føre privat forslag til endring av føresegnene for Eidsvatnet hyttegrend med omsyn til takvinkel. Takvinkel er omtalt i føresegnene pkt.2.3 1.avsnitt.
2.3 Hovudmøneretning er fortrinnsvis i dalretninga, dvs langs høgdekotene. Det skal nyttast saltak med takvinkel mellom 28 og 35 grader. Taket skal fortrinnsvis tekkast med torv, men som mellombels tekke kan nyttast papp.
Det er søkt om mindre vesentleg reguleringsendring.
Takvinkel i føresegnene er 28 – 35 gr, og det bør vere meir romsleg. Det blir vist til at det er gitt avslag på ein søknad, og det har og skjedd ved eit par andre høve. Dette skal vere hytter frå velrenommerte leverandørar, og difor bør ein endre krava og godta ned til 23 gr. I området er det fleire hytter som har denne takvinkelen, og mangfald tek seg betre ut enn stereotypi. Snøtyngde vil ikkje vere noko problem.
Takvinkel er eit vesentleg element i oppfatning av ein bebyggelse, kanskje meir enn storleik. Inntrykk av storleik kan variere etter prorsjonar og fargebruk. Variabel takvinkel gir eit uregelmessig inntrykk og splittar bebyggelsen. Det vil ikkje ta seg betre ut enn takvinkel innafor eit begrensa intervall. I gamle tun er takvinkel jamt over heilt eins. Dette skuldast gjerne torvtaket som krev 33 – 35 grader, samt tradisjon. Slike tun viser og ein heilskap i bebyggelsen.
I hyttegrenda på Eide er det alt kome opp fleire hytter. Ei endring av takvinkel no vil gje eit brigde i høve til det som til no har blitt bygd.
Nett denne parameteren bør ein vere bevisst på og halde på. Det har og synt seg at i dei to byggesakene som har vore, har ein kome fram til ei løysing.
Ein viser til vedtatt reguleringsplan og intensjonane med den, og vil la planen stå uendra.
Etter samråd med fylket er saka vurdert som ei vesentleg reguleringsendring.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
Rådmann |
|
|
|
|
|
|
|