|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: A60
Saksmappe: 06/00859-6
Sakshandsamar: Stig Holmstrøm Dato: 20.08.07 |
Søknad om prosjektstøtte til
Prosjekt Norges Friluftshøgskole for 2007
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
27.08.07 |
Utsendte saksdokument:
|
Søknad med vedlegg frå styringsgruppa for Prosjekt Norges Friluftshøgskole |
Ikkje utsendte
saksdokument:
Handsaming i Formannskapet 27.08.2007:
Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag:
1. Norddal kommune ventar med å løyve meir enn kr 100 000,- som det allereie er gitt tilsagn om, til prosjektet Norges Friluftshøgskole er meir lokalt forankra. Dialog med eksisterande aktørar innan dette feltet og kartlegging av lokale ressursar er avgjerande.
2. Norddal kommune må få meir utfyllande informasjon om kva prosjektet vil innebere for vår kommune før det kan løyvast meir økonomisk støtte.
Signe Brenna trekte seinare sitt forslag.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Næringsutvalet gjorde i møte 11.12.06 følgjande vedtak:
Næringsutvalet
stiller seg positivt til deltaking med
kr 100.000 i forprosjekt for etablering av Norges Friluftshøgskole, og ber om å
få lagt fram sak om dette til første møte i Næringsutvalet i 2007.
Næringsutvalet
føreset at Norddal kommune får delta i styringsgruppa, og at ein del av
opplæringstilbodet vert lagt til Norddal og Stranda kommune.
Vedtaket vart gjort på bakgrunn av orientering og henvending frå styringsgruppa (dåverande) for prosjektet, basert på førebelse vurderingar av prosjektomfang og –kostnader, og var å sjå på som eit intensjonsvedtak.
Det er no kome konkret søknad om kr.200.000,- i prosjektmidlar for 2007.
Sidan næringsutvalet sitt vedtak har ordførar deltatt i styringsgruppa sine møte, og er vald til nestleiar. Det er halde ei rekkje møte med aktuelle sentrale offentlege aktørar, organisasjonar og private bedrifter, i tillegg til møte på statssekretærnivå i Landbruks- og matdepartementet, Kommunaldepartementet, Miljøverndepartementet og Kunnskapsdepartementet for å orientere om prosjektet og å sikre god forankring. Tilbakemeldingane har vore positive.
Målsettinga for Prosjekt Noregs Friluftshøgskole er ambisiøs:
”…å etablere en ny, statlig, nasjonal profesjonshøgskole – Norges Friluftshøgskole – som skal bli en internasjonalt ledende profesjonshøgskole for utdanning av guider, vertskap og tilretteleggere innen natur-, kultur- og friluftsveiledning og bærekraftig reiseliv, med hovedbase i Hemsedal og en kystbase på Sunnmøre.” (Søknaden s. 1)
Rådmannen viser til dei tidlegare orienteringane som er gitt, og til søknaden med vedlegg for utdjuping av innhaldet i prosjektet.
Rådmannen vurderer det slik at dette er ei viktig sak og eit prosjekt av pionerkarakter som har potensiale i seg. For Norddal som na-ku-hel-kommune, med ønske om å satse breitt på reise- og friluftsliv , vil etablering av eit høgskuletilbod vere eit viktig bidrag i tilrettelegging for slik satsing. Gjennom deltaking i prosjektet og evt. etablering av slikt høgskuletilbod, vil det m.a. kunne gjere det muleg å utnytte verdsarvstatusen betre i reiselivssamanheng, og i endå større grad profilere kommunen sine naturgitte kvalitetar.
Rådmannen meiner prosjektet fell godt saman med målsettingane i kommuneplanen sin samfunnsdel for vidareutvikling av kommunen, og den satsinga som allereie er sett i gang gjennom ulike tiltak/prosjekt/etableringar.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|