NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    614

Saksmappe:          06/00759-15

Sakshandsamar:  

Dato:                      21.08.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

Avtale om leige av Fjørå skule  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

091/07

Formannskapet

27.08.07

094/07

Formannskapet

17.09.07

 

Utsendte saksdokument:

Framlegg til leigekontrakt mellom Norddal kommune som utleigar og Tineke og Jos Verpaalen som leigetakar vedk. leige av Fjørå skule

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

Formannskapet gjer vedtak om å selje eigedomen 32/7 Fjørå skule.

 

 

 


Handsaming i Formannskapet  27.08.2007:

Ordføraren kom med forslag om å utsetje saka.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar medordføraren sitt forslag.

 

 

 


Vedtak i  Formannskapet - 27.08.2007:

Saka vert utsett.

 

 

 


Handsaming i Formannskapet  17.09.2007:

Merete Løvoll Rønneberg kom med slikt forslag til vedtak:

Formannskapet vil leige ut Fjørå skule i ein tre-årsperiode, i samsvar med avtale vedlagt saka, med denne endringa:

-         Husleiga vert sett til kr. 4.500,-

 

Røysting:

7 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag

0 røysta for innstillinga

 

 

 


Vedtak i  Formannskapet - 17.09.2007:

Formannskapet vil leige ut Fjørå skule i ein tre-årsperiode, i samsvar med avtale vedlagt saka, med denne endringa:

-         Husleiga vert sett til kr. 4.500,-

 

 Saksgrunnlag:

Med tanke på framtidig bruk av Fjørå skule har administrasjonen fått i oppgåve å gå i forhandlingar med Jos og Tineke Verpaalen om utleige av Fjørå skule.

 

Saksopplysningar:

Fjørå skule er ei trebygning frå 1936 beståande av kjellar, 1. etg., loft og kaldloft. Tilbygget med eit bruttoareal på 120 m2 stod ferdig i 1996 og er bygd på eit plan, der loftet som er over kan nyttast til lager. Skulen er utrekna med eit totalt bruttoareal på 415 m2. Leigetakar ser nybygget som den delen dei vil nytte til forretning medan ”gamleskulen” er tenkt til bustad.

 

Kommunen har i dag følgjande årlege utgifter med bygget:

 

UTGIFTER

BELØP (kr.)

 

 

Kapitalkostnader (renter og avdrag) berre nybygget

112 500

Kommunale avgifter (renovasjon, kloakk, slam)

6 500

Vassavgift til Fjørå vassverk

2 500

Forsikring med innbu

5 000

Nettleige straum (snitt av 2004-2006)

20 000

Straum (snitt av 2004-2006)

11 000

Vedlikehald (kr. 100 pr. m2 pr. år)

40 000

 

Å rekne forretningsmessig ved at kommunen skal dekke inn alle sine utgifter med bygget, må ein sjå  som uaktuelt i dette høvet. Aktuell leigetakar har kome med eit tilbod som lyder på kr. 4 000 pr. månad i husleige. I avtalen har ein lagt fram forslag om at utleigar dekker alle utvendige vedlikehaldsutgifter og større tekniske installasjonar innvendig i bygget. Leigetakar dekker innvendig evnt. nye installasjonar som er til forbetringar når det gjelder komfort. Vidare går det fram av avtaleforslaget at leigetakar betaler for straum, brensel, telefon, internett, tv og brøyting. Kommunen står elles for alle kommunale avgifter innkl. feieavgifta, forsikring av bygget med kommunalt innbu og sist men ikkje minst kapitalkostnadane for nybygget.  Leigeavtalen vert tidsavgrensa med ei leigetid på tre år med høve til forlenging.       

 

Saksvurdering og konklusjon:

På vilkår som går fram av framlegg til leigeavtale mellom Norddal kommune og Tineke og Jos Verpaalen legg administrasjonen fram sitt forhandlingsresultat vedk. utleige av Fjørå skule.

Det synast ikkje mogleg å få til ein leigeavtale som gir inndekning av kommunen sine kostnader ved bygget. Med utgangspunkt i den leigeprisen som synest realistisk, ligg det tvert imot inne ei kommunal ”subsidiering” på ca. kr. 116 000 i året. Ut i frå dette vil ein på ny tilrå sal av bygningen.

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann