|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 1/30
Saksmappe: 06/00503-4
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 21.08.07 |
Utfylling av masse rundt
naust/flytebrygge gnr 1, bnr 30 Kirsti Longva
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
27.08.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad dagsett 19.06.06
Situasjonskart, M= 1:1000
Teikningar dat. 20.02.07 som syner planlagt tiltak
Uttale frå Kystverket dagsett 27.04.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
Brev av 28.03.07 om uttale - Kystverket
Søknaden av 19.06.06 om utfylling rundt naust og flytebrygge i Lingebugen under gnr. 1, bnr 30, Skorpa, vert godkjent på følgjande vilkår:
1. Utfyllinga skal innskrenkast til å omfemne ei fylling som maksimalt går 2 m nedom langveggen (syd) på naustet og med ei vanleg stø med vor vendt utover (vest).
2. Flytebrygge med båtplass for Skorpa kan etablerast mot land på fyllinga; jfr. pkt 1.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 27.08.07:
Forslag frå Arne Sandnes til nytt pkt. 2:
Det faste utvalet for plansaker vedtek at det så snart som muleg vert utarbeidd forslag til ein strandsoneplan med retningsliner for arealbruken på strekninga Muribugen – Linge ferjekai.
Røysting:
Det vart først røysta over innstillinga:
Pkt 1 vart samrøystes vedteke
Pkt 2 fall med 2 mot 5 røyster
Det vart så røysta over forslaget frå Arne Sandnes til nytt pkt 2:
Samrøystes i samsvar med forslaget frå Arne Sandnes
Søknaden av 19.06.06 om utfylling rundt naust og flytebrygge i Lingebugen under gnr. 1, bnr 30, Skorpa, vert godkjent på følgjande vilkår:
1. Utfyllinga skal innskrenkast til å omfemne ei fylling som maksimalt går 2 m nedom langveggen (syd) på naustet og med ei vanleg stø med vor vendt utover (vest).
2. Det faste utvalet for plansaker vedtek at det så snart som muleg vert utarbeidd forslag til ein strandsoneplan med retningsliner for arealbruken på strekninga Muribugen – Linge ferjekai.
Søknaden gjeld utfylling av masse rundt eksisterande naust samt etablering av permanent flytebrygg på eigedomen Skorpa, gnr. 1/30 i Lingebugen.
Saka har vore oversendt Kystverket Midt-Norge for handsaming etter ”Havne- og farvannsloven”; jfr. vedlegg.
Så vidt ein kjenner til hadde Skorpa opphavleg eit lite og lavt naust i lafta tømmer med stø vendt innover. Dette naustet kom midt i lina ved bygginga av riksvegen mellom Lingeneset og Sylte og naustet vart rive. I staden for det gamle naustet vart det bygt eit nytt naust på nedsida av vegen på betongpålar med renne/rampe av trematerialar vendt utover.
Grunnen til at naustet vart sett på pålar, ein måte som er uvanleg, var truleg mangel på lageleg stein og kanskje at det var kostnadssparande.
Søknaden som no ligg føre av eigaren av Skorpa inneber ei høvleg stor og synleg fylling der naustet står godt ”på nytt land”; jfr. saksvedlegg.
Kystverket si handsaming av saka og godkjenning ligg føre; jfr. saksvedlegg
Denne saka ser ein på som prinsipiell i høve korleis vi vil at strandlina vår skal sjå ut og disponerast.
At eit naust står ”på land” er naturleg og ei utfylling for Skorpe-naustet som inneber at ein kan gå rundt og halde vedlike bygninga på normal måte, finn ein rimeleg. Likeså finn ein det naturleg at det kan etablerast eit tilflot frå naustet på vanleg måte med stø og vor. Flytebrygge må kunne etablerast opp mot land utan å fylle ut ein ”pir” som planlagt.
Derimot ser ein på ei så stor utfylling rundt naustet som synt i saksvedlegga som unaturleg. Saka ser ein på som prinsipiell og ei sak som kan skape presedens for ikkje berre for Linge-området, men også elles i kommunen.
Kystverket har vurdert saka etter sitt lovverk og finn at ei utfylling som søkt om ikkje er til hinder for den vanlege ferdsel på sjøen.
Linge er av dei mest verdfulle grendene vi har i kommunen. Ei fylling i sjøen som planlagt vil verte svært synleg frå riksvegen (nasjonal turistveg).
Ideelt sett burde det vore vedteken ein eigen detaljplan for dei sjønære områda på Linge (og elles) som tok opp i seg problematikken omkring utfyllingar, flytebrygger, vorar, pirar osv.
Utvalet vert rådd til å foreta synfaring på området før det vert gjort vedtak.
Eit vedtak i tråd med innstillinga kan klagast på innan 3 veker etter dei vanlege reglane (Forvaltningslova).
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|